søndag 9. mai 2021

Fokus

Eg har alltid sett litt opp til folk som er fokuserte, som har klare mål og som går mot målet med stødige steg. Dei får utretta store ting, vesentlege og viktige ting som set spor. 

Eg har av natur mest lyst til å gjere unyttige ting på impuls. No når eg har blitt pensjonist kan eg eigentleg gjere det heile tida, altså gjere unyttige ting på impuls.

Men det går ikkje, då blir det berre tull, forfall og veldig mykje bortkasta tid.

Den gongen eg var pastor brukte eg å sei til forsamlinga at ein må gjere det ein ikkje vil for å bli det ein vil. Til dømes, vil du bli sprek må du trene. Dei fleste vil bli spreke, men har ikkje så lyst å trene. Eg sa altså dette til forsamlinga men var ikkje særleg disiplinert sjølv.

Apropos disiplinert, eg brukte også å sei at å være disippel medfører disiplin. Du bør være disiplinert. Eg hadde vel lest det i ei eller anna bok? Temaet var åndelege disiplinar. Lese i bibelen kvar dag, ha eit bøneliv, møte opp på alle samlingar, gi tid og pengar til forsamlingsarbeidet og så vidare. Men som sagt, var eg ikkje særleg disiplinert sjølv. Eg var det kansje i perioder, men eg hadde altså mest lyst til gjere unyttige ting på impuls.

I 2006 var Ingrid og eg med på ei tur til Toronto Airport Christian Fellowship på ein stor kristen konferanse. Der fekk vi lære noko nytt, nemleg soaking. Dette vart seinare svært populært i enkelte miljø i Norge. Soaking gjekk ut på at ein skulle legge seg ned, late att augene og ta imot. Det vart sagt i undervisninga at dette handla om å utføre ""- delen i "be så skal de få" (Matt 7:7). 

Det vart sett av rikeleg med tid til å prøve ut dette. Eg hadde stort sett to ulike erfaringar. Anten sovna eg, eller så hadde eg eit sammensurium av tankar som spratt hit og dit. I ein av talane på konferansen fekk vi vite at dette slettes ikkje var noko nytt, men ein eldgamal disiplin som heitte kontemplativ bøn.

Vi tok det uansett med oss heim til forsamlinga og arrangerte soakingkveldar. Eg forstod ganske snart at det var ikkje berre eg som hadde lett for å sovne. Anyway, det var eigentleg ganske fint. Fredeleg og fint.


Kontemplativ mann
(teikning: Dag Knardal)

No, femten år seinare, er stoda litt den same. Eg kunne godt tenkt meg å være meir fokusert og meir disiplinert. Ikkje minst kunne eg godt tenkt meg å være meir fokusert på det som er viktigast, og ikkje la meg distrahere av alle inntrykka, all informasjonen, alle dei dårlege nyheitene, all reklamen . . . all støyen eg blir bombardert med kvar dag.

Det er nemleg det som skjer når du let att augene og blir stille, då kjem støyen frå alle desse inntrykka og øydelegg fokusen.

Etter at vart pensjonist har eg prøvt igjen, å gjere det eg ikkje vil for å bli det eg vil, og eg har lykkast litt. Eg har ei lita bok med tidebøner for ei veke (ein stor del henta frå salmane i bibelen), som eg les/ber fire gongar pr. dag, "Morgonbøn (Laudes)", "Gjennom dagen", "Aftanbøn (Vesper)" og "Ved dagsenden (Completorium)". Og så les eg eg ein del andre ting og høyrer litt på oppbyggelege podcastar (gjerne kombinert med fysisk arbeid). Av og til har eg lengre perioder med bibelstudium og boklesing. 

Gjennom dette har eg fått ein lengsel etter å trenge enno djupare, kome enno nermare Gud, livets kjelde, kome nermare Jesus, få skarpare fokus, få bort all støyen, så eg kan høyre og sjå klarare og klarare.


onsdag 5. mai 2021

Den vakre

han kjem om natta
den vakre allmektige
han kjem gjennom seg sjølv
gjennom nådedøra
han kjem med brennhug
for å gjer det som er naudsynt
for å tilgi, tale liv og rense

han går med faste steg
mot innste romet
dei ørsmå bjellene på kjortelen
sender bølge på bølge med sælebot 

den vakre stansar innst inne
og tek fram kalken
tankar og sinn roar seg
som om sjela held pusten

så tømer han ut, øser ut,
store mengder av velduftande olje

igjen blir alt nytt
som om det var første gongen
alt blir nytt og alt blir godt

den vakre allmektige snur seg
og ser på meg
augene hans lyser mildt
med brennande kjærleik

så seier han til meg med lyden av tusen vakre tonar
«Eg er din og du er min»
vi syng i lag, ler i lag,
leikar i lag og skaper i lag.

- - - 
Dikt - Dag Knardal 8 desember 2018 

Røter

Det er sikkert mange som held på i hagen i desse dagar, og då dukkar det gjerne opp røter, litt for mange røter. Enkelte vekstar har svært lange røter med mange forgreiningar. Nokre vil vi gjerne bli kvitt, for eksempel skvalderkål. Men det er nesten heilt umuleg.

Ei anna plante som er vanskeleg å bli kvitt, er den kristne kirka. Mange har prøvt utan å lykkast. Planta er framleis levande, ja ein kan nesten sei frodig (dei norske greinene er kansje litt dvaske for tida, men der er liv i dei også)! Og røtene er lange, omlag 2000 år lange. Tilbake til den gong kirka starta. Men eigentleg går dei enno lenger tilbake, til jødefolket og jødedomen, ja heilt tilbake til skapelsen, då Gud sa "la det bli lys" . . . og kansje lenger enn det også?

Det siste halvåret har eg studert og lest litt om desse røtene. 

Det starta med ei bok,  "21 kirkefedre - Historien om hvordan kristendomen ble utformet" av Peter Halldorf. Dette er ei lettlest og spennande bok som tek for seg korleis kristendomen tok form etter at alle apostlane til Jesus var døde. Historia er formidla ved 21 korte biografiar, frå Ignatius av Antiokia (30 -70) til Simeon den nye teologen (949 - 1022).

Då eg las denne boka, var det fleire ting som greip tak i meg og førte til fornyelse, samt ein lengsel etter å grave enno djupare.


Halldorf skriv i introduksjonen til boka:

"Hva er det viktigste du selv har lært i din omgang med kirkefedrene?» undrer noen. Forhåpentlig å kunne skille litt bedre mellom det absolutte og det relative i den kristne tro, mellom sentrum og periferi i kirkens liv. Ikke noe er vanskeligere, ikke noe er viktigere. Hva er umistelig og hva kan unnværes? Hva er mulig, eller til og med nødvendig, å oppgi, og hva kan aldri, for noen pris, bli til salgs?

Kirkefedrenes svar står fremfor alt å lese i deres liv. Der for gjør man best rede for deres tro gjennom å fortelle deres historie. Og derfor er kirkehistorien mer enn noe annet helgenenes historie. Det er i mengden av ufullbyrdede, men glødende livsskjebner, kjente som ukjente, at kristendommens hemmelighet trer fram.

Som ein liten intro, vil eg skrive litt om tre av dei 21 personane boka omfattar: 

Athanasius (296 - 373)

Sitat: "Gud ble menneske for at mennesket skulle bli guddommeliggjort."

Inntrykket eg sit igjen med er at Athanasius var ein svært sta person. Då han levde dukka det opp ei lære, Arianismen etter Arius (sjå her: Arianisme), som vart veldig populær og spreidde seg. Dette var ein del av ein større og langvarig debatt om kva Jesus var (hans vesen/natur - kristologi) og definisjonen av den treenige Gud. Arius hevda at Jesus på eitt eller anna tidspunkt vart fødd eller skapt av Gud, og var underordna Gud. Athanasius heldt fast på at Jesus var fullt ut (sann) Gud og fullt ut (sant) menneske, og at han eksisterer frå æve til æve slik som Gud.

I 328 vart Athanasius biskop i Alexandria (som var ein sentral by i kristendomens første tid). Under sine 45 år som biskop vart Athanasius forvist frå Alexandria til saman 5 gongar!

Athanasius stod tidvis nokså åleine i denne dramatiske kampen, men til slutt var det hans syn som vart vedteke som rett lære.

