Viser innlegg med etiketten Ekteskap. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ekteskap. Vis alle innlegg

fredag 9. september 2022

Den store kjærleiken

Idag vil eg skrive om den store kjærleiken. Nokon vil kanskje tenkje; er det ikkje skrive nok om det temaet? Er det ikkje skrive nok bøker og diktverk, laga nok filmar, holdt nok svulstige talar om dette temaet? Er der noko å tilføye?

Vel eg har ei heilt unik historie å kome med som ingen andre har skrive, og som berre eg kan skrive. For meg er den store kjærleiken ein unik person, one of a kind, nemleg mi Ingrid.

Mi Ingrid 💖
Borgund Folkehøgskule 76-77


Det starta tidleg. Eg gjekk første året på ingeniørhøgskulen i Fagerlia/Ålesund, og Ingrid gjekk på Borgund folkehøgskule. 1976 - 1977. Eg var 18 år (mai) og hadde nettop kjøpt min første bil, ein Volvo Amazon. Ingrid fylte 17 i september.

Eg fyller bensin på min første bil.

Eg budde på hybel saman med ein kompis, Sigbjørn Runde, og vi tok ofte bilturar til Borg (som vi kalla skulen) for å sjekke ut damer. Vi var rett og slett på damejakt. I etterkant må ein vel sei det vart ei vellukka jakt for begge to. Vi fann oss damer.

No visste eg om Ingrid frå året før, då eg gjekk på yrkesskule i Ørsta. Vi hadde møttes fleire gongar, og eg likte det (den) eg såg, men ho viste ikkje særleg interesse for meg. Ho var visst opptatt også, altså saman med ein annan.

For meg starta det ein kveld ein gong ut på hausten. Vi var ein heil gjeng, inklusive Ingrid, som var samla hos dotter til ein av lærarane. Så vart det bestemt at vi skulle gå ein annan plass. Ingrid sa at ho ikkje hadde lyst å være med. Då sa eg, "viss du ikkje vil være med, så kjem eg bære deg med!". Dette viste seg å være eit svært godt sjekketriks. Ingrid vart visst momentant forelska.

Så gjekk no dagane. Det vart no litt kyssing, eller klining som vi kalla det den tida, og Ingrid ville no ha svar på om vi var i lag. Eg drog litt på det, måtte vente og kjenne litt meir etter. Eg syntes det var kjekt å ha nokon å kline med men var usikker på framtidsutsiktene.

For Ingrid vart dette ei vanskeleg tid. Ho var utålmodig etter å få svar. Situasjonen varte faktisk ein heil månad. Så ein kveld vi var ute og spankulerte kjende eg at tida var inne. Eg drog med Ingrid ned ein sti gjennom eit skogholt. Så stoppa eg, snudde meg mot Ingrid og sa at eg hadde bestemt meg, eg ville ha henne, eg ville være i lag med henne. Så vidt eg hugsar vart det sterke kjensler som utfolda seg. 

Så vart det mykje greier og greier. Turar, klining, snakking og mykje moro. 

For nokre dagar sidan gjekk vi ein fjelltur til Høystakken (i Breiteigfjella mellom Rovde og Syvde). Litt av bakgrunnen og motivasjonen for å gå dit, var at vi gjekk dit på ski i denne første perioden i forholdet. Då vi var ugifte og nyforelska. I samband med dette fann eg fram nokre gamle fotografi få turen. Fotograf var Hallvard Hånes som var med som kjentmann og suppekokar. (Sånne gamle bilete heiter fotografi og er tekne med eit fotografiapparat).




Saken er den, at når eg ser på desse fotografia, og ser Ingrid, så kjenner eg det. Eg kjenner på den første kjæleiken. Den store kjæleiken.

Så vart det bryllaup sommaren 1978 i Ørsta kyrkje. Eg var 20 år og Ingrid 18. 

Frå fotoalbumet.

Ankomst til Ørsta kyrkje i vår blankpolerte Volvo.

Inngang

Vigslar og svoger, Rolf Schanke Eikum talar til oss.

Etter vigselen.
Hugsar eg hadde vondt i kjakane etter uvanleg mykje smiling.

Så gjekk åra. Tre born vart laga, fødde, elska og oppfostra. Det vart arbeid og flytting hit og dit.

