tirsdag 10. mai 2022

Ord som gjev liv

Idag har eg levd i 64 år, og då kan det passe å reflektere litt over livet og liv generelt. 

Kva er det som gjev liv? Kva får oss til å kjenne oss levande?

Ein kan ha forskjellige sortar liv. Til dømes når D.D.E syng "her blir det liv, rai rai", så er det ein sort liv. Ein sort liv som står i motsetning til det kjedelege livet. Liv og røre og moro. 

Eg vil skrive litt om ein annan sort liv som kan høyrast litt mindre livleg ut, men som absolutt ikke er det. Livet frå Gud. Gud som skaparen av liv. Han som i starten skapte liv ut av ingenting. Han som skapte med ord, og orda gav liv til alt levande. I denne prosessen vart også vi menneska skapte. Skapinga av oss står i ei særstilling, då vi vart skapte i Guds bilete, i Guds ikon (gresk eikon).

I vår las eg ei bok med tittelen "Til liv for verda" av Alexander Schmemann. Den er utgitt på Efrem forlag, på nynorsk! Eg meinar nynorsken hevar denne teksta til eit høgare nivå, og gjer den meir levande. Den kan no kjøpast på tilbod, sjekk her; Til liv for verda.

Eg skal ikkje gje meg ut på å skrive kva boka handlar om, men stikkorda er sakrament og liturgi. Det høyrest vel livat ut? Eg vil berre dele eit par sitat. I det heile er dette ei bok full av gullkorn, og den må lesast sakte.

Første sitat handlar om ekteskapet, som i ortodoks og katolsk samanheng er eit sakrament. Eg veit ikkje kor mange som tenker slik idag, men sentralt i det kristne synet på ekteskapet ligg mulegheita (og kallet/oppdraget) til å skape nytt liv. Der to personar i kjærleik tek del i Guds skaparverk, ved å skape nytt liv (born).

Alexander skriv: "Det er ved å gje av seg sjølv at kjærleiken gjev liv, og vert kjelda til livet. Ein har ikkje kjærleik for å oppnå å få barn. Kjærleiken treng inga rettferdiggjering; det er ikkje fordi han gjev liv at kjærleiken er god; det er fordi han er god at han gjev liv."


Ekteskapets sakrament. 

For meg har store delar av livet (73% for å være nøyaktig) blitt levd saman med kona mi Ingrid. Ingrid er meir livleg enn meg, litt meir "rai rai", og det trur eg absolutt har gjort og gjer meg godt. Det er ingen tvil om at kjærleiken til Ingrid, har vore ei kjelde til liv i mitt liv. Summa summarum så har vi så langt hatt eit godt liv, og eit fruktbart liv, med 3 barn og 7 barnebarn. Det siste barnebarnet, Paula, kom til verda for snart to veker sidan. Vi har hatt eit velsigna liv som vi takkar for.

Men vi har også hatt våre vonde dagar. Eg har skrive om ekteskapskrisa vår før. Du kan lese om den her; Ekteskapskrisa.

Alle som har levd ei stund, veit at livet ikkje berre er ein dans på roser. Vi kan rope "rai rai" av og til, men det går stort sett over. Akkurat no er det mørke skyer som ligg over europa. Krigens galskap har komt tett innpå oss. Vi får smertefulle nyheiter dagleg, ja heile dagen for dei som orkar. I bibelen og andre stadar er uttrykka lys og mørker brukt som metaforar for det gode og det vonde. I slike tider som no, kan det vere lettare å få auge på det mørke vonde enn det lyse gode.

Alexander skriv: "Det er berre når vi i mørkeret i denne verda oppfattar at Kristus allereie "har fylt alle ting med seg sjølv" at "alle ting", kva dei enn måtte være, vert openberra for oss og gjevne til oss, fylte av meining og venleik. Ein kristen er ein person som finn Kristus og gleder seg i Han, kvar han enn ser. Og denne gleda omskaper alle hans menneskelege planar og program, hans avgjerder og handlingar, og gjer heile hans verksemd til eit sakrament som skaper tilbakevending for verda til Han som er livet for verda."


«Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. 
Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy."
Joh 11:25-26

Dette siste sitatet vil eg tru må drøvtyggast litt for dei fleste. Eg ser på det som ein visjon. Ein visjon om at ein med blikket festa på Jesus, han som er vegen, sanninga og livet, kan finne lys, meining og glede, midt opp i alt ein møter av vanskar, smerte, sjukdom, motgang etc. 

Men det er ikkje alltid så lett.

Difor trur eg, som ein ikkje altfor gjennomtenkt konklusjon, at vi også treng litt lettbeint "rai rai" innimellom, samt friske turar på ATV og liknande aktivitetar. 

Det kan lett bli for mykje gravalvor.


4 kommentarer:

  1. Takk igjen! Fint å få del e.

    SvarSlett
  2. Takk for spennande boktips! Eg likte veldig godt begge dei to sitata du tok med. Får visst prøve å få tak i denne boka.

    ""Det er ved å gje av seg sjølv at kjærleiken gjev liv, og vert kjelda til livet. Ein har ikkje kjærleik for å oppnå å få barn. Kjærleiken treng inga rettferdiggjering; det er ikkje fordi han gjev liv at kjærleiken er god; det er fordi han er god at han gjev liv." Alexander Schemann i "Til liv for verda"

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja absolutt ei bok verdt å lese. Det han f.eks. skriv om eukaristien er svært himmelvendt og oppløftande :)

      Slett

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)