Viser innlegg med etiketten bøn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bøn. Vis alle innlegg

fredag 29. august 2025

I'd Love to Change the World

 I 1982/83 kjøpte eg ei LP-plate, eller kanskje var det ein kassett, med det britiske bandet "Ten years after". Tittelen på albumet var "A space in time" og vart utgitt i 1971. Vi (eg, Ingrid og to små born, Sigve og Ragna) budde denne tida på Melhus, og eg pendla til Trondheim der eg jobba i eit rådgivande ingeniørfirma med det velklingande navnet IGP AS. Eg hugsar eg høyrde mykje dette albumet, men det var spesielt ein song som festa seg i øyregongane. Songen hadde tittelen "I'd Love to Change the World".


Ten years after - A space in time

Her er musikkvideoen:


Her ein dag kom eg til å tenkje på denne songen. Av ein eller annan grunn. Eg tok difor og søkte opp albumet i Apple Music. Det viste seg at nettop songen "I'd Love to Change the World" er den mest populære låten til bandet. Så eg spelte den nokre gongar og ein god nostalgi fylte meg. Dei tre første setningane i refrenget er slik:

I'd love to change the world
But I don't know what to do
So I'll leave it up to you

Teksta generelt handlar om ei forvirra verd og peikar på mange ting som er gale i samfunnet. Til sist nevner den krig, som i 1971 handla om Vietnam-krigen. Ein slags protestsong der eg trur refrenget er sarkastisk. I don't know what to do, so I'll leave it up to you.

Alt dette fekk meg til å reflektere over verda vi lever i idag. Medan eg reflekterte forsvann den gode nostalgiske kjensla. Verda vi lever i, krigane som pågår for fullt og som fyller nyheit-sendingane kvar ein bidige dag. Daglege doser med folk som blir drept. Soldatar, sivile, kvinner og barn. Konsekvensane. Umenneskelege lidelsar. Flyktningar i hopetal. 

Makta; Trump, Putin, Netanyahu, Hamas, Nato, FN, og så vidare.

Eg kan berre observere alt dette, bli deprimert, resignere og sei: I'd love to change the world, but I don't know what to do. 

Eller vent no litt, der er faktisk noko eg kan gjere. Eg er kristen og eg trur på Jesus Kristus, frelsaren, redningsmannen. Eg kan be han gripe inn. Eg kan be saman med millionar av andre kristne om fred. At han som også blir kalla fredsfyrsten skal gripe inn, at han skal mobilisere dei himmelske hærskarane av englar, med erkeengelen Mikael i spissen og skape fred. Eg kan be for Trump, Putin, Netanyahu, Hamas, Nato, FN, og så vidare.

Javisst, eg kan be. 
Det er makt i de foldede hender. 
Eg kan be og det kan du også.

mandag 6. mai 2024

Angelus på bedehuset

Laurdag 27.april var eg på basar på bedehuset på Rovde. For dei som lurer på kva basar er, så er det ein kombinasjon av lett program, sang, allsang, andakt, mat (kaffe, smørbrød og kaker levert av eldsjeler) og utlodding av gevinstar. Inntekt gjekk til vedlikehald av bedehuset. Ei god sak altså.

Der var ganske mykje folk, ikkje minst fordi eit barnekor deltok og trekte med seg mange stolte foreldre.

Midt i matpausa, under nyting av sveler, rundstykke med egg og laks, diverse kaker og kaffe, kika eg opp på veggen i hjørnet der eg sat, bakerst i salen på venstre side. 

Då seg eg plutseleg Angelus. Ein brodert versjon av Angelus:

Ein brodert Angelus.


Då lurer du vel på kva Angelus er for noko? Vel det er ei bøn, ei svært mykje brukt katolsk bøn. Personane på bildet ber Angelus. Klokka er kansje tolv (som er og var ei vanleg tid å be bøna på), og kirkeklokkene har sikkert minna dei på, med 3 x 3 slag, at no er klokka tolv og det er tid for å ta pause i arbeidet på marka og be. 

Her er eit foto av originalbildet:

 
Angelus, oljemaleri av Jean-François Millet (1859)

For meg personleg har dette bildet ei spesiell forhistorie. Mot slutten av 2020 og starten av 2021 tok eg til å nærme meg den katolske kyrkja. Eg har skrive litt om dette i dei første bloggane mine. Det var i denne prosessen, som var sterk og kjenslelada, at eg kom over dette bildet. 