Så kom eit mørkt kapittel som eg har skrive om før, nemleg ekteskapskrisa som starta i 1989. Vi har ikkje berre hatt gode dagar. Slett ikkje. Men denne krisa har nok prega livet vårt sterkt etter at alt ordna seg. For eksempel det at vi likar best å være i lag. Vi har ikkje behov for avstand, eller å gå våre egne vegar. Vi likar å være ilag, gå i lag, reise i lag, fare på hytta i lag, fiske i lag og så vidare. 

For meg er Ingrid framleis eit uutgrunneleg mysterium. Det er så rart at eg ikkje blir lei. Ho er på ein måte ei utømeleg kjelde til liv, kjærleik, glede og velsigning. Igjen og igjen og igjen. Kva har eg gjort for å fortene til eit slikt skattkammer? 

Det er med denne bakgrunnen orda i Høgsongen 8:6 vert mine ord til Ingrid.

Set meg som eit segl på hjartet ditt, 
eit stempel på armen din! 
For kjærleiken er sterk som døden, 
lidenskapen ubøyeleg som dødsriket. 
Han brenn som logande eld, 
ein Herrens loge.

Ingrid 2022 💖,
tilbake på Høystakken.



tirsdag 10. mai 2022

Ord som gjev liv

Idag har eg levd i 64 år, og då kan det passe å reflektere litt over livet og liv generelt. 

Kva er det som gjev liv? Kva får oss til å kjenne oss levande?

Ein kan ha forskjellige sortar liv. Til dømes når D.D.E syng "her blir det liv, rai rai", så er det ein sort liv. Ein sort liv som står i motsetning til det kjedelege livet. Liv og røre og moro. 

Eg vil skrive litt om ein annan sort liv som kan høyrast litt mindre livleg ut, men som absolutt ikke er det. Livet frå Gud. Gud som skaparen av liv. Han som i starten skapte liv ut av ingenting. Han som skapte med ord, og orda gav liv til alt levande. I denne prosessen vart også vi menneska skapte. Skapinga av oss står i ei særstilling, då vi vart skapte i Guds bilete, i Guds ikon (gresk eikon).

I vår las eg ei bok med tittelen "Til liv for verda" av Alexander Schmemann. Den er utgitt på Efrem forlag, på nynorsk! Eg meinar nynorsken hevar denne teksta til eit høgare nivå, og gjer den meir levande. Den kan no kjøpast på tilbod, sjekk her; Til liv for verda.

Eg skal ikkje gje meg ut på å skrive kva boka handlar om, men stikkorda er sakrament og liturgi. Det høyrest vel livat ut? Eg vil berre dele eit par sitat. I det heile er dette ei bok full av gullkorn, og den må lesast sakte.

Første sitat handlar om ekteskapet, som i ortodoks og katolsk samanheng er eit sakrament. Eg veit ikkje kor mange som tenker slik idag, men sentralt i det kristne synet på ekteskapet ligg mulegheita (og kallet/oppdraget) til å skape nytt liv. Der to personar i kjærleik tek del i Guds skaparverk, ved å skape nytt liv (born).

Alexander skriv: "Det er ved å gje av seg sjølv at kjærleiken gjev liv, og vert kjelda til livet. Ein har ikkje kjærleik for å oppnå å få barn. Kjærleiken treng inga rettferdiggjering; det er ikkje fordi han gjev liv at kjærleiken er god; det er fordi han er god at han gjev liv."


Ekteskapets sakrament. 

For meg har store delar av livet (73% for å være nøyaktig) blitt levd saman med kona mi Ingrid. Ingrid er meir livleg enn meg, litt meir "rai rai", og det trur eg absolutt har gjort og gjer meg godt. Det er ingen tvil om at kjærleiken til Ingrid, har vore ei kjelde til liv i mitt liv. Summa summarum så har vi så langt hatt eit godt liv, og eit fruktbart liv, med 3 barn og 7 barnebarn. Det siste barnebarnet, Paula, kom til verda for snart to veker sidan. Vi har hatt eit velsigna liv som vi takkar for.

Men vi har også hatt våre vonde dagar. Eg har skrive om ekteskapskrisa vår før. Du kan lese om den her; Ekteskapskrisa.

