torsdag 7. desember 2023

Kome, kome no korrebæane mine!

Eg vaks opp på eit lite (svært lite) småbruk der vi hadde nokre sauer. 

Barndomsheimen min på Rovde.
Eg og Ingrid, kona mi, flytta tilbake dit i 2016 og har ikkje angra på det. 

Som sagt, vi hadde sauer då eg var liten, og eg hugsar at desse vart slept fri opp i fjella om våren, og henta ned igjen om hausten. Eg har mange minner frå denne haustsankinga, og eg hugsar spesielt at mor mi hadde eit lokkerop når vi hadde funne ut kvar dei var. Ho ropte "kome, kome no korrebæane (sauene) mine!". Av og til kom dei av seg sjølv.  Andre gongar måtte vi springe det beste vi kunne i ulendt terreng for å kome rundt dei og jage dei i rett retning nedover dalen.

Vi snakkar om lokking. Det var noko med den kjente stemma til mor mi som av til vekte eit slags minne (?) i sauene, sikker eit minne om god mat og godt stell, slik at dei berre kom.


Sauer på fjellet.


Dette med lokking får meg til å tenke på ei anna form for lokking.

Gud som lokkar oss.
Jesus, den gode hyrden, som seier "kom til meg".

Kva kan Gud lokke med? Kva har Gud å bidra med som er forlokkande?

Nytelse

For mange år sidan las eg ei bok av ein kjent amerikansk pastor og teolog som heiter John Piper. Boka heitte "Desiring God - Meditations of a Christian Hedonist". Eg er ikkje samd med Piper i alle teologiske synspunkt, men på dette området meinar eg han er inne på noko vesentleg.

Ein hedonist er ein som er oppteken av nytelse. Hedonisme er eg generelt skeptisk til, men kristen hedonisme slik Piper legg det ut er noko heilt anna. 

Boka handlar om eit utsagn i kortversjonen av Westminster katekisme som er eitt av trusdokumenta for mange protestantiske/reformerte kirker.

Utsagnet er slik:

Spørsmål: Kva er menneskets viktigaste mål?
Svar: Menneskets viktigaste mål er å ære Gud (a) og nyte han for alltid (b).

(Skriftreferansar for dei som vil grave litt i dette:
(a) Sal. 86:9, Jes. 60:21, Rom. 11:36, 1 Kor. 6:20, 10:31, Åp. 4:11
(b) Sal. 16:5-11, 144:15, Jes. 12:2, Luk 2:10, Fil. 4:4; Åp.21:3-4)

Det Piper mediterer over i boka er om dette kan omskrivast litt og framleis være sant:

Menneskets viktigaste mål er å ære Gud ved å nyte han for alltid. Boka konkluderer med at dette er sant og at Gud er aller mest æra når vi nyt han aller mest

Korleis kan vi nyte Gud? 

Tankar om det motsette

Eg har tidlegare hatt forestillingar om at kristendom ikkje handlar om nytelse. Eg trur også mange andre tenker dette idag. At ein tenker at som kristen må du gjere mange ting som du ikkje har lyst til, og slutte med ting du har lyst til. Kanskje fordi ein har vakse opp med ei form for streng vestlands pietisme der alt muleg, for eksempel strikking på søndagar, var gale.

For å illustrere dette vil eg fortelje ei lita historie.

Rundt 1982-83 budde vi på Melhus, og ein kveld hadde vi besøk av eit vennepar frå sunnmøre. Ut på kvelden gjekk mannen inn på kjøkenet og fann ei halvfull flaske med vin i kjøleskapet. Vin vi hadde brukt  til matlaging. Han fylte litt vin opp i eit glas og kom inn til oss andre og sa at no skulle han gjere tre synder på kort tid. Så tok seg ein slurk vin, dansa han rundt på golvet og sa "steike det!". 

Tre synder på rappen; vindrikking, dansing og banning.

Vi log godt, men det var faktisk eit alvor bak. Noko som var litt tungt og trist.

Så, kvar kjem kristen nytelse inn i bildet?
Korleis kan vi nyte Gud? 

Dette kunne eg ha gitt eit langt svar på, men eg vil berre kort konstatere at vitnesbyrdet til millionar av kristne opp gjennom tidene seier at eit møte med Gud, ein nær relasjon til Gud, gir nytelse. Mange, men ikkje alle, vitnar også om ein svært sterk nytelse, ein nytelse som kanskje best kan kan samanliknast med forelskelse eller sterk kjærleik, ja til og med ekstase.

