torsdag 7. desember 2023

Kome, kome no korrebæane mine!

Eg vaks opp på eit lite (svært lite) småbruk der vi hadde nokre sauer. 

Barndomsheimen min på Rovde.
Eg og Ingrid, kona mi, flytta tilbake dit i 2016 og har ikkje angra på det. 

Som sagt, vi hadde sauer då eg var liten, og eg hugsar at desse vart slept fri opp i fjella om våren, og henta ned igjen om hausten. Eg har mange minner frå denne haustsankinga, og eg hugsar spesielt at mor mi hadde eit lokkerop når vi hadde funne ut kvar dei var. Ho ropte "kome, kome no korrebæane (sauene) mine!". Av og til kom dei av seg sjølv.  Andre gongar måtte vi springe det beste vi kunne i ulendt terreng for å kome rundt dei og jage dei i rett retning nedover dalen.

Vi snakkar om lokking. Det var noko med den kjente stemma til mor mi som av til vekte eit slags minne (?) i sauene, sikker eit minne om god mat og godt stell, slik at dei berre kom.


Sauer på fjellet.


Dette med lokking får meg til å tenke på ei anna form for lokking.

Gud som lokkar oss.
Jesus, den gode hyrden, som seier "kom til meg".

Kva kan Gud lokke med? Kva har Gud å bidra med som er forlokkande?

Nytelse

For mange år sidan las eg ei bok av ein kjent amerikansk pastor og teolog som heiter John Piper. Boka heitte "Desiring God - Meditations of a Christian Hedonist". Eg er ikkje samd med Piper i alle teologiske synspunkt, men på dette området meinar eg han er inne på noko vesentleg.

Ein hedonist er ein som er oppteken av nytelse. Hedonisme er eg generelt skeptisk til, men kristen hedonisme slik Piper legg det ut er noko heilt anna. 

Boka handlar om eit utsagn i kortversjonen av Westminster katekisme som er eitt av trusdokumenta for mange protestantiske/reformerte kirker.

Utsagnet er slik:

Spørsmål: Kva er menneskets viktigaste mål?
Svar: Menneskets viktigaste mål er å ære Gud (a) og nyte han for alltid (b).

(Skriftreferansar for dei som vil grave litt i dette:
(a) Sal. 86:9, Jes. 60:21, Rom. 11:36, 1 Kor. 6:20, 10:31, Åp. 4:11
(b) Sal. 16:5-11, 144:15, Jes. 12:2, Luk 2:10, Fil. 4:4; Åp.21:3-4)

Det Piper mediterer over i boka er om dette kan omskrivast litt og framleis være sant:

Menneskets viktigaste mål er å ære Gud ved å nyte han for alltid. Boka konkluderer med at dette er sant og at Gud er aller mest æra når vi nyt han aller mest

Korleis kan vi nyte Gud? 

Tankar om det motsette

Eg har tidlegare hatt forestillingar om at kristendom ikkje handlar om nytelse. Eg trur også mange andre tenker dette idag. At ein tenker at som kristen må du gjere mange ting som du ikkje har lyst til, og slutte med ting du har lyst til. Kanskje fordi ein har vakse opp med ei form for streng vestlands pietisme der alt muleg, for eksempel strikking på søndagar, var gale.

For å illustrere dette vil eg fortelje ei lita historie.

Rundt 1982-83 budde vi på Melhus, og ein kveld hadde vi besøk av eit vennepar frå sunnmøre. Ut på kvelden gjekk mannen inn på kjøkenet og fann ei halvfull flaske med vin i kjøleskapet. Vin vi hadde brukt  til matlaging. Han fylte litt vin opp i eit glas og kom inn til oss andre og sa at no skulle han gjere tre synder på kort tid. Så tok seg ein slurk vin, dansa han rundt på golvet og sa "steike det!". 

Tre synder på rappen; vindrikking, dansing og banning.

Vi log godt, men det var faktisk eit alvor bak. Noko som var litt tungt og trist.

Så, kvar kjem kristen nytelse inn i bildet?
Korleis kan vi nyte Gud? 

Dette kunne eg ha gitt eit langt svar på, men eg vil berre kort konstatere at vitnesbyrdet til millionar av kristne opp gjennom tidene seier at eit møte med Gud, ein nær relasjon til Gud, gir nytelse. Mange, men ikkje alle, vitnar også om ein svært sterk nytelse, ein nytelse som kanskje best kan kan samanliknast med forelskelse eller sterk kjærleik, ja til og med ekstase.

Desse kjenslene, erfaringane, opplevelsane har i enkelte kristne kretsar hatt større fokus. Enkelte gongar har dette fokuset komt inn på eit feilspor, der ein har jakta på opplevingar og kjensler, også kalla svermeri. Ein har søkt opplevingar og kjensler i staden for å søke Gud. Og det forståeleg. Skal eg være ærleg, så har eg av og til gjort det sjølv.

Katolsk lokking

Etter at eg vart katolikk har dette med lokking vorte meir sentralt. For å sei det litt enkelt, så opplever at Kirka er god på å lokke meg til ein sterkare og sterkare relasjon til Gud. Lokkinga skjer ved å presentere mange forskjellige klassiske disiplinar. Disiplinar som er vegar til møte med Gud, vegar til glede, vegar til å nyte Gud. 

Desse disiplinane vert ikkje presentert som tekniske øvingar, men som vitnesbyrd frå kirkefedre, helgenar, munkar og nonner som opp gjennom tidene har erfart og ofte reindyrka å leve i Guds nærvær, og nyte det. Paradokset i mange av desse disiplinane, er at dei inkluderer forsakelse. Men det er eit anna tema. 

Vegane er mange, eg vil berre kort nevne to her.

Vi blir for eksempel lokka til å gå til skriftemål. Bekjenne våre synder for ein prest. Å gå til skriftemål er som å ta ein dusj. Det er ein nytelse etterpå. Du kjenner deg heilt rein og velduftande.

Først og fremst blir vil lokka til å gå til messe.
I alle fall på søndagar. 

På messa er Gud fysisk til stades. Når vi går til nattverd og tek imot brødet og et, så er det eit fysisk og intimt møte med den levande Gud. Ein av måtane å skildre eukaristien (nattverden) på, er at det er eit intimt møte mellom brudgommen Jesus, og bruda Kirka, eller meg for å gjere det meir personleg, der dei to blir eitt. Dette kan av og til kjennast og nytast. Det kan være djupt rørande. Andre gongar er ikkje kjenslene der, men realiteten er den same, uavhengig av kva ein kjenner.

Samstundes er det i katolsk samanheng, slik eg har oppfatte det, lov å nyte livet. Livets goder og gleder som Gud velsignar oss med. Gjennom naturen, mat, drikke, felleskap, humor og så vidare. Også det seksuelle. Innanfor klart definerte rammer. Det siste er eit alt for stort tema til å gå inn på her.

Kling no klokka, ring og lokka frå tusen tårn!

Til slutt, eit lite hjartesukk. Noko eg lengtar etter. Noko eg drøymer om. 

Når eg besøker eit land der Den Katolske Kirke (DKK) er dominerande, til dømes Spania eller Polen, så skjer det noko kvar ein einaste dag som eg elskar. Kirkeklokkene ringer. Dei ringer og lokkar. 


Kling no klokka!


I DKK er det ikkje berre søndagsmesser, men også kvardagsmesser og spesielle festmesser. Og klokkene ringer og lokkar. Skal tru om det var slik her på Rovde i middelalderen, i den katolske stavkirka som var her? Tenk om det hadde blitt slik igjen! Det er lov å drøyme.

Vi nermar oss Jul, og då passar det med ein julesang av Elias Blix, om leikande lokking:

Kling no, klokka! Ring og lokka,
ring og lokka frå tusund tårn!
Tona um frelsa! Kalla og helsa,
kalla og helsa med fred Guds born!
Kling no, klokka! Ring og lokka,
ring og lokka frå tusund tårn!

Songar sæle, englemæle,
englemæle med livsæl ljod!
Far gjennom grender, strøym over strender,
strøym over strender som toneflod!
Songar sæle, englemæle,
englemæle med livsæl ljod!

Englar kveda: Høyr den gleda,
høyr den gleda som her er hend!
Ljoset er runne, livet er vunne,
livet er vunne: ein Frelsar send.
Englar kveda: Høyr den gleda,
høyr den gleda som her er hend!

Sæle stunder, store under,
store under og løyndoms skatt!
Møyi vart moder, Gud vart vår broder,
Gud vart vår broder i julenatt.
Sæle stunder, store under,
store under og løyndoms skatt!

Barn er bore. Barnekåret,
barnekåret ved det me vann.
Anden no føder oss til hans brøder,
oss til hans brøder, Guds born som han.
Barn er bore. Barnekåret,
barnekåret ved det me vann.

Sjå, det dagast, snart det lagast,
snart det lagast til høgtid ny!
Då skal oss klokka leikande lokka,
leikande lokka til helg i sky.

Sjå, det dagast, snart det lagast,
snart det lagast til høgtid ny!

I all denne leikande lokkinga merkar eg at det er Gud sjølv som lokkar.
Eg merkar også at han lokkar slik som mor mi; "kome, kome no korrebæane mine!"

mandag 23. oktober 2023

Godt Nytt

Vi er ikkje akkurat utskjemte med gode nyheiter for tida. Snarare tvert imot. Krigane i Ukraina og Midtausten. Tusenvis som blir drept. Spekulasjonar om at det vil eskalere og involvere Iran og andre land i Midtausten samt Russland.

Krig og rykter om krig

VG skriv om dette kvar dag.

Som om dette ikkje var nok, sper dei på med andre ting som heller ikkje kan kallast gode nyheiter. Her er eit lite knippe frå dagens avis:








Heldigvis er desse bak betalingsmur, så eg slepp å grave meg ned i detaljane.


I tillegg til dette har vi kraftig auka rente og matprisar, og i enkelte landsdelar svært høg straumpris.
Og så har vi klimakrisen, som skaper mykje uvær rett som det er.

---

Ordet evangelium, som vert brukt om dei fire første bøkene i det nye testamentet tyder godt nyttDette er den latinske versjonen av det greske ordet evanglion, og det tyder altså godt nytt eller god bodskap. Det er eit ord som ikkje først og fremst er bibelsk. Det var eit ord som vart brukt om ein kongeleg/keisarleg seiersbodskap eller om fødselen til ein konge/keisar eller når ein konge/keisar kom til makta.

Så når Cæsar vart keisar så vart dette gjerne kunngjort med oppslag her og der, oppslag som gjerne vart lest opp høgt. På oppslaget kunne det for eksempel stå: Cæsar, son av gudar (han vart kalla det), har no fått herrevelde (makta). Cæsar er herre!

Evangeliet om Cæsar.

Den aller første og enkle trusvedkjenninga dei første kristne brukte var; Jesus er Herre! (1. Kor. 12:3, Rom 10:9)

Evangeliet om Jesus Kristus.

Då kan vi lett forstå at denne vedkjenninga som dei kristne brukte kunne være farleg å uttale. Det ein skulle sei for å være trygg var at Cæsar var Herre. Mange plassar vart Cæsar dyrka som ein Gud, og det var generelt krav om lydigheit til Cæsar, viss ikkje kunne det bli farleg. I Cæsars rike måtte du underkaste deg Cæsar for ha eit håp. Cæsars rike var gjennomsyra av makt, sverd, krig, drap . . . og korsfestelse.

Jesus kom/kjem for å representere, og demonstrer eit anna rike, nemleg Guds Rike. Jesus forkynte evangeliet om Guds Rike, der det er Jesus som er Herre, ikkje Cæsar. Verdiane som blir formidla er totalt motsatt av det Caesar formidlar. Jesus seier i bergpreika, elsk dine fiendar, be for dei som forfylgjer dykk, døm ikkje andre (ikkje leik Gud og driv og døm andre) tilgi kvarandre og del med kvarande. Elsk kvarandre. Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born, seier Jesus.


Hebr 12,14

Dette er Godt Nytt.

Dette skjedde for to-tusen år sidan. Kven er Herre idag?

Som kristen vil eg sei:

Jonas Gahr Støre er ikkje Herre.
Kong Harald  er ikkje Herre.
Vladimir Putin er ikkje Herre.
Xi Jinping er ikkje Herre.
Ali Khamenei er ikkje Herre.
Joe Biden er ikkje Herre.

Eller nokon andre. I alle fall ikkje med stor H.

Jesus sa i gårsdagens (søndag) evangelietekst; «Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.» (Matt 22:21). 

Pater Krystian hadde ein svært god tale over temaet då vi besøkte St. Sunniva Katolske menighet i Molde i går. Eg vil nøye meg med å sei at å gi keisaren det som høyrer keisaren til, handlar om, så langt det går å forhalde seg til politiske myndigheitene på ei best muleg måte (f.eks. betale skatt) innan visse grenser (f.eks. etiske grenser), medan å gi Gud det som høyrer Gud til, handlar først og fremst om å gi seg sjølv til Gud.

Vi er hans skaparverk.
Vi er hans.
Vi høyrer Gud til.

Vi kan overgi oss og sei Jesus er Herre.

Eller vi kan synge denne songen som vi sang av full hals då eg var ungdom:

He’s got the whole world in his hands.
He’s got the whole wide world in his hands.
He’s got the whole world in his hands.
He’s got the whole world in his hands.

Eller på Norsk:

1. Han har den hele vide verden i sin hånd,
han har den hele vide verden i sin hånd,
han har den hele vide verden i sin hånd,
ja, han har verden i sin hånd.

2. Og han har stjerner, sol og måne i sin hånd,
og han har stjerner, sol og måne i sin hånd,
og han har stjerner, sol og måne i sin hånd,
ja, han har verden i sin hånd.

3. Og han har alle barn på jorden i sin hånd,
og han har alle barn på jorden i sin hånd,
og han har alle barn på jorden i sin hånd,
ja, han har verden i sin hånd.

4. Og han har deg og meg og alle i sin hånd,
og han har deg og meg og alle i sin hånd,
og han har deg og meg og alle i sin hånd,
ja, han har verden i sin hånd.

Dette har vore trøsta og håpet for millionar av menneske i vanskelege tider (minst like vanskelege som no), opp gjennom tidene. Mange har også erfart at Gud har gripe inn på konkrete måtar. Det finns drøssevis av vitnesbyrd om slike ting. Det er skrive drøssevis av bøker om slike ting.

Det er godt, midt opp i alt som skjer, å legge alt i Guds hender.


søndag 8. oktober 2023

Messe i Volda, og ein profeti.

I går, laurdag 7. oktober 2023, var eg på katolsk messe i Volda. Det var godt å vere med på messe i Volda igjen etter eit langt avbrekk, ein tre vekers tur til våre kjære i Houston Texas. Vi var på katolsk messe i Houston også, nermare bestemt i Magnolia. Og det var fint, men det er altså forsamlinga i Volda som er vår forsamling.

Dessverre er det messe i Volda berre ein gong i månaden. For oss som er bygde-katolikkar, må ein då spe på med messe i Ulsteinvik og Ålesund, eller sjå den på TV. 


Uppheim i Volda.

I Volda vert dei fleste messene gjennomført i ei bygning som heiter Uppheim, samlingsstaden til Volda KFUK-KFUM. Messene er oftast i kjellarlokalet,  ikkje av dei mest estetiske lokala eg har sett. 

Likevel er det godt å være der. I går var det spesielt godt. Det var ei sånn god atmosfære, og det er det oftast. Også pater Waldemar har registrert dette. Etter messa sa han at det alltid er så godt å kome til Volda, fordi det er så god atmosfære. Det er Den Hellige Ånd, sa han med eit smil.

I talen nevnte diakon Svein Kvamsdal ein gamal profeti av sjølvaste Sigrid Undset. Nobelprisvinnaren i litteratur, som no har fått selskap av ein annan katolikk, nemleg Jon Fosse. 

I 1927 profeterte Sigrid Undset at antal trufaste kristne i Europa ville minke. Ho forutsåg imidlertid også at det ville kome misjonærar frå andre verdsdelar som ville snu utviklinga og føre den kristne, katolske trua tilbake til Norge. 

Sigrid Undset har fått rett i begge deler, sa biskop Bernt Eidsvig i ein tale i 2013. Du kan lese meir om talen og profetien i denne bloggen; Sigrid Undsets profeti går i oppfyllelse nå

No, ti år seinare er det enno meir tydeleg det som skjer. Den katolske kyrkja har vokst mykje og den mest nærliggande forklaringa på det er nettop at det har kome svært mange katolikkar frå andre land, mange andre land, og blitt verande her. Og alle desse set sitt preg på messen.

Ja dei er absolutt misjonærar.
Sjølv om dei kanskje ikkje ser på sjølv som misjonærer.

Dei har med seg noko som er gull verdt for oss innfødde. Dei har med seg noko som dei har vakse opp med, noko dei har fått inn med morsmelka, noko som sit i kroppen, ekte og levande. Og smittande.

Når eg såg rundt meg på messa, så var sikkert 80 - 90 prosent av dei som var der opprinneleg frå eit anna land. Kor mange nasjonar som var representert veit eg ikkje. Uansett; dei sang, dei knelte, dei korsa seg. Dei uttrykte alvor og respekt, glede og fridom. 

Der var også nokre innfødde gjestar tilstades, ikkje katolikkar etter alt å døme. Eg såg på dei at det gjorde inntrykk det som gjekk føre seg. Jauda, pater Waldemar hadde nok heilt rett. Den Heilag Ande var der og gjorde sitt verk.

Guds rike kom nær.
Himmelen kom nær.

Eg ber om det skal utvikle seg slik at vi får messer i Volda kvar veke, også på kvardagar.
Eg dristar meg også til med å be om eige lokale, eit eige estetisk lokale.
Amen.

 


fredag 11. august 2023

Dongeribrok

Eg kjøpte mi første dongeribrok, eller mine alle første jeans som det heiter på nynorsk, ned med han Sørn, han Sørn ned på kaia. Eg var vel elleve tolv år vil eg tru. Søren A. Rovde heitte han, og han hadde ein liten butikk ned på kaia med ein lang disk der han stod bak med ein blågrå lagerfrakk på seg. Han henta og slo inn varer. Dei hadde litt av kvart på den butikken, mellom anna dongeribukser, det vil sei jeans, av merket Wrangler.

Skal eg være heilt ærleg så det ikkje naturleg for meg å seie brok. Eg har budd i/på Trondeim, Valderøya, Oslo, Sykkylven og Bergen og dialekta har vorte litt utvatna og blanda. Det er heller ikkje naturleg for meg å seie jeans. Det høyrest litt for pent ut. Bukse eller bokse som eg seier på dialekt er det mest naturlege. For eksempel dongeribu(o)kse, eller olabukse. Olabukse seier eg forresten aldri utan at eg veit grunnen til det..

Ned med han Sørn, han Sørn ned på kaia, kjøpte eg alstå ei Wranglerbukse. Eg hugsar lukta av den enno. Den lukta litt amerika tenkte eg. Også buksemerket bak gav meg amerikavibbar, der Wrangler vart skrive med eit tau som eg straks tenkte var eit lassotau, lasso slik som kåbboiane (cowboyane) brukte. Var det noko eg identifiserte meg med og drøymde om den den tida så var det kåbboiar og indianarar, og eg og andre ungar i nabolaget trena stadig på å kaste lasso og fange kvarande. Av og til kunne det bli dramatisk og ein vart fanga, bunden til eit tre i skogen og forlatt. Men det gjekk alltid bra til slutt. 


Wranglerbukse
.
 

Seinare så har det vorte mange dongeribukser. Dei har fulgt meg heile livet. Bokstavleg talt fulgt meg steg for steg. Typisk pilegrimsbukse. 

Kvar det vart av denne Wranglerbuksa veit eg ikkje, men det eg veit er at den fort vart avleggs. Ut over i syttitalet forstod vi etter kvart at vi måtte ha slengbukse, og dei stakkars mødrene rundt omkring måtte til å sy inn kile i dei gode gamle buksene våra slik at dei fekk sleng. Men det beste var sjølvsagt ei heilt ny dongeribukse med sleng.

 


Eg og bror min Svein Olav med slengbukser.
Sikkert dongeri.
Her skyt vi med luftgevær.


Nokre tok etter kvart i bruk platåsko også. Der gjekk grensa for meg. Eg brukte aldri platåsko!

Så kom 80 og 90-talet, med mange rare for ikkje å sei stygge moter. For dei som ikkje trur meg, så er det berre å sjå filmar frå den tida. 80-talet var verst. Forferdelege bukser og ikkje minst hårsveisar. Eg hugsar kona mi Ingrid hadde ei lang breiskuldra lyseblå (eller turkis) kåpe på slutten av 80-talet, då vi budde på Valderøy. Eg kan idag ikkje skjøne kvifor Ingrid skaffa seg ei slik kåpe. Men som sagt, ser ein filmar frå den tida så gjekk alle rundt med slike breiskuldra greier. 

Vi vert påverka. Det er berre å innsjå det.

Appropo slutten av 80-talet. Denne tida jobba eg i Liaaen Helitron i Ålesund, på eit prosjekt i samarbeid med eit fransk firma som holdt til i Nantes. Prosjektet heitte Øst-Frigg, der det skulle installerast tre fjernstyrte undervannsbrønnar (subsea). Mitt ansvar var fjernstyringa, det vil sei å sørge for at ventilar skulle kunne opererast og at temperatur og trykkmålingar skulle kunne avlesast frå skjermbilda i kontrollromet på Frigg-feltet. Samt mykje automatikk, det vil sei at ventilar gjerne vart automatisk åpna og stengt basert på trykk og temperaturmålingar. Det var eit artig prosjekt. Når eg ser tilbake på livet, så vil eg tru at dette var det artigaste prosjektet eg har vore med på. Vel, nok om det. Eg skal skrive om bukser.

Ei periode av prosjektet, vel eit halvt år, jobba eg stort sett i Nantes. Denne tida hadde det blitt moderne med klorluta dongeribukser. Det tenkte eg at eg måtte prøve, så eg tok å kjøpte klor, fann fram eit av mine dongeribukser, hadde på klor her og der, lot den ligg litt og skylde den så i varmt vatten og hengde eg den opp til tørk. Så vart den etter kvart tørr. Eg meinar det var laurdag og eg tenkte eg skulle gå meg ein tur inn til sentrum i fineveret og kjøpe meg noko godt å ete. Som tenkt så gjort. Eg tok på meg den tørre buksa, ei t-skjorte og joggesko og tok fatt på gåturen frå Rue de l'Ouchette 64, nedover Bd Joules Verne mot sentrum. Ein omlag tjue minutters gåtur. Sola skein, det var passeleg varmt og eg var svolten. Eg sprada nedover og følte meg tøffare enn toget i klora dongeribukse. Då eg nerma meg sentrum og det vart tettare med folk, kjende eg at buksa tok til å verte litt laus. Eg drog den opp, stramma beltet og gjekk vidare. Då eg var nesten heilt nede i sentrum kjende plutseleg litt luft som strøymde inn under ei av lommene. Då såg eg det. Buksa var i ferd med å gå i oppløysing. Eg snudde meg varsamt og lista meg tilbake. Det gjekk greit. Prøvde ikkje fleire gongar.

I 2007 gjorde eg noko uvanleg. Eg var inne på Dressmann på Moa og tenkte å kjøpe meg ei heilt vanleg dongeribukse. Eg fann ei av merket Batistini som sat greit. Ikkje for trang og smal og med litt stretch i livet. Billig var den også. Det var då eg gjorde noko som eg aldri hadde gjort før. Eg kjøpte tre bukser. Saken er at eg har alle tre enno. Eg veit ikkje kva desse er laga av, men det verkar som dei er nesten uslitelege. Eg har har hatt mange andre dongeribukser denne perioden frå 2007 til 2023, Levis, Henry Choice, Lee og så vidare, og felles for alle er at det etter fire fem års bruk blir hål her og der, spesielt på venstre kne, då eg ofte sit med høgre fot over venstre kne. Men ikkje desse Batistini-buksene. 

Nokre vil kansje innvende at det er fordi eg har tre bukser, og det kan no være litt av forklaringa, men eg har ikkje akkurat vore forsiktig med dei. Eg har arbeidd i dei, fiska, gått fjelltur, mala veggar, alt muleg har eg utsett desse buksene for, og dei er nesten like "fine". 


Ei av dei tre Batistinibuksene,
litt slitt og mest på venstre kne,
men ingen hål.

Så har det altså vore ei periode med såkalla "skinny jeans". Altså slike stretchbukser, meir eller mindre pølseskinn-tettsitjande. Eg skal innrømme at eg har brukt slike. Eg skal også innrømme at eg framleis har slike i skapet og som eg har slutta å bruke. Det vart plutseleg klinkane klart for meg at menn i min alder kansje ikkje er så tøffe i "skinny jeans". Spesielt etter at det tok til å dukke nokre illustrasjonar på temaet "eldre menn med s"skinny jeans"" på nettet (facebook), som til dømes denne:


 

Vegen vidare veit eg ikkje.

Kansje eg berre skal gå tilbake til barndomen, satse på Wranglerbukse, utan sleng, uklora, ikkje tilsitjande, ikkje utslitt før kjøp, men som blir lysare etter kvart som dei vert slitt, slike dongeribukser som dei hadde på 60-talet. Viss eg er fornuftig kjøper eg Batistini på Dressmann, eller så kan eg berre bruke dei eg har. Dei varer sikkert lenger enn meg.




onsdag 28. juni 2023

Då vi møtte kirkeveggen

Eg tok ein bestemmelse då eg tok til å blogge; eg ville ikkje skrive noko negativt om det kirkesamfunnet eg var ein del av frå 1995 til 2015, det vil sei 20 år. Kirkesamfunnet var Vineyard. Eg ynskjer heller ikkje å skrive noko negativt no, men peike på noko som eg trur kan være eit generelt problem for framoverlente forsamlingar som vil prøve å snu sekulariserings-trenden i Norge.

Etter sterke opplevingar og møte med ein levande Gud, først på Oase i 1994, så i Oslo Vineyard og det som etter kvart vart Ålesund Vineyard i 1995, hoppa vi uti det og starta Sykkylven Vineyard i 1996. Plutseleg hadde eg og Ingrid vorte pastorar på deltid og fritid. Ganske urutinerte men svært brennande. Vi fekk ein flying start og rundt millenniumskiftet hadde vi vorte omlag 80-90 medlemar. Så stagnerte det litt.

I 2008/2009 kjente vi på kall til gå vidare. Vi ville starte ei Vineyard forsamling i Bergen. Vi såg for oss at det skulle verte ei stor forsamling, i alle fall større enn i Sykkylven. Alt la seg til rette med jobb, hus og flytting, og vi starta opp forsamlinga med eit lite team på 8-10 personar. Det var krevande frå starten av, noko vi hadde rekna med, men det var også mykje bra som skjedde.

For å gjere ei lang historie kort, ein haustdag i 2015 sa det stopp. Eg greidde ikkje meir og Ingrid greidde ikkje meir. Vi var totalt tomme. Alt vi hadde brent for i 20 år, alt vi hadde levt og ånda for baud oss no imot. Vi var skuffa på Gud, oss sjølve og andre. Vi var desillusjonerte. Vi hadde møtt kirkeveggen.

Eit møte med kirkeveggen.

Eg og Ingrid har brukt lang tid på å bearbeide og reflektere over dette. No, snart åtte år seinare, er vi framleis prega. Vi vart såra, skada, og vi kjenner på det enno. Det er framleis vondt å tenke på at det vi brukte så mykje tid, pengar og energi på, enda slik det gjorde.

No skal eg ikkje overdrive. Vi har det kjempebra, men dette møtet med kirkeveggen ligg der som eit traume som ikkje forsvinn så lett.

Når eg har reflektert over kva som gjekk galt, så er det sjølvsagt mange mange små og store ting ein kunne ha nevnt. Mykje var sjølvsagt vår eigen feil. Feilvurderingar, feilsatsingar og kansje litt naive forventningar. 

Men der er eitt begrep eg vil dra fram som eg trur er vesentleg.
Begrepet er resultatorientert.

Etter milleniumskiftet vart det etterkvart mykje snakk om vekst. Kva skulle til for å verte ei veksande forsamling. På leiarsamlingar og sommarleirar fekk vi besøk av pastorar som kom frå store veksande forsamlingar. I ei tid der sekulariseringa tok fart i Norge, saug vi til oss metoder som skulle få fart i sakene. Vi vart resultatorinterte.

Vineyard er ei karismatisk rørsle, det vil sei at ein trur at Gud verkar gjennom teikn, under, profetiar og helbredelsar idag, på same måte som disiplane til Jesus erfarte. Slikt som vi kan lese om i apostelgjerningane. 

Dette trur eg på framleis. Den katolske kyrkja har alltid hatt med denne dimensjonen.

Men det som sneik seg inn på dette området handla også om resultat. Vi fekk høyre historier frå den og den forsamlinga der det skjedde store ting. På konferansar og sommarleirar var det gjerne slike vitnesbyrd ein ville ha fram. Slike som kunne vise til resultat. Til inspirasjon og oppmuntring. For å styrke trua.

Men for oss som ikkje hadde så mange slike erfaringar, som hadde bedt for mange sjuke folk utan resultat, vart dette ikkje til inspirasjon og oppmuntring. Som syndige menneske kjente vi oss meir og meir ubrukelege. Teoretisk og teologisk visste vi sjølvsagt at var fullt ut brukbare, men psyken sa noko anna.

Når det samstundes, for meg, spesielt på jobb (ingeniørjobb ABB), vart meir og meir fokus på resultat, at ein skulle være effektive, framoverlente, pro-aktive og eg veit ikkje kva, så vart det for mykje. Det toppa seg, og eg møtte altså kirkeveggen.

Slik kan det gå.

Eg trur det eg har skrive kunne ha skjedd i svært mange kirkesamfunn, og at mange, spesielt pastorar og kikeplantarar (slike som startar nye forsamlingar) kan kjenne seg igjen i delar av det eg skriv. 

Så.

To ting eg vil sei til slutt:

  1. Vi er evig takksame for alt det fine og gode vi erfarte i Vineyard-tida. Vi har mange fantastiske minner, og møte med mange fantastisk kjekke folk, norske, svenske, danske, amerikanske, engelske, kanadiske og så vidare. 
  2. Min konklusjon er at forsamlingar først og fremst bør ha Guds-fokus, ikkje resultat-fokus. Kun Guds-fokus. Jesus-fokus. Så får vi overlate resultat til Gud. Når eg skriv at eg konkluderer slik, kan det verke som det er min gode ide, men det er det ikkje. Det er ein Jesus-ide, eller snarare eit Jesus-løfte. I Matteus 6:33-34 seier Jesus: "Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde."


tirsdag 27. juni 2023

Identitet

Eg har lenge tenkt på å skrive dette innlegget. I og med at eg skriv dette i juni, så tenker vel mange at eg vil kaste meg inn i den heite debatten om kjønnsidentitet og Pride, men det var ikkje det som var tanken, i alle fall ikkje direkte.

I Store Norske Leksikon står det: "I psykologien er identitet en opplevelse av sine egne egenskaper og likheter med og forskjeller fra andre mennesker. Det grunnleggende identitetsspørsmålet er «Hvem er jeg og hva er min plass i verden?» I utviklingspsykologien er hovedspørsmålet når identiteten dannes og hvordan det skjer." 

Spørsmålet eg utforskar er; kvar er eller kvar har eg min identitet? Eg var litt inne på den same tematikken då eg skreiv mitt første blogginlegg: Kva skal eg bli? Den gongen var det berre nokre veker til eg skulle verte pensjonist, og eg lurte på kva eg skulle bli når eg vart stor. 



Identitet

Identitet handlar om kva eg identifiserer meg med og kva eg ikkje identifiserer meg med. Kva er eg? Kven er eg? Kva vil eg være? 

Kva svarer eg når folk spør kva eg er, kva eg gjer på? 

Det var lettare då eg jobba som ingeniør. Då var svaret; eg er ingeniør. Eg jobbar med det og det. Kjedeleg men greit nok.

Ei stund var eg både pastor og ingeniør. Då kunne eg sjå an kven som spurte, og tilpasse svaret etter det.

Ei stund jobba eg i NAV. Eg hugsar eg likte å svare at eg jobbar i NAV. Litt fordi det er mange som ikkje likar NAV.

No er eg pensjonist. Eg kjenner på at det ikkje er like kult å sei det til folk. Det er litt som å sei at no er det slutt, og så er det liksom så kjedeleg og vanleg. Det er svært mange som er pensjonistar. Altså svært vanleg. 

