søndag 8. november 2026

Reisedagbok: St. Josef kapell Volda. Del 2

 I går, laurdag 7. november snakka eg med ei filipinsk dame som bur i Ørsta. Ho fortalde om tida tilbake til 2006, då katolikkane i Volda-området, dei var ikkje så mange, hadde samling i sjukehuskapellet. Seinare vart det leige av Uppheim, men også leige av Volda kirke. Ein omflakkande tilværelse.  No, 20 år seinare, har det skjedd ei stor endring. Det er slutten på ei omflakkande reise, og starten på ny reise med fast lokasjon, men likevel eit nytt og ukjent landskap. 

Dette skiltet har ikkje komt på plass enno, men er bestilt.


Denne siste veka har det skjedd mykje vedrørande vårt nye kapell i Volda, St. Josef kapell. Det har rett og slett gått slag i slag. Onsdag møttes vi ein gjeng til dugnad. Alle borda i møtesalen skulle bærast ned i kjellarlokalet som skal brukast til sosiale samlingar, katekese (trusopplæring), retrett (oppbyggeleg undervisning), kirkekaffi og så vidare. 

I ei katolsk kirke (eller kapell) kan ikkje hovudsalen/kirkerommet brukast til kva som helst. Det er eit heilagt rom som blir brukt til messer (gudsteneste), tidebøner, rosenkransbønn, tilbedelse og korsvandring.

Vi tok også ned alle gardiner og gardinbrett, flytta pianoet frå scena til bak i lokalet. Når eg skriv scena så blir det faktisk litt feil. Det heiter koret. Koret er gjerne adskilt frå salen eller skipet som er den rette betegnelsen med ei nivåforskjell, eitt eller fleire trappetrinn, i vårt høve eitt.

Så satte vi ut omlag sytti stolar i skipet pluss seks stolar i koret. Stolane i skipet vil seinare bli skifta ut med knelebenkar. Sentralt i koret skal alteret være. Medan vi heldt på med dette, sendte pater Waldemar eit bilde til oss av eit nybygd alter som han dreiv og lakkerte:

Ifølge pater Waldemar er dette eit midlertidig alter. Det blir eit veldig fint midlertidig alter. (toppen manglar her)


Vi tek ned gardiner og gardinbrett.




Her har stolane komt på plass.


Krusifiks i kjellaren.




Etter at vi hadde satt opp stolane sette vi gang med vasking av golv, og då måtte vi flytte/stable stolane og skjøna at vi hadde vore litt lite effektive, men men.

Mange kom innom og hjalp til:

Hjelpande hender

Ut på dagen, etter at vi var ferdige, kom ei dame med det vakre navnet Gloria med to store pizza frå Pizzabakeren. 

Vi kosar oss med pizza og cola.

Etterpå var det katekese. Eg gløymde å ta bilde av dette. Temaet denne gongen var avlat. Eg skal ikkje rote meg inn på eit forsøk på ei kortfatta forklaring av kva avlat er og kva det ikkje er, det krev eventuelt eit eige blogginlegg.

Så går det altså slag i slag vidare.

Torsdag dukkar dette bildet i Signal chatten vår:

Alteret har komt på plass!

Fredag dukkar dette opp, eg tippar det er bilde av ei annonse i Møre, lokalavisa i Volda :

Bildet talar for seg sjølv.

Så kom den store dagen. Første messe i St. Josef kapell i Volda. 

Ankomst. Det har teke til å bli skymt ute.

Eg og Ingrid var der klokka halv fem, og det var allereie ei hektisk spent stemning i bygget, spesielt i kjøkkenet (som skal bli til sakristi etter at kjøkkenutstyr er flytta ned i kjellaren) og kjellaren der det blir kirkekaffi. Ein høg andel av dei som har med mat er opprinneleg frå Filipinene, og eg vil påstå at kirkekaffien i Volda er noko for seg sjølv med mange filippinske rettar.

Så tok folk til å kome. Ein jamn straum med kjente og ukjente fjes. Fem på fem vart det litt panisk stemning, vi måtte ha fleire stolar. Vi heiv oss rundt og fekk trykt inn åtte stolar til, meir var det ikkje plass til. Og så kom det fleire, og dei måtte stå. Stinn brakke!

Det var også mykje prating rundt om i romet. Før messa starta gjekk pater Waldemar fram og gav oss ei lita orientering. Han sa at vi enno ikkje har eit tabernakel (eit skap der konsekrert nattverdsbrød blir oppbevart). Som katolikkar trur vi at konsekrert nattverdsbrød er Jesus legeme. At Jesus er reelt til stades. Pater Waldemar sa at sjølv om dette tabernakel ikkje er på plass, så ser vi likevel på romet som eit heilagt rom, og då må vi være stille. Og stille blei det.

Så er vi igang, den historiske messa er igang.


Innleiande bøn



Skriftlesing

Diakon Svein Kvamsdal talar over søndagens tekst. Ja du las rett. Søndagens tekst. Vi har altså søndagsmesse på laurdag.

Jesu lekam

Jesu blod

Så var det nattverd. Så avslutningsbøn. Pater Walderman avslutta med å sei at han var sjokkert over kor mange som kom. Han la også til eit Halleluja! (Eg anslår, basert på antal stolar og antal ståande at omlag 80 personar hadde møtt opp).

Etter at avslutningssangen var ferdig og prest, diakon og ministrantar hadde gått ut i prosesjon bygde det seg gradvis opp eit lettare kaos. Kjellarsalen var alt for liten. Det vart trangt, kombinert med liflige dufter og tett varm luft. Vi fekk etterkvart åpna vindu og dører og etter ei bordbøn av diakon Svein, vart det saktegåande lang lang rekke mot det velduftande matbordet.

Ein liten del av matbordet. Filippinske, polske og norske varmrettar, kaker og salatar i himmelsk blanding. Eg smakte på makrell i sursøt saus (til venstre attmed risen) for første gang i mitt liv. Det smakte overaskande godt.


Eg og Ingrid tok 20:00 ferga tilbake til Lauvstad. Vi sa ikkje så mykje. Det var mykje å fordøye. Kanskje mest ei takksemd over å få lov til å være med på dette som Gud gjer. Og kva skal vi gjer? Vi har for lite plass! Spennande tider på alle måtar.


torsdag 29. oktober 2026

Reisedagbok: St. Josef kapell Volda. Del 1

Her kjem ei litt annaleis reisedagbok. Ei anna slags reise. Det handlar om folk og hus som er på veg inn i noko nytt. Folket er katolikkar og folk som ynskjer å bli katolikkar i Volda og omegn. Huset er Frelsesarmeen sitt hus i Volda som Den Katolske Kirke har kjøpt. Eg skreiv litt om dette for nokre veker sidan i innlegget Kirkeplanting i Volda.

Ei litt artig sak gjeld overskrifta i papirutgåva av Møre vedrørande kjøpet. Der stod det "Katolikkane tek over Frelsesarmeen". Innfødde voldingar oppfatta nok overskrifta intuitivt rett, men for oss andre vart det litt "voldsomt". Det er altså kun snakk om ei bygning i Volda.

Torsdag 22. oktober var eg på Katolsk husgruppe i Volda. Vi er ti personar som starta denne gruppa i haust. Vi et god mat, ehh . .  veldig god mat, og snakkar om eit tema utifrå ei bok vi les. Så langt har vi rotert rundt i heimane til dei som er med. På denne samlinga fanga eg opp at neste dag, fredag altså, skulle det være offisiell overlevering av huset/kapellet klokka tolv. 

Eg planla då ein treningstur til Volda på fredag og hadde skumle planer. Eg og Ingrid trenar på Sporty i Volda, helst to gongar i veka. Ingrid har nettop fått nye linser i begge augene, grå stær operasjon, og hadde "forbud" mot dusjing, så ho heldt seg heime. Eg tok 11:20 ferga til Volda. På vei med ferga sendte eg melding til pater Waldemar og spurte om det var greit at eg kom og var med på overleveringa. Eg fekk tommel opp, og dermed blei eg med på denne historiske hendinga.


Formell overlevering av bygget. Ingrid Bjerke og Marie Alnes til venstre, eigendomsmeklar (som eg ikkje har navnet på) i midten, samt Svein Kvamsdal og pater Waldemar til høgre. Dokumentet som meklaren har i hendene vart etterkvart signert av begge partar.


Eit lite kaffeslaberas med prat etter signering. Bildet er teke i leiligheta i andre etasje i bygget.

