søndag 8. oktober 2023

Messe i Volda, og ein profeti.

I går, laurdag 7. oktober 2023, var eg på katolsk messe i Volda. Det var godt å vere med på messe i Volda igjen etter eit langt avbrekk, ein tre vekers tur til våre kjære i Houston Texas. Vi var på katolsk messe i Houston også, nermare bestemt i Magnolia. Og det var fint, men det er altså forsamlinga i Volda som er vår forsamling.

Dessverre er det messe i Volda berre ein gong i månaden. For oss som er bygde-katolikkar, må ein då spe på med messe i Ulsteinvik og Ålesund, eller sjå den på TV. 


Uppheim i Volda.

I Volda vert dei fleste messene gjennomført i ei bygning som heiter Uppheim, samlingsstaden til Volda KFUK-KFUM. Messene er oftast i kjellarlokalet,  ikkje av dei mest estetiske lokala eg har sett. 

Likevel er det godt å være der. I går var det spesielt godt. Det var ei sånn god atmosfære, og det er det oftast. Også pater Waldemar har registrert dette. Etter messa sa han at det alltid er så godt å kome til Volda, fordi det er så god atmosfære. Det er Den Hellige Ånd, sa han med eit smil.

I talen nevnte diakon Svein Kvamsdal ein gamal profeti av sjølvaste Sigrid Undset. Nobelprisvinnaren i litteratur, som no har fått selskap av ein annan katolikk, nemleg Jon Fosse. 

I 1927 profeterte Sigrid Undset at antal trufaste kristne i Europa ville minke. Ho forutsåg imidlertid også at det ville kome misjonærar frå andre verdsdelar som ville snu utviklinga og føre den kristne, katolske trua tilbake til Norge. 

Sigrid Undset har fått rett i begge deler, sa biskop Bernt Eidsvig i ein tale i 2013. Du kan lese meir om talen og profetien i denne bloggen; Sigrid Undsets profeti går i oppfyllelse nå

No, ti år seinare er det enno meir tydeleg det som skjer. Den katolske kyrkja har vokst mykje og den mest nærliggande forklaringa på det er nettop at det har kome svært mange katolikkar frå andre land, mange andre land, og blitt verande her. Og alle desse set sitt preg på messen.

Ja dei er absolutt misjonærar.
Sjølv om dei kanskje ikkje ser på sjølv som misjonærer.

Dei har med seg noko som er gull verdt for oss innfødde. Dei har med seg noko som dei har vakse opp med, noko dei har fått inn med morsmelka, noko som sit i kroppen, ekte og levande. Og smittande.

Når eg såg rundt meg på messa, så var sikkert 80 - 90 prosent av dei som var der opprinneleg frå eit anna land. Kor mange nasjonar som var representert veit eg ikkje. Uansett; dei sang, dei knelte, dei korsa seg. Dei uttrykte alvor og respekt, glede og fridom. 

Der var også nokre innfødde gjestar tilstades, ikkje katolikkar etter alt å døme. Eg såg på dei at det gjorde inntrykk det som gjekk føre seg. Jauda, pater Waldemar hadde nok heilt rett. Den Heilag Ande var der og gjorde sitt verk.

Guds rike kom nær.
Himmelen kom nær.

Eg ber om det skal utvikle seg slik at vi får messer i Volda kvar veke, også på kvardagar.
Eg dristar meg også til med å be om eige lokale, eit eige estetisk lokale.
Amen.

 


3 kommentarer:

  1. Veldig kjekt at du deler Dag. Ble litt opplyst i dag også😃🙏

    SvarSlett
  2. Jag har börjat gå på mässa i Norrköping. Jag har också tänkt på att jag sitter (står) där med hela världen, all världsdelar.
    Prästen är från Indien dessutom.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei 😃 Veit ikkje kven du er (er det Jörn kansje?), men takk for kommentar. Eg også har denne kjensla av å være med på noko stort. Ja, det er mange nasjonar representert i messa, men det er også tanken på det samtidig er messe tusenvis av andre plassar rundt omkring i verda, som har dei same tekstlesingane og omlag same liturgi. Ei slags kollektiv bevisstheit.

      Slett

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)