Eg har faktisk lenge, så lenge eg hugsar, hatt min identitet i at eg ikkje er sånn som alle andre. Eg likar å gå i utakt med flokken og stå litt skeivt på oppstillingsbilete. Etter at eg vart katolikk, likar eg å sei at eg er katolikk fordi det er litt uvanleg. I Norge. Paradoksalt nok så er katolisismen den vanlegaste forma for kristendom på verdensbasis. Men det er ei anna sak.

Eg trur eg hadde likt å svare at eg er professor, eller arkitekt eller arkeolog eller psykolog når folk spurte meg om kva eg var. Men eg har ikkje vore noko av dette. Ein kan ikkje lyge på seg ein identitet.

Er det noko eg er stolt av og som er sentralt i identiteten min, er det at eg har vore gift med samme dama i snart 45 år, at vi har fått tre flotte barn, og sju flotte barnebarn. Eg er pappa. Stolt pappa.

Andre ting eg er stolt av og identifiserer meg med:
- eg er mann
- eg er norsk
- eg er rovdestranding
- eg er knardaling
- eg er musikalsk
- eg har auge
- og så vidare

Så.
Handlar dette om kva eg gjer, eller handlar det om kva eller kven eg er?
Handlar det kun om følelsar eller også realitetar?

Eg er ganske tynn og lett, men har gjennom åra opparbeida meg ein liten kulemage som eg ikkje identifiserer meg med. Eg føler meg ikkje som ein mann med kulemage. Faktum er at eg har kulemage.

Appropo NAV. Då eg jobba der fekk eg eit innblikk i "livets skuggeside", folk som mista jobben, folk som var sjuke, folk som mista jobben fordi dei var sjuke, folk som var plaga med eitt eller anna på ein så alvorleg måte at dei vart uføretrygda. Eg fekk innblikk i kva dette gjorde med folk. Eg fekk ein forståelse av kva det betyr for sjølvbildet, ja identiteten, å være i arbeid, gjerne eit meiningsfylt arbeid. Være til nytte.

Som kristen, viss eg var ein from kristen, så skulle eg vel helst ha skrive, "eg har min identitet i Jesus Kristus, eg har min identitet i at Gud elskar meg". Uavhengig av kva eg held på med som pensjonist, uavhengig av kva eg har oppnådd, uavhengig av kva eg føler, så skulle vel dette ha vore svaret. Fasiten.

Er det så enkelt?
Ja.
Men i praksis er det ikkje så enkelt, og det er eit svar som ein ikkje kan slenge ut på ein lettvint måte. Det er eit svar som stikk djupt djupt inn i rota av kven eg er og kva eg er skapt til å være. Det må pakkast ut og drøvtyggast om igjen og om igjen for å fatte det. Det er ikkje så lett å ta inn.

Det handlar om at vi er Guds born.
Vi er adoptert.

Vi er elska med ein type kjærleik som vi ikkje er i stand til å forstå fullt ut. Ein ubetinga kjærleik.

Å jasså, seier du kanskje. Må du ikkje gjer sånn og sånn, tru og meine dei rette tinga og være snill og grei. Må du ikkje gjere masse greier som du ikkje har lyst til og slutte med masse greier som du har lyst til?

Nei det handlar ikkje om det.
Guds kjærleik er ubetinga. Du kan ikkje gjere noko for at Gud skal elske deg meir og du kan ikkje ikkje gjere noko for at han skal elske deg mindre.

Gud berre elskar, og det han har for oss er berre godt. Det aller beste. 
Det er ikkje han det står på, det er oss det står på, om vi vil ta imot. Åpne oss opp og ta imot.

Eg har prøvt å åpne meg, og av og til har eg vore einig med det David seier i salme 18:20: " Han førte meg ut i ope land og fria meg ut, for han si har glede i meg. "

Å, kor eg kunne tenkt meg å presentere dette svaret til dei som føler dei ikkje har fått det til, dei som er sjuke, dei som har opplevd tragedie på tragedie, dei som ikkje fekk seg familie, dei som har familie som har gått i oppløysing, dei som føler seg utstøytte og forakta, dei som føler dei ikkje duger til noko, dei som ser mørkt på livet og vegen vidare. Og alle andre.

Ein som er fanga i mørkret.


Alt eg nevnte i starten om identitet, kva vi føler vi er (eller ikkje er), kva vi identifiserer oss med (eller ikkje), kva vi gjer på (eller ikkje), kva vi er stolt av (eller ikkje) og så vidare; etter mi meining er ikkje dette vår verkelege identitet.

Det vi verkeleg er, er søner og døtre av den levande Gud.
Ein sterkare identitet finnes ikkje.



torsdag 27. april 2023

Grubersane på Selja

Då eg og Ingrid starta den kristne forsamlinga Sykkylven Vineyard, hausten 1996, hadde vi av og til besøk av ein kar som heitte, og framleis heiter Håvard Sand. Han har nokre brødre som som sikkert er litt meir kjent, Aune og Vebjørn. 

Håvard besøkte oss fleire gongar dei første åra, og kjenneteiknet hans som talar var at han ofte kom med originale og kreative vinklingar på diverse tema. Dette var eit pedagogisk grep som gjorde at eg framleis hugsar ein god del av innhaldet. Ein gong han kom på besøk, eg hugsar ikkje når,  hadde han laga ein song; "Grubers-sangen". Denne hadde han laga i høve eit arrangemang på Grimerud, hovudkvarteret til UIO, ungdom i oppdrag. GRUB står for Guds Rikes Ut-Breder. Eg hugsar berre starten på refrenget; "Grubersene kommer", og vi såg for oss grubersane som kom på sine grubers-motorsyklar mot byen for "innta byen".

Etter dette vart grubers eit begrep som fleire av oss tok i bruk. Vi var grubersar og gjorde grubers-arbeid. Grubersarbeid var typisk "behind the scenes"-arbeid. Sette opp stolar og musikkanlegg, dugnad, vasking og rydding, vedlikehold, pynting og så vidare.

No nyleg var eg og Geir Flacke, min gode ven frå Vineyard-tida og seinare, ein tur til Selja for å gjere litt grubersarbeid.

Du kan lese om bakrunnen for turen her: Vi etablerer venneforening for Selja klostergård

Ragnhild Aadland Høen skriv innledningsvis:

"I 2013 var vi tre katolske familier som kjøpte Tunold-gården sammen, for å sikre jord til en fremtidig klosteretablering på Selja. 8. juli 2022 starter vi en venneforening for alle som vil være med og be og arbeide for Norges omvendelse, for kristen enhet i Norge og for benediktinernes reetablering på Selja"

Vi tok 8.00 båten frå Selje til Selja, og 14.30 båten frå Selja til Selje. Skulerute. Vel inne på Tunold-gården/Selja klostergård, fyrte vi i ovnen og kokte kaffe. Basic needs. 

Sjølve grubersarbeidet var ganske fort gjort. Vi skulle ta mål av to dører og sju vindauge som er modne og tildels overmodne for utskifting. 

Elles gjekk tida til prat, bøn, nyting av medbrakt heimebaka brød (sjå oppskrift her) og godt pålegg,  fottur til klosteret og Sunniva-grotta med ei innlagt pause med sigar-røyking i trappa ned frå grotta. Der sat vi og såg ut over klosterområdet og havet og tok inn den friske lufta blanda med "røykelse". Ein kan bli visjonær av slikt. 

Vi såg ein liten båt som kjempa på i store bølger for å få tak i ei blåse nær ein holme. Det gjekk bra. Tankane gjekk til fortid, notid og framtid. Historia om Sunniva og Seljemennene. Munkelivet på benediktiner-klosteret. Det som skjer akkurat no med venneforeninga. Visjonen om det nye klosteret.
Som grubers er vanleg å gruble litt, og så kan vi gi alt over til Han som var og er og skal kome, ein sann Gud, frå æve til æve.

Her kjem nokre knips frå turen:


På plass i Selja klostergård

Grubersarbeid

Ruinane av det gamle klosteret

Bøn i Sunniva-grotta

Pustepause

Utsikt mot klosterruinane og havet


onsdag 26. april 2023

Ingrid si sterke historie om Jesu nærvær

For mange år sidan, mot slutten av 90-talet, reiste Ingrid (min kjære) saman med ei venninne på ein kristen konferanse i forsamlinga Oslo Vineyard. Temaet for for konferansen var "Indre helbredelse" og Andrew Comiskey frå Desert Stream var hovudtalaren. 

