Eg tenkte å dele tre observasjonar, tre glimt, først eit gamalt og vitskapleg, så to nye og meir daglegdagse.
Fermats siste teorem
I 2011 jobba eg på eit automasjonsprosjekt hos ABB i Bergen. Ein dag inviterte prosjektleiaren oss til "team building" og som ein del av programmet såg vi ein dokumentar om matematikkprofessor Andrew Wiles og hans 7-årige jakt, på fritida, på beviset på Fermats siste teorem. Dette var noko dei glupaste matematikarane i verda hadde jakta på i 358 år. Det var også Wiles sin draum heilt frå barndomen. Høgdepunktet i dokumentaren fekk vi når Andrew fortalde om den dagen han oppdaga beviset. Beviset hadde han allereie skrive, utan å vite det, i eit notat som låg på skrivebordet. Plutseleg såg han det. Han kalla det ei vakker openberring. "It was so indescribably beautiful, it was so simple and so elegant" sa Andrew og var tydeleg rørt.Kråker
I mitt reir med vindauge i fire himmelretningar gjer eg daglege observasjonar. Det er alltid det same landskapet, men det er alltid noko nytt å sjå. Best likar eg å sjå på fuglane. Aller best likar eg kråkene. Dei dukkar stadig opp, i flokk eller som individualister med private prosjekt. Dei har kråketing og kranglar høglytt. Når det nærmar seg storm styrke ute, besøker dei fornøyelsesparken, ei bjørk med svaiande greiner. Dei klamrar seg fast til greinene og kosar seg. Tåkefylte mørke dagar kan du høyre nokre mystiske "kra!" frå skogen.Vidder
Sist sommar gjekk eg og Ingrid mykje i fjellet her på Rovde. Der er to vidder vi har lagt vår elsk på.| Ingrid i Sundnesdalen |
| Jarane |
Mitt kontemplative liv
Når eg no er pensjonist med mykje tid, etter eit liv med mykje ytre press på å være resultatorientert, produktiv og pro-aktiv, både i arbeidsliv, kirkeliv og privatliv, har eg hatt ein aukande lengsel som mellom anna handlar om det kontemplative. Det kontemplative livet. Det eg innser og etter kvart ser meir av, er at eg kan koble meg på Gud i heilt naturlege aktivitetar, midt i skaparverket.For det ein kan vita om Gud, ligg ope framfor dei;
Gud har sjølv lagt det ope fram.
I matematikk, i kråker, i vidder.
Dette er noko eg treng å gjere.
Eg treng det
som framand for å få kjennskap,
som splitta for å bli heil,
som jaga for å få fred
som overfladisk for å sjå det vesentlege
som rotlaus for å bli rotfesta
Nokre filmar:
Fasteretrett:
Del 1:
