søndag 9. mai 2021

Fokus

Eg har alltid sett litt opp til folk som er fokuserte, som har klare mål og som går mot målet med stødige steg. Dei får utretta store ting, vesentlege og viktige ting som set spor. 

Eg har av natur mest lyst til å gjere unyttige ting på impuls. No når eg har blitt pensjonist kan eg eigentleg gjere det heile tida, altså gjere unyttige ting på impuls.

Men det går ikkje, då blir det berre tull, forfall og veldig mykje bortkasta tid.

Den gongen eg var pastor brukte eg å sei til forsamlinga at ein må gjere det ein ikkje vil for å bli det ein vil. Til dømes, vil du bli sprek må du trene. Dei fleste vil bli spreke, men har ikkje så lyst å trene. Eg sa altså dette til forsamlinga men var ikkje særleg disiplinert sjølv.

Apropos disiplinert, eg brukte også å sei at å være disippel medfører disiplin. Du bør være disiplinert. Eg hadde vel lest det i ei eller anna bok? Temaet var åndelege disiplinar. Lese i bibelen kvar dag, ha eit bøneliv, møte opp på alle samlingar, gi tid og pengar til forsamlingsarbeidet og så vidare. Men som sagt, var eg ikkje særleg disiplinert sjølv. Eg var det kansje i perioder, men eg hadde altså mest lyst til gjere unyttige ting på impuls.

I 2006 var Ingrid og eg med på ei tur til Toronto Airport Christian Fellowship på ein stor kristen konferanse. Der fekk vi lære noko nytt, nemleg soaking. Dette vart seinare svært populært i enkelte miljø i Norge. Soaking gjekk ut på at ein skulle legge seg ned, late att augene og ta imot. Det vart sagt i undervisninga at dette handla om å utføre ""- delen i "be så skal de få" (Matt 7:7). 

Det vart sett av rikeleg med tid til å prøve ut dette. Eg hadde stort sett to ulike erfaringar. Anten sovna eg, eller så hadde eg eit sammensurium av tankar som spratt hit og dit. I ein av talane på konferansen fekk vi vite at dette slettes ikkje var noko nytt, men ein eldgamal disiplin som heitte kontemplativ bøn.

Vi tok det uansett med oss heim til forsamlinga og arrangerte soakingkveldar. Eg forstod ganske snart at det var ikkje berre eg som hadde lett for å sovne. Anyway, det var eigentleg ganske fint. Fredeleg og fint.


Kontemplativ mann
(teikning: Dag Knardal)

No, femten år seinare, er stoda litt den same. Eg kunne godt tenkt meg å være meir fokusert og meir disiplinert. Ikkje minst kunne eg godt tenkt meg å være meir fokusert på det som er viktigast, og ikkje la meg distrahere av alle inntrykka, all informasjonen, alle dei dårlege nyheitene, all reklamen . . . all støyen eg blir bombardert med kvar dag.

Det er nemleg det som skjer når du let att augene og blir stille, då kjem støyen frå alle desse inntrykka og øydelegg fokusen.

Etter at vart pensjonist har eg prøvt igjen, å gjere det eg ikkje vil for å bli det eg vil, og eg har lykkast litt. Eg har ei lita bok med tidebøner for ei veke (ein stor del henta frå salmane i bibelen), som eg les/ber fire gongar pr. dag, "Morgonbøn (Laudes)", "Gjennom dagen", "Aftanbøn (Vesper)" og "Ved dagsenden (Completorium)". Og så les eg eg ein del andre ting og høyrer litt på oppbyggelege podcastar (gjerne kombinert med fysisk arbeid). Av og til har eg lengre perioder med bibelstudium og boklesing. 

Gjennom dette har eg fått ein lengsel etter å trenge enno djupare, kome enno nermare Gud, livets kjelde, kome nermare Jesus, få skarpare fokus, få bort all støyen, så eg kan høyre og sjå klarare og klarare.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)