tirsdag 27. juli 2021

Den dagen vi konverterte

8. juli 2021 vil bli ståande som ein av svært viktig dato i Ingrid og mitt sitt liv. Om kvelden den dagen la eg ut dette på facebook:

I dag har vore ein svært spesiell og minnerik dag for Ingrid og meg. På seljumannamessa på øya Selja, i nydeleg vær, vart vi tatt opp i den katolske Kirkes fulle fellesskap. Samtidig feira vi vår bryllaupsdag nr. 43!

Opptagelses-sermonien (ferming) med Biskop Erik Varden til venstre,
pater Khiem (vår lokale prest) med ryggen til og noko raudt,
samt Ragnhild Høen vår fadder bak oss.
Foto: Sigve Knardal

På facebook-innlegget fekk eg mange fine og gode ord og gratulasjonar, både vedrørande bryllaupsdagen vår og valget av trussamfunn. Nokre var litt undrande. 

Til ein forklarte eg at det var som å lande og kome heim. No veit eg at dette er eit uttrykk som veldig mange konvertittar har brukt, slik at det nesten blir ein klisje. Så eg vil berre kort sei litt om kva eg legg i det. Det betyr ikkje at eg er komt i mål. Eg er ein pilegrim. Eg er på veg. 

Dette vart også bekrefta gjennom biskop Vardens helsing til oss rett etter sermonien. Han sa rett og slett "god tur!" 😀.

Nei det betyr heller at vi etter mykje om og men (som eg delvis har skrive om før), har valgt det kristne felleskapet som er eldst, som har tålt tidens tann, gjennom indre og ytre kampar. Vi opplever det som solid og trygt, og slik sett er det som å lande og kome heim. 

Festreise

Ingrid og eg opplevde dagen som ei festreise. Vi hadde med oss våre to eldstre born og fire borneborn. Sigve hadde med seg Palma, og Ragna hadde med seg Jonas, Oda og Simon. Det var sjølvsagt ekstra stas å ha nokre av vore nermaste med på den store dagen. Her er nokre foto-glimt:


Klosterbåten ut til Selja.
Foto: Dag Knardal


Framme på Selja.
Palma, Oda og Simon kikar på fiskane.
Foto: Dag Knardal



Opptenning av røykelse.
Foto: Sigve Knardal

Vi går mot klosteret.
Foto: Dag Knardal


Prosesjonen
Foto: Dag Knardal


Framme ved klosteret.
Foto: Sigve Knardal

Spennande med ruinar :).
Oda, Simon og Palma
Foto: Sigve Knardal


Sjå gjerne også Ragnhild H. Aadland Høens (vår fadder) fyldige reportasje frå dagen: Rekordstor seljumannamessefeiring på Selja. 

Under messa kom ein admiral-sommarfugl og sette seg på alteret! Både eg og Ingrid såg den. Fadder Ragnhild knipsa den på utsida av kirkeveggen etter messa og skriv litt om symbolikken i reportasjen nevnt ovanfor. For oss vart dette eit lite himmelsk glimt midt opp i alt det andre (himmelske) som skjedde.

Sjølve opptagelses-sermonien var ganske enkel. Etter talen vart vi kalla fram. 
Så las vi alle den nikenske trusvedkjenninga. 
Så las eg og Ingrid ilag:

 "Jeg tror og bekjenner alt det Gud har åpenbart og som den 
hellige katolske Kirke tror, lærer og forkynner. Denne tro som jeg nå bekjenner og oppriktig tar imot, skal jeg med Guds nåde forsøke trofast å bekjenne og bevare gjennom hele mitt liv, så sant hjelpe meg Gud og dette hellige evangelium". 

Så sa biskopen "Allmektige Gud, vår Herres Jesu Kristi Far, du som har fridd desse dine tjenere fra synden og Hellige Ånd, Trøsteren; gi dem visdoms og forstands Ånd, råds og styrkes Ånd, kunnskaps og fromhets Ånd; fyll dem med gudsfrykts Ånd. Ved Kristus, vår Herre."

Etter dette knelte vi og biskopen salva oss begge med olje og sa:
 "Ta imot Guds gave, den Hellige Ånds innsegl."
Vi, "Amen"
Biskopen, "Fred være med deg"
Vi, "Og med din ånd."
Vi reiser oss.
Biskopen avslutta som sagt, med helsinga "God tur!"