Den som tek seg tid til å sette seg inn i desse debattane vil forstå at dei foregår på eit intelektuelt svært høgt nivå. Det er rett og slett vanskeleg å forstå kva dei snakkar om. Det kirka kom fram til, vart formulert og nedskrive i tre trusvedkjenningar som dei aller fleste kristne kirkesamfunn har som trusgrunnlag:

  • Den apostoliske trusvedkjenning (noværende versjon er frå 700-tallet, men den nesten identiske "romerske vedkjenning" er kjent frå 200-talet)
  • Den nikenske trusvedkjenning (frå 325, med nokre seinare justeringar  i 381).
  • Den athanasianske trusvedkjenning (fra ca. år 500 - basert på det Athanasius kjempa for)) 

Du kan lese meir i Athanasius på Den Katolske Kirke si heimeside: Den hellige Athanasius av Alexandria

Gregor av Nazianz (329 - 389)

Sitat: "For meg er den største aktivitet å være fri fra all aktivitet."

Gregor er ein av dei tre Kappadonske fedre, og gjerne "avbilda" saman med dei. Dei to andre var Gregor av Nyssa og Basilus av Cæsarea. Dei var alle sentrale i den store debatten om Jesu vesen/natur.

Gregor av Nazianz vart også kalla teologen. Halldorf skriv at Gregor sitt teologiske språk er poesi. Fortetta, autentisk og mangetydig. Han forfattar sine teologiske skrifter som ein doxologi - ein lovsong: det er tale til Gud, meir enn om Gud. Dogmene skal syngast som lovsongar eller bes meinte Gregor.

I denne epoka i oldkirka er grensene mellom teologi og poesi flytande. Retorikken er lyrikk, sterk gripande (bortrykkjande) meir enn beskrivane. Så fort teologien vert beskrivande, lurer heresien rundt hjørnet - vranglæren oppstår ofte når det religiøse språket vert rasjonalistisk og forklarande. Slik tenkte Gregor.

Gregor var vel det vi idag vil kalle ein karismatikar, eller kansje karismystikar!

Du kan lese meir i Gregor på Den Katolske Kirke si heimeside: Den hellige Gregor av Nazianz den yngre

Hieronymus (331 - 419)

Sitat: "Vårt mål er Gud, kilden til alt godt."


Hieronymus vert framstilt som ein outsider med eit lunefullt temperament som ofte kom i krangel med mannlege kollegaer! Han hadde også eit ulykkeleg kjærleiksliv. Vel, denne mannen, med god hjelp frå to rike romerske enker, Marcella og Paula, er mest kjent for å ha oversatt det gamle testamentet frå hebraisk til latin, og det nye testamentet frå gresk til latin. Den samla oversettelsen vart kalla Vulgata.

Dette er eit godt eksempel på at helgenane ikkje nødvendigvis var så perfekte, men at Gud likevel kunne bruke dei til noko stort og viktig.

Det er også eit eksempel på at det var mange kvinner involvert. Vi har altså ikkje berre kirkefedre, men også mange mødre.

Det finnes idag meir enn 8000 bevarte avskrifter av Vulgata. Sidan 1546 har Vulgata vore anerkjent som Den romersk-katolske kirkes offisielle bibeltekst.  I 1979 kom ei revidert utgåve, Nova Vulgata.


Du kan lese meir i Hieronymus på Den Katolske Kirke si heimeside: Den hellige Hieronymus

Eg kunne like godt ha skrive om nokon av dei andre heltane (eller helgenane), men slik vart det denne gongen.

Dette var altså den første boka eg las då eg tok til å søke ei djupare åndeleg forankring. Det handla ikkje om tilbakeblikk, men om å søke det opprinnelege, korleis det heile starta. Og eg oppdaga korleis desse forskjellige personane med sine sterke og svake sider og tildels med livet som innsats, vart brukt av Gud til å bygge kirka, stein for stein, der dei dei sjølve var levande steinar!

For meg førte det til fornyelse, lengsel, og vidare vandring mot det katolske. 
Røtene er tross alt katolske!

Paradoksalt nok er forfattaren, Peter Halldorf pinsevenn! Han har også gitt ut fleire bøker med lignande tematikk.