Alle som har levd ei stund, veit at livet ikkje berre er ein dans på roser. Vi kan rope "rai rai" av og til, men det går stort sett over. Akkurat no er det mørke skyer som ligg over europa. Krigens galskap har komt tett innpå oss. Vi får smertefulle nyheiter dagleg, ja heile dagen for dei som orkar. I bibelen og andre stadar er uttrykka lys og mørker brukt som metaforar for det gode og det vonde. I slike tider som no, kan det vere lettare å få auge på det mørke vonde enn det lyse gode.

Alexander skriv: "Det er berre når vi i mørkeret i denne verda oppfattar at Kristus allereie "har fylt alle ting med seg sjølv" at "alle ting", kva dei enn måtte være, vert openberra for oss og gjevne til oss, fylte av meining og venleik. Ein kristen er ein person som finn Kristus og gleder seg i Han, kvar han enn ser. Og denne gleda omskaper alle hans menneskelege planar og program, hans avgjerder og handlingar, og gjer heile hans verksemd til eit sakrament som skaper tilbakevending for verda til Han som er livet for verda."


«Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. 
Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy."
Joh 11:25-26

Dette siste sitatet vil eg tru må drøvtyggast litt for dei fleste. Eg ser på det som ein visjon. Ein visjon om at ein med blikket festa på Jesus, han som er vegen, sanninga og livet, kan finne lys, meining og glede, midt opp i alt ein møter av vanskar, smerte, sjukdom, motgang etc. 

Men det er ikkje alltid så lett.

Difor trur eg, som ein ikkje altfor gjennomtenkt konklusjon, at vi også treng litt lettbeint "rai rai" innimellom, samt friske turar på ATV og liknande aktivitetar. 

Det kan lett bli for mykje gravalvor.


onsdag 4. august 2021

Ekteskapskrisa

Då alt rasa

Eit mørkt kapittel i livet til meg og Ingrid.

Årstalet er 1989. Eg er gift med Ingrid, har tre barn og bur på Ytterland på Valderøya. Eg har siste åra jobba i oljebransjen, vekependla, d.v.s jobb mandag til torsdag og så langhelg.

Eg hadde bevega meg langt vekk frå Gud (men han var nok ikkje langt vekke frå meg). Eg såg på meg sjølv som fritenkar. Eg hadde utvikla meg til ein introvert og sjenert person. Eg hadde to vener på Valderøya og synest det var rikeleg. Ingrid var stikk motsatt. Ho kjende dei fleste og hadde mange vener. Likevel kjende ho seg verdlaus på innsida.

Eg hadde det absolutt ikkje bra i vekene, og alt stod og fall med at vi skulle ha det bra i helgane. Men det hadde vi ofte ikkje. 

Ei helg køyrde vi ein tur ut på Giske og gjekk ned i fjøra. Ingrid ville snakke med meg om noko. Så sa ho at ho ville vi skulle skille oss. Ho sa vi hadde glidd frå kvarandre og at ho ikkje hadde følelsar for meg lenger. Eg tok det ikkje så tungt i starten. Trudde ikkje det var så alvorleg. Trudde det skulle gå seg til.

Så skjøna eg etterkvart at det var alvor. Ingrid hadde blitt forelska i ein annan mann, ein som sette pris på henne, ein som såg henne og likte henne og var forelska i henne. 

Då var det som heile livet mitt rasa saman og eg tok til grine. Det var ei demning som brast. Det var 15 år sidan sist eg grein. Den gongen grein eg i dagevis etter at far min døydde i ei ulykke. Etterkvart greidde eg å ta meg saman og slutta heilt å grine. Så gjekk det altså 15 år utan grining, men no brast demninga. Eg grein og grein og det irriterte Ingrid voldsamt!

Vi ramla begge ned i eit djupt, svart hol. Grininga og sjalusien min gjorde situsjonen berre verre og verre. Eg vart sjukmeld. Både eg og Ingrid mista matlysta. Ingrid vart etter kvart 46 kg og eg 60. Vi måtte ha sovetablettar for å sove, men sovetablettane gav oss mareritt. Det var ei forferdeleg tid.

Søstra til Ingrid, Eldbjørg, og mannen hennar, Trygve, som var prest i Sykkylven, tok til å hjelpe oss. Dei kom og rydda i huset og kjøleskapet (!) og snakka med oss og prøvde å snu situasjonen. 

Ungane vart sendt til besteforeldra i Ørsta. Vi var heilt apatiske.