På eit av møta på laurdag, tok Ingrid til å tenke på ei traumatisk oppleving ho hadde hatt då ho var tenåring. Det gjorde svært vondt å tenke på desse minna. Ho gjekk ut av møtelokalet og inn i skogen på utsida, grinande og fortvila over at Dag (meg) ikkje var med. Etter kvart gjekk ho inn igjen der det no var felles lovsong, og folk stod spreidde rundt omkring i salen.

Ho fann ein plass og stå og stod der med lukka auge og bad "kjære Jesus, kom å hjelp meg, dette klarar eg ikkje åleine". Plutseleg kjende ho det tok til å blåse rundt henne. Den gråruta fotside kjolen tok til å blafre. Ho såg seg rundt for å finne ut kvar vinden kom frå, om det var eit ope vindauge eller noko. Men nei det var det ikkje, og vinden bles kun rundt henne.

Ho let att augene igjen og bad vidare. Då kjende ho at nokon kom tett innåt henne, og ei hand som tok eit fast og trygt grep rundt henne. Ho åpna augene igjen, men såg ingen ting, samstundes som ho fekk ei vissheit om at Jesus hadde høyrt bøna, at Han var der, at ho ikkje var åleine, at ho var trygg. Igjen braut ho saman i gråt, men denne gongen var det gledestårer. Det gjekk ikkje lenge før ho gav seg over i lovsangen og sang av full hals.


Appearance of Christ

av Ivanka Demchuk,
Ikonkunstnar frå Lviv i Ukraina
brukt med tillatelse frå kunstnaren

Seinare kjende Ingrid at det vonde var borte som dogg for sola. Heilt borte. Minna var der framleis, men smertene var helbreda, såret var grodd. Ho fekk eit møte med den levande, oppstandne Jesus Kristus. Han høyrde hennar bøn om hjelp, kom nær, tok rundt henne og helbreda henne. På ein konferanse om indre helbredelse, var det nettop det som skjedde.

Denne historia har Ingrid delt med andre utallige gongar, og den har alltid hatt ei sterk kraft i seg. Det har den framleis. Eg tenkte at no var det på tide å skrive den ned og dele den her på bloggen. 

fredag 21. april 2023

Naturen og det overnaturlege

20.04.23 hadde Joel Halldorf (professor i kirkehistorie og skribent i Tankesmien Skaperkraft) eit innlegg i Aftenposten med tittelen "Nordmenn virker for lite åndelige til å forstå Knausgård"

I ingressen står det:
"Karl Ove Knausgårds romanserie har tatt de svenske kritikerne med storm. I Norge er tonen en annen."

Karl Ove Knausgård

Det står seinare : "Hos Knausgård er verden fortryllet, den har en åndelig dimensjon. Og mennesket kan se dette hvis det fester blikket og klarer å holde det fast." 

og

"Knausgårds magiske realisme kan ha overrasket anmelderne, men neppe teologene. For dette er en litteratur forankret i de store religiøse tradisjonene.I disse er hverdagsmystikken og det mirakuløse ofte nær hverandre. Og leser du Knausgårds egen bibliografi finner du også, sammen med filosofi og idéhistorie, samtidige ortodokse teologer, nyplatonisk mystikk og klassiske teologer som Irenaeus og den briljante Dionysios Areopagite.

Alt dette gjorde til at eg sporenstreks (resolutt handling) tok og bestilte første roman i serien, "Morgenstjernen". Dei to neste bøkene heiter "Ulvene fra evighetens skog" og "Det tredje Riket". Eg har som sagt ikkje lest bøkene, så dette er ikkje ei bokanbefaling. Den kan eventuelt kome seinare. Dette med norskane og svenskane er eg no litt usikker på, men temaet tykkjer eg er kjempespennande. 

Eg har kalla dette innlegget naturen og det overnaturlege. Eg trur mange tenker at naturen er det vi lærer om i naturfag og liknande fag, som tek føre det som er fysisk, materielt, handgripeleg, vitenskapleg, det du kan sjå og ta på eller måle med meir eller mindre avanserte måleinstrument. 

Slik tenkjer ikkje eg, og mange med meg. Der er noko meir. Der er noko som ikkje kan målast med måleinstrument, til dømes kjærleik, glede, sorg, savn, lykke, det vakre og estetiske, og uendelig mange åndelege og uforklarlege fenomen som vanlege folk har erfart gjennom alle tider. Der er noko som rører djupt når ein tek imot eit nyfødt barn, når ein høyrer vakker musikk, når vårsola varmar og fuglane kvitrar, når du ser ein film der nokon ofrar livet sitt for å redde andre. Der er noko meir, noko djupt som folk sensar meir eller mindre intuitivt.

Eg såg ein diskusjon på nettet for mange år sidan der dei diskuterte det tidlegare kristendomsfaget, no KRLE, og kva elevande burde lære om Gud og Jesus og andre ting relatert til kristendomen. Eg skreiv ein kommantar, der og eg foreslo og dra kristendomsundervisninga inn som ein del av naturfagpensumet. Eg fekk ikkje særleg gehør for den kommentaren, men eg meinte det eg skreiv. Eg meinar og trur at den åndelege dimensjonen er minst like reell som den materielle, og altså ein del av naturen.

Som eg har skrive tidlegare så har eg dei siste åra prøvt å lese tidebøner dagleg. Ein ting som har vorte meir og meir klart gjennom denne lesinga er kor nært naturen og naturlege hendingar som til dømes vind, regn, torden, snø og is er knytta opp mot det åndelege. Her er nokre eksempel:

Djup ropar til djup når dine fossar durar. 
Alle dine bølgjer og brot slår over meg. 
Salmane 42:8 

For med glede skal de dra ut, 
i fred skal de førast fram. 
Fjell og haugar bryt ut i jubel framfor dykk, 
alle tre på marka klappar i hendene.
Jesaja 55:12 

Halleluja! 
Lovsyng Herren frå himmelen, 
lov han i det høgste! 
Lov han, alle hans englar, 
lov han, heile hans hær! 
Lov han, sol og måne, 
lov han, alle lysande stjerner! 
Lov han, du høgste himmel, 
og vatnet over himmelen! 
Dei skal lova Herrens namn, 
for han baud, og dei vart skapte. 
Han gav dei sin stad for alltid, 
fastsette ei ordning som ikkje forgår. 
Lovsyng Herren frå jorda, 
store sjødyr og alle havdjup, 
eld og hagl, 
snø og skodd, 
stormvind som set hans ord i verk, 
fjell og alle haugar, 
frukttre og alle sedrar, 
ville dyr og alt fe, 
krypdyr og fuglar med venger, 
Salmane 148:1-10

Nokre vil kansje innvende at dei som skreiv dette ikkje hadde den kunnskapen om naturen som vi har idag, og det hadde dei nok ikkje. Samtidig kan ein spørje seg om dei hadde ei åndeleg innsikt som har gått tapt i store delar av vårt sekulariserte samfunn?

Eg trur at den åndelege dimensjonen er nær oss alle, slik som C.S. Lewis beskriv det i Narnia-bøkene. Ungane berre kraup gjennom eit kleskap og havna i ein annan dimensjon, eit parallelt univers. C.S. Lewis var kristen og bøkene er som ein lignelse; det som liknar eit eventyr, handlar om verkelege sannheiter. 

Knausgård meinar mennesket kan sjå den åndelege dimensjonen viss det festar blikket og klarer å halde det fast. Erik Varden, biskop i den katolske kirke, Trondheim stift, er inne på det same i fleire av sine foredrag der han snakkar om at det vi ser kan bli gjennomsiktig, og vi kan få glimt inn i det som ligg bak.

Eg er litt inne på same tema i dette blogginlegget: Matematikk, kråker og vidder

Og så til slutt. For å gjere det heilt klart, eg ser ikkje på meg sjølv som overtruisk. Eg trur ikkje på nissar, tussar og troll. Eg trur ikkje på huldra, småfolk, fossegrimen, nøkken og draugen og mykje anna. 