Desse kjenslene, erfaringane, opplevelsane har i enkelte kristne kretsar hatt større fokus. Enkelte gongar har dette fokuset komt inn på eit feilspor, der ein har jakta på opplevingar og kjensler, også kalla svermeri. Ein har søkt opplevingar og kjensler i staden for å søke Gud. Og det forståeleg. Skal eg være ærleg, så har eg av og til gjort det sjølv.

Katolsk lokking

Etter at eg vart katolikk har dette med lokking vorte meir sentralt. For å sei det litt enkelt, så opplever at Kirka er god på å lokke meg til ein sterkare og sterkare relasjon til Gud. Lokkinga skjer ved å presentere mange forskjellige klassiske disiplinar. Disiplinar som er vegar til møte med Gud, vegar til glede, vegar til å nyte Gud. 

Desse disiplinane vert ikkje presentert som tekniske øvingar, men som vitnesbyrd frå kirkefedre, helgenar, munkar og nonner som opp gjennom tidene har erfart og ofte reindyrka å leve i Guds nærvær, og nyte det. Paradokset i mange av desse disiplinane, er at dei inkluderer forsakelse. Men det er eit anna tema. 

Vegane er mange, eg vil berre kort nevne to her.

Vi blir for eksempel lokka til å gå til skriftemål. Bekjenne våre synder for ein prest. Å gå til skriftemål er som å ta ein dusj. Det er ein nytelse etterpå. Du kjenner deg heilt rein og velduftande.

Først og fremst blir vil lokka til å gå til messe.
I alle fall på søndagar. 

På messa er Gud fysisk til stades. Når vi går til nattverd og tek imot brødet og et, så er det eit fysisk og intimt møte med den levande Gud. Ein av måtane å skildre eukaristien (nattverden) på, er at det er eit intimt møte mellom brudgommen Jesus, og bruda Kirka, eller meg for å gjere det meir personleg, der dei to blir eitt. Dette kan av og til kjennast og nytast. Det kan være djupt rørande. Andre gongar er ikkje kjenslene der, men realiteten er den same, uavhengig av kva ein kjenner.

Samstundes er det i katolsk samanheng, slik eg har oppfatte det, lov å nyte livet. Livets goder og gleder som Gud velsignar oss med. Gjennom naturen, mat, drikke, felleskap, humor og så vidare. Også det seksuelle. Innanfor klart definerte rammer. Det siste er eit alt for stort tema til å gå inn på her.

Kling no klokka, ring og lokka frå tusen tårn!

Til slutt, eit lite hjartesukk. Noko eg lengtar etter. Noko eg drøymer om. 

Når eg besøker eit land der Den Katolske Kirke (DKK) er dominerande, til dømes Spania eller Polen, så skjer det noko kvar ein einaste dag som eg elskar. Kirkeklokkene ringer. Dei ringer og lokkar. 


Kling no klokka!


I DKK er det ikkje berre søndagsmesser, men også kvardagsmesser og spesielle festmesser. Og klokkene ringer og lokkar. Skal tru om det var slik her på Rovde i middelalderen, i den katolske stavkirka som var her? Tenk om det hadde blitt slik igjen! Det er lov å drøyme.

Vi nermar oss Jul, og då passar det med ein julesang av Elias Blix, om leikande lokking:

Kling no, klokka! Ring og lokka,
ring og lokka frå tusund tårn!
Tona um frelsa! Kalla og helsa,
kalla og helsa med fred Guds born!
Kling no, klokka! Ring og lokka,
ring og lokka frå tusund tårn!

Songar sæle, englemæle,
englemæle med livsæl ljod!
Far gjennom grender, strøym over strender,
strøym over strender som toneflod!
Songar sæle, englemæle,
englemæle med livsæl ljod!

Englar kveda: Høyr den gleda,
høyr den gleda som her er hend!
Ljoset er runne, livet er vunne,
livet er vunne: ein Frelsar send.
Englar kveda: Høyr den gleda,
høyr den gleda som her er hend!

Sæle stunder, store under,
store under og løyndoms skatt!
Møyi vart moder, Gud vart vår broder,
Gud vart vår broder i julenatt.
Sæle stunder, store under,
store under og løyndoms skatt!

Barn er bore. Barnekåret,
barnekåret ved det me vann.
Anden no føder oss til hans brøder,
oss til hans brøder, Guds born som han.
Barn er bore. Barnekåret,
barnekåret ved det me vann.

Sjå, det dagast, snart det lagast,
snart det lagast til høgtid ny!
Då skal oss klokka leikande lokka,
leikande lokka til helg i sky.

Sjå, det dagast, snart det lagast,
snart det lagast til høgtid ny!

I all denne leikande lokkinga merkar eg at det er Gud sjølv som lokkar.
Eg merkar også at han lokkar slik som mor mi; "kome, kome no korrebæane mine!"