Etter ca 3 mnd var alt heilt fastlåst. Ingrid var absolutt ikkje interessert i å prøve på nytt. 

Alle, inklusive meg var no innstilte på at det kom til å ende med skilsmisse.

Då alt snudde

Så ein kveld var Ingrid på besøk med Eldbjørg og Trygve. Denne kvelden fekk dei besøk av eit ektepar som var misjonærar i Israel, Bjørg og Terje Bakke. Dei spurde om dei kunne få be for Ingrid. Ingrid såg ikkje heilt poenget med dette, men gjekk no med på det. Terje tok til å be for henne og Ingrid har seinare sagt at når han bad for henne var det som om han kjende henne og talte rett inn i livet hennar. Bjørg kom med oppmuntringar til Ingrid og sa ho var fin. Dette gjorde inntrykk på ei som følte seg verdlaus og langt frå fin.

Etterpå sette Ingrid seg utanfor huset for å ta seg ein røyk. Så såg ho opp mot himmelen og bad "viss du finns Gud, så ta vekk skyene og vis deg på himmelen". Det skjedde ingen ting. Så bad ho til Gud om at ho måtte få sove utan tablettar om natta. Så gjekk ho og la seg utan å ta tablett, og sov heile natta!

Neste dag var ho ifølge søstra heilt forandra. Ho ville avstad og å kjøpe strikketøy, apatien var som blåst bort, og det aller viktigaste, ho ville at vi skulle prøve på nytt! Ho som absolutt ikkje ville dagen før, ville no.

Denne natta snudde alt.

Jesus greip inn i livet vårt.

Den som les dette kan gjerne tenke seg andre forklaringar på det som skjedde. At det kanskje var psykiske eller fornuftsmessige ting som gjekk seg til på ein heilt naturleg måte. Men vi som kjente situsjonen frå innsida, vi som kjente det på kroppen, vi som gjennomlevde marerittet eller såg det på nært hald, vi må berre konkludere med at det skjedde eit mirakel.

Nokre månader seinare vart huset på Valderøya solgt og vi flytta til Sykkylven for å prøve å starte på nytt. Vi leigde eit gammalt hus, Erik-garden. Eg starta ein sjarmoffensiv som etterkvart gav resultat. Sakte men sikkert skjedde ei endring. Vi vart etterkvart kalla turtelduene.

Dette vart eit vendepunkt på mange områder. Ikkje minst åndeleg og kunstnerisk. 

Det kunstneriske kan kanskje illustrere litt av det som skjedde. Før denne krisa lagde eg mange dystre tegningar i svart/kvitt. Etter krisa vart det ein eksplosjon av fargar og lystbetonte eller humoristiske motiv. Her nokre få eksempel:

FØR





ETTER





Etter dette vart ikkje livet ein dans på roser. Vanlege liv er vanlegvis ikkje det. Men kjærleiken har vore levande (sjølvsagt med nokre ups and downs) heilt fram til idag, 32 år seinare. For oss er dette det sterkaste og viktigaste som har skjedd i livet vårt. Historia om den gongen Gud greip inn i Ingrids vilje, frå å ikkje ville til å ville prøve.

Det vi har lært, og stadig lærer av dette:

  • At Gud har makt til å gripe inn i vanskelege, umulege stitasjonar og snu opp ned på alt. Når det ser som mørkast ut, kan han kome med sitt lys og vise vegen inn i nye spennande landskap som ein ikkje veit eksisterer.
  • At det er god hjelp i å ha nokon å snakke med, og det er viktig å be om hjelp. Det var nok Jesus som kom og vaska kjølskapet vårt den gongen på Valderøya! Og i samtalane var der nok dråpar med liv som var med på snu situasjonen. Stor takk til Eldbjørg og Trygve og Ingrids foreldre i Ørsta!
  • At ikkje alle ekteskapskriser endar akkurat slik som vår. Gud er ikkje ein automat. Guds vegar kan være svært vanskelege for oss å forstå. Men Gud er god og der er ein veg for alle!
  • At vi ikkje kan ta kjærleiken for gitt. Den treng service og vedlikehald. Vi brukar kansje tid og pengar på sånt når det gjeld bilar og hus og heim. Men ekteskapet treng også stadig fornyelse, oppgradering og opprydding. (note to self)