Det eg trur på er oppsumert dei oldkirkelege trusvedkjenningane. Det sentrale er at eg trur på Gud, og at der er berre ein (treenig) Gud frå æve til æve, og at Gud vart mennesket Jesus Kristus (samtidig som han framleis var Gud), og at Jesus som historisk person bevega seg mellom det naturlege og det overnaturlege på ein naturleg måte. Han åt mat og drakk vin, gjorde vatten til vin, gjekk på vatnet, stilla stormen, vekte opp døde, helbreda lamme, blinde, spedalske etc. og dreiv ut demonar. Eg trur han gav sitt liv på korset, at han døde for våre synder, og at han stod opp frå dei døde og viste seg for disiplane og seinare mange andre. Det er på dette grunnlaget, eit grunnlag som gjev djup meining, eg tolkar det synlege og det usynlege, det materielle og det åndelege, det naturlege og det overnaturlege.

Kristus Pantokrator.
Gamalt ikon.
"Pantokrator betyr all-hersker eller allmektig og er anvendt i den greske bibeloversettelsen for å gjengi det hebraiske Sabaoth. I Johannes' åpenbaring brukes tittelen om Kristus."(Store norske leksikon)



fredag 10. mars 2023

Tredobbel velsigning

Etter at eg vart katolikk, men også ei stund før, vart eg merksam på at vi har ein del kloster rundt omkring i Norge. Før har eg kanskje tenkt; kva nytte har vi av kloster, kva er poenget, kva er samfunnsnytten, er ikkje det dei styrer med svært innadvendt og ein flukt frå den verkelege verda?

No har eg innsett at det ikkje er slik. Langt derifrå. Klostra har blitt kalt Kirka sine lunger og hjerte. I eitt av sine mange blogginnlegg om kloster skriv Ragnhild Høen: 

"Klostrene er Den katolske kirkes største gave til alle kristne i Norge. Her er det faste tidebønner og messer som alle kan delta i, og her får du sjelesorg og åndelig veiledning fra mennesker som virkelig vier hele sitt liv – alt de er og har – til Gud, i kjærlighet. Det er så sterkt! Må Gud gi oss mange, mange flere munker, nonner og prester i Norge. Må vi fortsette med å se oppfyllelsen av Jesajas profeti – i hele Europa: «Dine gamle ruiner skal bygges opp igjen, du skal gjenreise grunnmurer fra eldgamle slekter.» (Jes 58,12) "

Eg vil då legge til noko her. Klostera er ikkje berre den største gåva til alle kristne, men til alle. Ei velsigning som spreier seg over alt. Eg tenkte eg skulle nevne eit kloster som gjer dette på ein svært konkret måte. 

Dette kan gjerne kallast dagens reklameinnslag.

Klosteret er Tautra Mariakloster og velsigninga det er snakk om er tredobbel (minst). Nonnene i dette klosteret lever eit rutinemessig liv i bøn og arbeid, ora et labora. Arbeidet går ut på å produsere hudpleieprodukt og såper. Det som er litt spesielt er at dei ber for dei som brukar produkta. 

På heimesida deira står det:

"Vi ber for alle som bruker våre produkter, og som gleder andre med å gi dem bort. Vi gjør vårt arbeid som en bønn for fred."

Eg og kona mi Ingrid har kjøpt ein del produkt og er svært svært fornøgde.

Kva meinar eg då med tredobbel velsigning:

Velsigning nummer 1: Vi får forbøn. Når vi brukar produktet vert desse bønene konkretisert. Eg tenker det slik at kva gong eg barberer meg med barberingsåpa frå Tautra, så vert eg velsigna med forbøn. Eller når eg brukar dagkremen laga av agurk så skjer det same.

Velsigning nummer 2: Vi får gode produkt som fungerer. Den tørre huda vert mjuk og barberhøvelen glir lett i det glatte såpeskummet.

Velsigning nummer 3: Vårt kjøp er med på å finansiere drifta av klosteret, slik at dei kan halde fram med sine daglege bøner som så igjen er til velsigning for oss. Kvar ein einaste dag.


Her er barberings-såpa som eg brukar.
Dryg i bruk og skummar godt.

Her er dagkremen eg brukar i fjeset. Som aldrande mann merkar eg at
huda har vorte tørrare, og då må ein til å smøre med krem.
Denne agurk-kremen funkar for meg.

Her på innpakninga av ei einebær skrubbesåpe,
står velsigninga på norsk (øverst) og engelsk (nederst)

Produkta kan kjøpast her: https://www.klosterkrem-saape.com

Ha ei velsigna helg 😇

Herren velsigne deg og vare deg!
Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig!
Herren lyfte sitt andlet mot deg og gje deg fred! 

4. Mosebok 6:24-26



torsdag 2. mars 2023

Vargen i Veum

I dagens lesningsgudsteneste, det vil sei dagens første lesning i tidebønsboka for fastetida, kom eg over eit merkeleg uttrykk; vargen i veum. Uttrykket står i ei botspreike av Astérios, biskop av Amáseia på slutten av 300-talet og byrjinga på 400-talet.

Her er avsnittet, der han er Jesus Kristus:

"Da han like etter selv kommer til syne, roper han i egen person og med sin egen røst: „Kom til meg, alle dere som strever og bærer tunge byrder, og jeg vil gi dere hvile" (Matt 11:28). Og hvordan tok han så imot dem som fulgte hans kall? Lett gav han syndenes forlatelse, fort og på et øyeblikk fjernet han det som tynget de bedrøvede. Ordet helliget, Ånden beseglet, det gamle menneske ble begravet, det nye ble født og reiste seg opp ved nåden. Hva mere er det å si? Utlendingen er blitt landsmann, den fremmede sønn, vargen i veum er vigslet, den vanhellige er blitt hellig."

Eg har ikkje lest bøkene om Varg Veum, men eg har sett filmserien som gjekk frå 2007 til 2012. Der var altså Varg Veum ein tøff privatdetektiv som løyste sak etter sak på dramatisk vis. Eg likte godt filmserien utan at eg i det heile tatt tenkte over navnet Varg Veum.

Varg


Men no dukka det altså opp i ei botspreike av Astérios, biskop av Amáseia. Vargen i Veum er vigslet?

Då er det berre å google:

I wikipedia står det: "Varg veum eller varg i veum (norrønsk: vargr í véum) er et norrønt uttrykk, som direkte oversatt betyr ulv i helligdommene eller ulv i tempel, og som ble brukt om personer som ble lyst fredløs etter å ha begått en forbrytelse på et hellig sted eller på et rettssted."

Noko tilsvarande står i Store norske leksikon.

At dette er eit norrønt uttrykk gjorde at eg vart litt mistenksam. Brukte biskopen eit norrønsk uttrykk? Det gjorde han nok ikkje. Eg sjekka eit par andre oversettelsar. Dette er nok ein svært kreativ norsk oversettelse.

I denne samanheng tenker eg også på ein annan Varg, nemleg Varg Vikernes (Greven) som i 1994 fekk ein dom på 21 år for drap og nedbrenning av Fantoft stavkirke. Ein slags Varg i Veum.

Då vert dette eit sterkt utsagn om kva som skjer med den som tek i mot innbydelsen, når Jesus seier „Kom til meg, alle dere som strever og bærer tunge byrder, og jeg vil gi dere hvile". 

Då skjer det noko:

Utlendingen blir landsmann
den framande blir son
vargen i veum blir vigsla
den vanheilage blir heilag

Då er det håp for alle, til og med for vargr í véum. 

Som biskop Astérios seier: "Ordet helliget, Ånden beseglet, det gamle menneske ble begravet, det nye ble født og reiste seg opp ved nåden."

I desse dagar med mange flyktingar frå krigen i Ukraina kan det også være på sin plass å reflektere over at utlendingen blir landsmann og den framande blir son. 

Kanskje vi (eg) kan bidra litt til at dette skjer?

mandag 13. februar 2023

Dei et ikkje spelt i Texas

Tittelen på dette innlegger er inspirert av boka "Dei tek ikkje tran i Texas" av Sigmund Falch (kan anbefalast for dei som ynskjer å forlenge livet). 

Vi, det vil sei eg og Ingrid, har nettopp komt tilbake frå ein tur til Texas. Fire veker på besøk hos Helga (datter), Eric (svigerson), Filippa og Karl (barnebarn). Houston i Texas. Og det var kjempekjekt!!!



Huset til Helga og dei
(midt i bildet), som dei flytta inn i rett før jul.




