fredag 26. mars 2021

Den vakre sanninga

Eg las nettop om ein norsk dominikanarmunk som vart spurt om kvifor han vart dominikanarmunk. Han svara at det mellom anna var fordi dominikanarordenen har Veritas (sanning) som hovedmotto. Og så presiserer han; ikkje sanning forstått som noko vi kan gripe, men noko vi kan gripast av. Det var noko som greip meg når eg las dette. Han sette ord på ein av ingrediensane i min lengsel som pilgrim. 

I den Katolske katekismen står det at "sannheten er i seg selv vakker. Den bærer med seg den åndelige skjønnhets glans". Også dette greip meg, dette med den vakre glansen. 

Den vakre sanninga.
Den åndelege glansen.
Jesus
(bilete: Dag Knardal)

Men så er der noko med sanning som lett blir hardt, lovmessig og alt anna enn vakkert. Det er sant! Det er ikkje sant! Det er løgn! Dei lærde stridast og debattane blir knallharde. 

Dei siste 25 åra har eg lese mykje teologi. Det har vore ei leiting etter sanning. Det tok ikkje lang tid før eg forstod at der er mange meiningar om kva som er sant og ikkje sant, rett og gale, bibelsk og ubibelsk. Det er harde frontar, spesielt i USA, og debattane går på ukristeleg vis. Ordet vranglære blir flittig brukt. Ikkje minst i kommentarfelt på debattinnlegg og bloggar. Dei ulike synspunkta manifisterer seg i tusenvis av ulike kirkesamfunn, tusenvis av retningar med sin hyrdar og profetar. Også internt i mange kirkesamfunn er det splid, krangel, uro og forvitring.

Kven har rett? Kven kan ein stole på?

Eg har sjølv vore med og diskutert. Av og til har eg "vunne" ein debatt. Har det vore vakkert? Nei.

For meg som var på leiting etter sanninga vart dette etterkvart svært frustrerande. Det gjekk så langt at eg tok til å tvile på heile greia . . . 

I si yppersteprestlege bøn i johannes kapittel 17 ber Jesus blant anna: "Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg."

I 1. korinterbrev kapittel 12 brukar Paulus ein metafor om at vi (kykja/dei kristne) er ein kropp med mange lemmer og at Jesus er hovudet. Altså ein kropp! Ikkje mange kroppsdelar som er slengt utover, men ein kropp!

Der er noko med dagens situasjon som er langt borte frå det Jesus ber om og det Paulus underviser om. Ein kan åndeleggjere dette og sei at åndeleg, så er vi eitt, der er ei universell kyrkje, vi er ein kropp, anten vi vil eller ei.

Som sagt, på vandring i dette ulendte terrenget vart eg i villreie. Eg hadde gått meg vill. Dei tusenvis av hyrdane ropte gå dit, nei gå dit, nei nei nei, du må ikkje finne på å gå dit. Dei var som eit dysfunksjonelt kompass, der pila svirra rundt i alle retningar.

Eg trur at både Jesus og Paulus faktisk ba om og snakka om ein "fysisk" kropp, ei Kirke. 

På eit tidspunkt i vandringa mi, på mystisk vis, resulterte leitinga og lengselen min etter sanning i at eg tok til å orientere meg mot den Katolske kyrkja. Det er berre eit halvt år no sidan dette starta. Det er ei lang historie som eg vil kome tilbake til, men det viktigaste no er at det har teke til å boble og bruse inni meg. Ei kraft og ei glede eg ikkje har kjent på mange mange år. 

Og sentralt i dette er glansen av den vakre sanninga. Eg er no på vandring i dette vakre landskapet, og ser stadig glansen av vakre "ting" som ikkje er så lette å sette ord på. Eg trur faktisk ein må bruke bilete, poesi eller musikk for tilnærme  seg dette på sømeleg vis.


fredag 5. mars 2021

Kva skal eg bli?

Ikkje for å skryte, men eg har gjort mykje rart. 

Eg er utdanna elektroingeniør. Eg har jobba med ingeniørgreier, på kontor i Trondheim, Oslo, Ålesund, Bergen, Kristiansund, Nantes og Toulon, og "ute i felten" i Quatar, Nordsjøen, Kollsnes, Stord og Vats. Dei siste fire åra har eg vore ansatt i NAV, . . av alle plassar. 

Eg har vore pastor/kirkeplantar i Sykkylven og Bergen, og er amatørkunstnar som har laga maleri og teikningar, songar og diverse skriblerier. Eg er familiemann med verdens beste kone, Ingrid, og verdens beste born, Sigve, Ragna og Helga. Som familie, frå vi var berre to til vi vart berre to igjen, har vi budd ti plassar i Norges land, og har no landa i min barndomsheim på Rovde, i Vanylven, på Sunnmøre, . . trur eg.

Og heile tida, medan alt dette har skjedd, har eg lurt på kva eg skal bli når eg blir stor. Og no blir eg snart stor. Onsdag i neste veke blir eg pensjonist, førtidspensjon med AFP. Kva no?

Eg kallar bloggen Pilegrim, med bakrunn i det eg nettop har nevnt. Eg er på vei, med mine erfaringar, gode og vonde, med mine evner, med mine håp og lengslar, for meg og mine og alle andre.

Kvar skal eg gå og kva skal eg bli?

Denne bloggen vil bestå av glimt, observasjonar og tankar på vegen, gamle og nye innslag i uordna rekkefølge.

Dette skreiv kona mi på Facebook den dagen eg vart pensjonist: "No Dag kan du kose deg med å grave i jorda og sjå på fuglane som flyg forbi😀 Gratulerer med godt gjennomført arbeidsliv for å tjene til livets opphold👏🏼 No kan du nyte og legge opp dagane akkurat slik du vil ( og som eg vil 😂). Gler meg til alt det kjekke vil skal finne på❣️ ( Biletet er signert Dag Knardal)"