Det var noko i bildet som umiddelbart rørte ved meg, ikkje minst når eg tok til finne ut meir om bakrunnshistoria for motivet. Eg såg føre meg at lignande ting hadde utspelt seg på markana her på Rovde i katolsk tid. Kven veit? 

Eg tok og laga ei utskrift på ein fargeskrivar og hadde det på skrivebordet mitt heilt til vi reiste til Houston, Texas i november same året. Då tok eg med bildet berre for å ha det å sjå på av og til. Bildet vart verande igjen i Houston utan at eg hugsar kvifor. Neste gong vi reiste dit hadde Helga (vår datter som bur der med sin vesle familie) ramma det inn og satt det vinduskarmen på gjesteromet som vi brukar når vi er der.

Angelus i vinduskarmen mot bakgården.
Bildet gjer noko med heile romet.

Angelusbøna heiter det den heiter fordi den tek utgangspunkt i engelen Gabriel sin bodskap til Maria om at ho skal få ein son, avla ved Den Heilage Ande, som ho skal gi namnet Jesus. Angelus tyder altså engel.

Her er bøna, i min nynorske versjon. Eg har lagt inn bibelreferansar i parantes:

------

Herrens engel bringa Maria den glade bodskapen.
Og ho avla ved Den heilage Ande.
(Luk 1,35)

Ver helsa, Maria, full av nåde, Herren er med deg. (Luk 1,28)
Velsigna er du blant kvinner, og velsigna er ditt livs frukt, Jesus * (Luk 1,42)
Heilage Maria, Guds mor, (Luk 1,43)
be for oss syndarar, no og i vår dødstime. (Jak 5,16) Amen.

Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt. (Luk 1,38)

Ver helsa, Maria, full av nåde, Herren er med deg.
Velsigna er du blant kvinner, og velsigna er ditt livs frukt, Jesus * 
Heilage Maria, Guds mor, 
be for oss syndarar, no og i vår dødstime. Amen.

Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss (Joh 1,14)

Ver helsa, Maria, full av nåde, Herren er med deg.
Velsigna er du blant kvinner, og velsigna er ditt livs frukt, Jesus *
Heilage Maria, Guds mor,
be for oss syndarar, no og i vår dødstime. Amen.

Be for oss, Guds heilage mor. At vi må bli verdige til Kristi løfter. (2. Tess 1,11)

Lat oss be: Vi ber deg, Herre, fyll våre hjarte med din nåde, så vi som ved engelens bodskap har erkjent at Kristus, din Son, har blitt menneske, ved hans lidelse og kors må bli ført til oppstandelsens herlegdom. Ved han, Kristus, vår Herre. Amen.

------

Når ein nemner namnet Jesus i bøna, merka med *, bøyer ein seg for Jesus, kongenes konge. 

Vel, det var artig å sjå Angelus på bedehuset, og så passa det det bra å skrive om dette no i mai. Mai er nemleg ein månad som etter tradisjonen er via til Maria.

søndag 8. oktober 2023

Messe i Volda, og ein profeti.

I går, laurdag 7. oktober 2023, var eg på katolsk messe i Volda. Det var godt å vere med på messe i Volda igjen etter eit langt avbrekk, ein tre vekers tur til våre kjære i Houston Texas. Vi var på katolsk messe i Houston også, nermare bestemt i Magnolia. Og det var fint, men det er altså forsamlinga i Volda som er vår forsamling.

Dessverre er det messe i Volda berre ein gong i månaden. For oss som er bygde-katolikkar, må ein då spe på med messe i Ulsteinvik og Ålesund, eller sjå den på TV. 


Uppheim i Volda.

I Volda vert dei fleste messene gjennomført i ei bygning som heiter Uppheim, samlingsstaden til Volda KFUK-KFUM. Messene er oftast i kjellarlokalet,  ikkje av dei mest estetiske lokala eg har sett. 

Likevel er det godt å være der. I går var det spesielt godt. Det var ei sånn god atmosfære, og det er det oftast. Også pater Waldemar har registrert dette. Etter messa sa han at det alltid er så godt å kome til Volda, fordi det er så god atmosfære. Det er Den Hellige Ånd, sa han med eit smil.

I talen nevnte diakon Svein Kvamsdal ein gamal profeti av sjølvaste Sigrid Undset. Nobelprisvinnaren i litteratur, som no har fått selskap av ein annan katolikk, nemleg Jon Fosse. 

I 1927 profeterte Sigrid Undset at antal trufaste kristne i Europa ville minke. Ho forutsåg imidlertid også at det ville kome misjonærar frå andre verdsdelar som ville snu utviklinga og føre den kristne, katolske trua tilbake til Norge. 

Sigrid Undset har fått rett i begge deler, sa biskop Bernt Eidsvig i ein tale i 2013. Du kan lese meir om talen og profetien i denne bloggen; Sigrid Undsets profeti går i oppfyllelse nå

No, ti år seinare er det enno meir tydeleg det som skjer. Den katolske kyrkja har vokst mykje og den mest nærliggande forklaringa på det er nettop at det har kome svært mange katolikkar frå andre land, mange andre land, og blitt verande her. Og alle desse set sitt preg på messen.

Ja dei er absolutt misjonærar.
Sjølv om dei kanskje ikkje ser på sjølv som misjonærer.

Dei har med seg noko som er gull verdt for oss innfødde. Dei har med seg noko som dei har vakse opp med, noko dei har fått inn med morsmelka, noko som sit i kroppen, ekte og levande. Og smittande.

Når eg såg rundt meg på messa, så var sikkert 80 - 90 prosent av dei som var der opprinneleg frå eit anna land. Kor mange nasjonar som var representert veit eg ikkje. Uansett; dei sang, dei knelte, dei korsa seg. Dei uttrykte alvor og respekt, glede og fridom. 

Der var også nokre innfødde gjestar tilstades, ikkje katolikkar etter alt å døme. Eg såg på dei at det gjorde inntrykk det som gjekk føre seg. Jauda, pater Waldemar hadde nok heilt rett. Den Heilag Ande var der og gjorde sitt verk.

Guds rike kom nær.
Himmelen kom nær.

Eg ber om det skal utvikle seg slik at vi får messer i Volda kvar veke, også på kvardagar.
Eg dristar meg også til med å be om eige lokale, eit eige estetisk lokale.
Amen.

 


onsdag 26. april 2023

Ingrid si sterke historie om Jesu nærvær

For mange år sidan, mot slutten av 90-talet, reiste Ingrid (min kjære) saman med ei venninne på ein kristen konferanse i forsamlinga Oslo Vineyard. Temaet for for konferansen var "Indre helbredelse" og Andrew Comiskey frå Desert Stream var hovudtalaren. 

På eit av møta på laurdag, tok Ingrid til å tenke på ei traumatisk oppleving ho hadde hatt då ho var tenåring. Det gjorde svært vondt å tenke på desse minna. Ho gjekk ut av møtelokalet og inn i skogen på utsida, grinande og fortvila over at Dag (meg) ikkje var med. Etter kvart gjekk ho inn igjen der det no var felles lovsong, og folk stod spreidde rundt omkring i salen.

Ho fann ein plass og stå og stod der med lukka auge og bad "kjære Jesus, kom å hjelp meg, dette klarar eg ikkje åleine". Plutseleg kjende ho det tok til å blåse rundt henne. Den gråruta fotside kjolen tok til å blafre. Ho såg seg rundt for å finne ut kvar vinden kom frå, om det var eit ope vindauge eller noko. Men nei det var det ikkje, og vinden bles kun rundt henne.

Ho let att augene igjen og bad vidare. Då kjende ho at nokon kom tett innåt henne, og ei hand som tok eit fast og trygt grep rundt henne. Ho åpna augene igjen, men såg ingen ting, samstundes som ho fekk ei vissheit om at Jesus hadde høyrt bøna, at Han var der, at ho ikkje var åleine, at ho var trygg. Igjen braut ho saman i gråt, men denne gongen var det gledestårer. Det gjekk ikkje lenge før ho gav seg over i lovsangen og sang av full hals.


Appearance of Christ

av Ivanka Demchuk,
Ikonkunstnar frå Lviv i Ukraina
brukt med tillatelse frå kunstnaren

Seinare kjende Ingrid at det vonde var borte som dogg for sola. Heilt borte. Minna var der framleis, men smertene var helbreda, såret var grodd. Ho fekk eit møte med den levande, oppstandne Jesus Kristus. Han høyrde hennar bøn om hjelp, kom nær, tok rundt henne og helbreda henne. På ein konferanse om indre helbredelse, var det nettop det som skjedde.

Denne historia har Ingrid delt med andre utallige gongar, og den har alltid hatt ei sterk kraft i seg. Det har den framleis. Eg tenkte at no var det på tide å skrive den ned og dele den her på bloggen.