Eg og Filippa


Karl har sovna




Her har vi planta eit ferskentre.
Fotograf: Filippa

Houston er ein storby med over to millionar innbyggarar. I nærliggande drabantbyar og byggefelt rundt Houston er der over fem millionar innbyggarar.

Så det er mykje folk, i alle fall samanlikna med Rovde med våre cirka tre hundre sjeler.

Eg tenkte eg skulle skrive litt om nokre observasjonar, ting som er annaleis, ting eg likar og ting eg mislikar. 

Observasjon nr. 1: La meg starte med at det er stort. Alt er stort.

Det vert sagt at alt er større i USA, og i Texas er det enno større. Eg veit ikkje om det er sant, men det meste er i alle fall større enn i Norge.

Bilane er større, doskålene er større, butikkane er større, matporsjonane (på kafear og restaurantar) er større, melkeflaskene og juiceflaskene er større, husa er større (og billigare enn i Norge), kjøleskapa er større, parkeringslukene er større, vegane er breiare, kirkene er større (og fleire), avstandane er større og så vidare.

Der Helga og dei bur, i eit nytt byggefelt i eit landleg område, Decker Farms, er ein heilt avhenging av bil. Når vi skulle kjøpe matvarer køyrde vi vanlegvis til H-E-B i Tomball, ein kjempediger daglegvarebutikk som hadde det meste og vel så det. Og det tok si tid (19 minutt å køyre). Ikkje minst når vi prøvde å finne ingrediensane til det heimebaka speltbrødet vi brukar heime. 

Her er oppskrifta:

--------------------------------------------

Speltbrød 2 brød

650 g speltmjøl sikta
250 g sammalt speltmjøl
60 g solsikkekjerner
50 g havregryn
100 g linfrø
1ss salt
1 liter lunka vatten
50 g chiafrø
1 pakke gjær

Slik gjer du:

  1. Rør saman alle ingrediensane til ein laus deig. La deigen heve i cirka 30 minutt under eit klede.
  2. Hell deigen over i to godt smurte former . La heve i ca 45 minutter.
  3. Sett formene i ovnen og steik brøda på 225 grader i 40 minutter. Ta dei så ut av formene og steik dei opp ned på rist i 15-20 minutt til. Dette gjer at skorpene blir sprø.
--------------------------------------------

Observasjon nr. 2: Vi fann ikkje speltmjøl, så vi måtte bruke "All purpose flour" (kveitemjøl) og " Whole wheat flour" (sammalt kveitemjøl) i staden. Så altså, til tross for eit enormt utvalg av alt muleg, så hadde dei ikkje speltmjøl. Vi kunne vel ha funne det på ein eller annan spesialbutikk, men det gaddakje vi. Speltmjøl er tydelegvis ikkje særleg populært i Texas. Derav overskrifta.

Dei et ikkje spelt i Texas! I alle fall ikkje folk flest. Det du ikkje finn på H-E-B er sære greier.

Observasjon nr. 3: Eg laga ei engelsk brødoppskrift til Helga og dei (mest for Eric svigerson sin del), og då brukte eg gram som i originalen, vel vitande om i USA brukar dei ikkje gram

I Norge har vi det metriske system som vart innført ved lov av 22. mai 1875. Som prefiks for desimale delar av einingane innførte vi desi-, centi- og milli- etter dei latinske orda for 10, 100 og 1000, medan dekadiske multipla skulle ha prefiksa deka-, hekto- og kilo- etter dei greske orda for 10, 100 og 1000. Eksempel: Eit milligram er eitt tusendels gram. Ein kilometer er 1000 meter. Enkelt!

Texas (og resten av USA) brukar dei det imperiske systemet. Dette er ei heilt anna og svært forvirrande system. For lengde brukar dei inches (tommar =  2,54 cm), feet (33,38 cm eller 12 inches (!!!)), yard (91,44 cm eller 3 feet (!)) og miles (1609,433 meter eller 1760 yards (???). Det blir ikkje betre når ein snakkar vekt. Der er det grain, ounce, pound, stone og ton (eg orka ikkje legge inn tala her). Heller ikkje for volum er det lett. Der er det fluid ounce, pint, quart og gallon (eg orka ikkje legge inn tala her heller).

Dette imperiske systemet, viss ein i det heile tatt kan kalle det system, tykkjer eg er svært irriterande. Å finne ut kiloprisen på noko eller bensinprisen pr. liter er krevande. Å finne ut kor stort eit hus er (oppgitt i square feet) er krevande, for ikkje å snakke om kvadratmeterpris i norske kroner. 

Så, over til noko heilt anna. Turgåing.

Observasjon nr. 4Viss du ikkje vil bruke bil men gå litt rundt i nærområda, så er ikkje det berre berre. Eg er no vant med at ein kan gå stort sett der ein vil, men eg oppdaga etter kvart at slik er det ikkje i Texas. Du har no bydelar der det finns fortau, f.eks. the Woodlands som vi reiste til av og til, og du har parkar med flotte turstiar. Men då må du altså køyre bil for å kome dit. Eg gjekk mange turar rundt i byggefeltet der vi budde og prøvde å finne veiar, stiar, der ein kunne gå tur. Byggelfeltet ligg trass alt i landlege omgivelsar. Alle stadar vart eg stansa av "private road" eller "no entrance". Eric svigerson sa at han absolutt ikkje ville gå inn på på andre sin eigendom. Etter måten han sa det på, skjøna eg at dette var blodig alvor. 

Vi fann heldigvis områder innanfor byggefeltgrensa
der det var fint å gå tur
😃


Ein dag prøvde vi å gå langs hovudvegen frå byggefeltet til nabobyggefeltet. Vi gjekk ute i grøfta, og det gjekk heilt fint. Har lang trening i grøftegåing langs hovudvegen på Rovde. Så kom det nokre bilar, og dei stoppa nesten heilt opp og køyrde sakte forbi. Vi forstod etter kvart at dette var ikkje normal oppførsel i Texas. Du skal ikkje gå langs vegen i grøftekanten i Texas! Dei trudde sikkert det hadde skjedd noko gale? Etter kvart holdt vi oss lydig innafor grensene til byggefeltet og gjekk tur etter beste evne der.

Så, over til noko heilt heilt anna. Kristendom.

Observasjon nr. 5: I Texas står kristendomen sterkt, i alle fall når ein baserer det på enkle turistobservasjonar. 
Når ein køyrer litt rundt så dukkar det opp kirker over alt. Alle slags kirker. Flate, høge, runde, nedslitte, nye, prangande, anonyme og så vidare. Mange kirker. Veldig mange kriker. Enkelte plassar tett i tett. 

Nokre er så store at ingen skulle tru at noko slikt kunne eksistere. Eit døme på det siste er kirka der Eric svigerson jobbar som designer. Lakewood church. Kirkeromet er eit tidlegare basketball-stadion. Denne kirka er visst nok turistattrakson nr. 2 i Houston. NASA er nr. 1. Å vere på gudsteneste der var litt annaleis enn å være på gudsteneste i Rovde kirke for å sei det sånn.

Lakewood Church er gedigen med sine 16 800 sitjeplassar.
Men to engelske og ei spanske gudstenester på søndag samlar dei omlag 40 000 personar.


Ein av dagane stakk eg innom bokhandelen Barnes & Noble og såg litt på utvalget i kristne bøker, og det var enormt. Berre utvalget av biblar hadde ein heil seksjon.

Biblar på Barnes & Nobles.


Så til slutt. Skikk og bruk.

Observasjon nr. 6: I Texas er folk svært hyggelege. Smilande, pratsomme og høflege. Dette er spesielt synleg i serviceyrker, til dømes på restaurantar og butikkar, men eigentleg ganske generelt, over alt. Og det gjer faktisk noko med stemninga når nokon smiler til deg og spør "how are you today sir?". Som nordmann blir du litt satt ut av eit slikt spørsmål og og svarar kansje litt famlande "not too bad". Etter kvart innser ein at dette berre er overfladiske høfllegheitsfraser som ikkje stikk så djupt. Mannen i kassa er sikkert ikkje så veldig interessert i korleis eg har det. 

Men likevel. Det gjer noko med dagen og stemninga, og bidrog til fire kjekke veker.


Klar for heimreise.
Stormkast og regn på tvers ventar heime.