tirsdag 1. februar 2022

Matematikk, kråker og vidder

I fjor, 27. og 28. februar vart det arrangert ein fasteretrett i Vår Frue Kirke i Ålesund. Biskop Erik Varden var på besøk og temaet var bøn, eller meir spesifikt, kontemplativ bøn.
 
Eg var i ferd med å nærme meg det katolske då eg høyrde desse talane. No, snart eit år etterpå, har eg lytta til dei to talane ein gong til, og kan anbefale dei til andre (sjå nederst i bloggen). Erik Varden er god til å bruke uvante vinklingar som er med på å opne opp tankar og sinn. For meg var det første talen som gav meg mest nye perspektiv. Det handla om at bøn kan være berre å sjå eller observere for så å fundere over og tolke observasjonen. Kva betyr den? Kva er meininga?

Eg tenkte å dele tre observasjonar, tre glimt, først eit gamalt og vitskapleg, så to nye og meir daglegdagse.

Fermats siste teorem

I 2011 jobba eg på eit automasjonsprosjekt hos ABB i Bergen. Ein dag inviterte prosjektleiaren oss til "team building" og som ein del av programmet såg vi ein dokumentar om matematikkprofessor Andrew Wiles og hans 7-årige jakt, på fritida, på beviset på Fermats siste teorem. Dette var noko dei glupaste matematikarane i verda hadde jakta på i 358 år. Det var også Wiles sin draum heilt frå barndomen. Høgdepunktet i dokumentaren fekk vi når Andrew fortalde om den dagen han oppdaga beviset. Beviset hadde han allereie skrive, utan å vite det, i eit notat som låg på skrivebordet. Plutseleg såg han det. Han kalla det ei vakker openberring. "It was so indescribably beautiful, it was so simple and so elegant" sa Andrew og var tydeleg rørt. 

Ingeniørane rundt meg vart også rørt. Eg vart rørt. Det var noko djupt rørande og vakkert med å finne beviset, løysinga og sanninga. Det var vel ingen av oss som forstod ein døyt av kva han snakka om reint matematisk, men eg trur dei fleste av oss sensa at det var noko åndeleg i den vakre sanninga.

Kråker

I mitt reir med vindauge i fire himmelretningar gjer eg daglege observasjonar. Det er alltid det same landskapet, men det er alltid noko nytt å sjå. Best likar eg å sjå på fuglane. Aller best likar eg kråkene. Dei dukkar stadig opp, i flokk eller som individualister med private prosjekt. Dei har kråketing og kranglar høglytt. Når det nærmar seg storm styrke ute, besøker dei fornøyelsesparken, ei bjørk med svaiande greiner. Dei klamrar seg fast til greinene og kosar seg. Tåkefylte mørke dagar kan du høyre nokre mystiske "kra!" frå skogen. 

Eg takkar Gud for kråkene. Dei talar til meg på mange vis.




















Vidder

Sist sommar gjekk eg og Ingrid mykje i fjellet her på Rovde. Der er to vidder vi har lagt vår elsk på.

Den eine er fram gjennom Sundnesdalen, over vidda på venstre side av Sundneselva, fram mot Sundnesvatnet. Der er lange, flate strekning, i lett terreng. Når eg går over sånne store vidder mellom høge fjell så er det ein spesiell fred som senkar seg. Eg kjem i kontakt med noko uendeleg, noko stort, noko grenselaust, noko evig. 


Ingrid i Sundnesdalen


Sundnesvatnet























Den andre vidda er Jarane som går frå Jaregga i slak nedoverbakke i retning Trollkopphornet. Når eg går i denne slake nedoverbakken i lett terreng kjem eg inn i det eg vil kalle kontemplativ vandring. Ei rytmisk gange som gir ro, der eg bevegar meg i eit slags tanketomt svev over bakken. Nydeleg. Vi brukar å gå fram til Skålvatnet og ta ei kaffipause der før vi returnerer tilbake. Det som er så fint med Jarane er du ikkje ser tegn til sivilisasjon same kva retning du snur deg. Du ser berre fjell og vidder. Vi åleine i naturen. Guds frie natur. Gud og oss.

Og så er det nesten heilt stille. Av og til må ein berre stoppe opp og ta det inn. Sjå, lytte og puste.


Jarane



















Ei moseseng ved Skålvatnet




























Eg blir visjonær i slike landskap. Det gjer så godt for kropp og sjel. 

Eg takkar Gud for viddene.


Mitt kontemplative liv

Når eg no er pensjonist med mykje tid, etter eit liv med mykje ytre press på å være resultatorientert, produktiv og pro-aktiv, både i arbeidsliv, kirkeliv og privatliv, har eg hatt ein aukande lengsel som mellom anna handlar om det kontemplative. Det kontemplative livet. Det eg innser og etter kvart ser meir av, er at eg kan koble meg på Gud i heilt naturlege aktivitetar, midt i skaparverket. 

Ikkje det at eg ikkje har visst det før. Men no ser eg det. No erfarer eg det litt meir enn før.

Som Paulus skriv i Rom 1:19:

For det ein kan vita om Gud, ligg ope framfor dei;
Gud har sjølv lagt det ope fram.


I matematikk, i kråker, i vidder.
 
Og så er der også andre måtar å kontemplere på. Og alt dreg i same retning.

Dette er noko eg treng å gjere.

Eg treng det
som framand for å få kjennskap,
som splitta for å bli heil,
som jaga for å få fred
som overfladisk for å sjå det vesentlege
som rotlaus for å bli rotfesta
Amen


Nokre filmar:

Fasteretrett:

Del 1:


Del 2:


Fermats siste teorem:



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)