mandag 6. mai 2024

Angelus på bedehuset

Laurdag 27.april var eg på basar på bedehuset på Rovde. For dei som lurer på kva basar er, så er det ein kombinasjon av lett program, sang, allsang, andakt, mat (kaffe, smørbrød og kaker levert av eldsjeler) og utlodding av gevinstar. Inntekt gjekk til vedlikehald av bedehuset. Ei god sak altså.

Der var ganske mykje folk, ikkje minst fordi eit barnekor deltok og trekte med seg mange stolte foreldre.

Midt i matpausa, under nyting av sveler, rundstykke med egg og laks, diverse kaker og kaffe, kika eg opp på veggen i hjørnet der eg sat, bakerst i salen på venstre side. 

Då seg eg plutseleg Angelus. Ein brodert versjon av Angelus:

Ein brodert Angelus.


Då lurer du vel på kva Angelus er for noko? Vel det er ei bøn, ei svært mykje brukt katolsk bøn. Personane på bildet ber Angelus. Klokka er kansje tolv (som er og var ei vanleg tid å be bøna på), og kirkeklokkene har sikkert minna dei på, med 3 x 3 slag, at no er klokka tolv og det er tid for å ta pause i arbeidet på marka og be. 

Her er eit foto av originalbildet:

 
Angelus, oljemaleri av Jean-François Millet (1859)

For meg personleg har dette bildet ei spesiell forhistorie. Mot slutten av 2020 og starten av 2021 tok eg til å nærme meg den katolske kyrkja. Eg har skrive litt om dette i dei første bloggane mine. Det var i denne prosessen, som var sterk og kjenslelada, at eg kom over dette bildet. 

Det var noko i bildet som umiddelbart rørte ved meg, ikkje minst når eg tok til finne ut meir om bakrunnshistoria for motivet. Eg såg føre meg at lignande ting hadde utspelt seg på markana her på Rovde i katolsk tid. Kven veit? 

Eg tok og laga ei utskrift på ein fargeskrivar og hadde det på skrivebordet mitt heilt til vi reiste til Houston, Texas i november same året. Då tok eg med bildet berre for å ha det å sjå på av og til. Bildet vart verande igjen i Houston utan at eg hugsar kvifor. Neste gong vi reiste dit hadde Helga (vår datter som bur der med sin vesle familie) ramma det inn og satt det vinduskarmen på gjesteromet som vi brukar når vi er der.

Angelus i vinduskarmen mot bakgården.
Bildet gjer noko med heile romet.

Angelusbøna heiter det den heiter fordi den tek utgangspunkt i engelen Gabriel sin bodskap til Maria om at ho skal få ein son, avla ved Den Heilage Ande, som ho skal gi namnet Jesus. Angelus tyder altså engel.

Her er bøna, i min nynorske versjon. Eg har lagt inn bibelreferansar i parantes:

------

Herrens engel bringa Maria den glade bodskapen.
Og ho avla ved Den heilage Ande.
(Luk 1,35)

Ver helsa, Maria, full av nåde, Herren er med deg. (Luk 1,28)
Velsigna er du blant kvinner, og velsigna er ditt livs frukt, Jesus * (Luk 1,42)
Heilage Maria, Guds mor, (Luk 1,43)
be for oss syndarar, no og i vår dødstime. (Jak 5,16) Amen.

Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt. (Luk 1,38)

Ver helsa, Maria, full av nåde, Herren er med deg.
Velsigna er du blant kvinner, og velsigna er ditt livs frukt, Jesus * 
Heilage Maria, Guds mor, 
be for oss syndarar, no og i vår dødstime. Amen.

Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss (Joh 1,14)

Ver helsa, Maria, full av nåde, Herren er med deg.
Velsigna er du blant kvinner, og velsigna er ditt livs frukt, Jesus *
Heilage Maria, Guds mor,
be for oss syndarar, no og i vår dødstime. Amen.

Be for oss, Guds heilage mor. At vi må bli verdige til Kristi løfter. (2. Tess 1,11)

Lat oss be: Vi ber deg, Herre, fyll våre hjarte med din nåde, så vi som ved engelens bodskap har erkjent at Kristus, din Son, har blitt menneske, ved hans lidelse og kors må bli ført til oppstandelsens herlegdom. Ved han, Kristus, vår Herre. Amen.

------

Når ein nemner namnet Jesus i bøna, merka med *, bøyer ein seg for Jesus, kongenes konge. 

Vel, det var artig å sjå Angelus på bedehuset, og så passa det det bra å skrive om dette no i mai. Mai er nemleg ein månad som etter tradisjonen er via til Maria.

3 kommentarer:

  1. Veldig bra innlegg,og jeg ble bergtatt jeg også, har dt hengende ved kjøkkendøra og kjøpte på gjenbruk. hilsen Jeannine

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for tilbakemelding Jeannine 😀. Og så har eg tenkt i etterkant, at det passar eigentleg godt med bøna Angelus på eit bedehus (bønnehus). Men det skal vel godt gjerast at Angelus kjem til å bli bedt høglydt der. Men det er lov å håpe!

      Slett
    2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

      Slett

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)