Sånn, då var det gjort! No var vi katolske kristne 😀!!!

Til slutt i messa var det nattverd, vår første katolske nattverd, eller det som katolikkar helst kallar kommunion eller eukaristi. I ei katolsk messe er dette det absolutte høgdepunktet og om det kunne eg ha skrive langt og lenge. I korte trekk handlar det om ein open himmel, der vi får ta imot Jesus kropp ved at vi tek imot og et brød, brød som er Jesu kropp, kroppen til han som kalla seg "livets brød" (sjå Joh. 6:48-51). Han som er livets kjelde. Han som alt dette handlar om og som vi får være ein del av! Vår første katolske kommunion var ein sterk opplevelse.

Etter at programmet (13:00 - Messe, 14:00 Mat og prat-pause, 15:00 Vesper med refleksjon v/biskop Varden) var ferdig var det ny båttur tilbake til Selje. Så langt hadde været vore heilt perfekt. Ikkje for varmt og ikkje for kaldt. På YR varsla dei at det ville starte å regne klokka 16.00. 16.05 stod vi å venta på å kome ombord i båten. 16.10 kom eit skikkeleg pøsregn. Ca. 16:12 slapp vi inn i båten, våte men ikkje dyvåte. Våte og tankefulle etter mange sterke inntrykk. 



onsdag 21. juli 2021

Blogging og briller

Vel, eg vart altså stressa av å blogge! 

Og så skreiv eg eit innlegg på facebook der eg sa at eg gaddakje meir etc. etc. Og så fjerna eg bloggen! Den dagen var eg skråsikker på at  . . .  eg gaddakje meir. Veldig skråsikker!

Dagen etter var eg ikkje så skråsikker lenger. Eg angra. Heldigvis hadde eg backup, og der var angrefrist på fjerning av bloggen. Så eg tok og sletta facebook-innlegget og gjorde bloggen tilgjengeleg igjen. Og så tok eg ei tenkepause. 

Kva var det som skjedde?

Vel, eg har blitt pensjonist og hadde kanskje eit behov for å føle meg fri til å gjere det eg ville? Og så vart det kanskje litt press på å legge ut nye innlegg? Og så var eg kanskje inne i eit åndeleg spor som vart litt snevert? Altså, ikkje det åndelege sporet . . . det katolske . . det var (og er) ikkje snevert, men det å berre skrive om åndelege/teologiske ting; det vart kanskje litt snevert? Og så var eg kanskje litt opptatt av tilbakemeldingar, eller mangel på tilbakemeldingar eller tal på lesarar? kanskje følte eg at eg var fanga i eit mønster!?

Kven veit?

Uansett, no har eg tenkt meg om og tenker å skrive vidare (slik som eg gjer no). Observasjonar på vegen. Pilegrimsvegen. Skrive om det eg ser . . . gjennom mine briller.

Brillene er mine.
Etuiet tilhøyrer mi eldste dotter,
men eg tykte det passa fint.

Det er no slik at vi alle tolkar verkelegheita (røynda) gjennom briller som har blitt forma av erfaringar, gode og dårlege (eller traumatiske), oppvekst og oppdragelse, ting vi har lest, lært på skulen, sett på TV, kjent på kroppen etc. 

Mine briller er pilegrimsbriller, og eg vil at dei skal være pilegrimsbriller heilt til eg ikkje treng briller lenger. Pilegrimsbriller er briller som endrar seg, som er under utvikling. Når eg går inn i "nye" landskap, plantar føtene i ukjent terreng, der det er "nye" lukter, lydar og smakar, då skjer ei endring, ei utvikling. Eg skriv "nye" fordi dei er nye for meg. Det kan godt være gamle sannheiter, gamle gjengrodde stiar der eg ikkje har ferdast før. Eg er rett og slett på veg og ynskjer å være på veg, ikkje stagnere og være skråsikker og ikkje gadde meir.

Akkurat no les eg Kristin Lavransdatter - Kransen av Sigrid Undset. Fantastisk bok. Og så et eg moltekrem etter dagens fjelltur.