Etter dette tok ting til å gå slag i slag relativt kjapt. Det er mange ting som skal på plass i eit katolsk kapell, til dømes alter, lesepult, jesus-krusifiks, Maria og Josef (statuer eller bilder), knelebenkar og mange mange andre ting. Som de ser på øverste bildet så ser hovudsalen litt typisk eldre bedhusaktig ut. Her vil det etter kvart bli ein noko meir sakral stil. Men korleis dette utartar seg, korleis det blir sjåande ut, vel det er nettop litt av dramaturgien på denne reisa og vil bli dokumentert i dei neste bloggane.

Ein del ting er allereie bestilt, noko blir laga og noko får vi. Vi har fått lovnad om eit brukt orgel frå Tyskland. Utfordringa med det er å få nokon som kan reise ned dit, demontere det, frakte det Norge og montere det. Vi jobbar med saken. Vi tek gjerne imot tips.

Eit orgel i passande størrelse. 



Onsdag 21 fekk vi melding frå pater Waldemar om at biskop Erik Varden i Trondheim stift (som vi er ein del av) hadde bestemt at kappellet skal vigslast til den heilage Josef, Jesus sin stefar/fosterfar og Marias ektefelle. Sjølve vigslinga av kapellet vil biskopen utføre når "oppgraderinga" av kirkeromet er ferdig. Navnet kan vi derimot ta i bruk med ein gong. Navnet er altså st. Josef kapell. Tenk på det! St. Josef kapell i Volda. Kling bra.

Og så har vi ei anna gruppe, litt samme folka som i husgruppa saman med ein del nye,  som samlast til katekese annakvar veke. Katekese er rett og slett opplæring i katolsk tru og praksis. Denne gruppa/samlinga er åpen for alle. 

I går onsdag 28. oktober, hadde vi vår første samling i St. Josef kapell, og altså i dette høvet katekese. Ny historisk milepæl. Vi var sytten personar samla, og då var det to som ikkje kunne kome.

For å sei det slik, det er noko skjer her. I vår dukka to sytten år gamle voldagutar opp på katekese. I haust har det så langt dukka opp seks til frå ymse plassar i nærleiken, nokre unge, nokre litt eldre. Det virkar som det som skjer er ein lokal versjon av det som skjer rundt om i heile Norge. Dei tradisjonelle kirkesamfunna, katolske og ortodokse er i vekst. Dette viser seg også i statistikk. Dei siste tala frå SSB viser at dei katolske og ortodokse står for 96% av medlemsveksten for kristne kirkesamfunn utanfor DNK.

Eg skriv ikkje dette fordi vi no er høge i hatten og slår oss på brystet. Nei, hovmod står for fall. Dette er noko som gjer oss audmjuke. Eg kjenner når eg skriv dette, så må eg gå litt i meg sjølv. Eg kjenner at eg kanskje er pittelitt høg i hatten. Ja ja, anyway; vi er berre observatørar. Dette berre skjer rett framfor augene på oss, det er noko som Gud gjer og det er nesten fristande å "rope" ut eit aldri så lite halleluja.

Vel, vi var altså samla, og då ville pater Waldemar foreta ei husvelsigning. Som sagt, vigsling av kapellet skjer seinare. No var det velsigning, og for første gang røykelse. Ny milepæl.



Slik ser scena ut, eller koret som det vil heite når vi har fått omkalfatra, fått inn alter og diverse greier. Eit midlertidig krusifiks har komt nesten på plass. Ei lampe bak korset øverst må fjernast før vi kan henge det opp.



Her utfører pater Waldemar ein husvelsignelse som han les frå Katolsk Bønnebok. Røykelsen står på bordet saman med vievatten og to små kors. Der er røyk, og vi lukta røyk, men det viser ikkje på bildet. Som del av velsignelsen vart det kasta vievatten på korset framme og dei to små korsa på bordet. Heilt til slutt vart det kasta vievatten på oss som var tilstades. 


Nærbilde

I dagens katekese handla det om den heilage Ignatius av Loyola og Ignatiansk bibelmeditasjon. Spennande undervisning og samtale. 

Eg har ingen bilder av resten av folket, rett og slett fordi eg gløymde å ta bilde. Kansje like greit på noverande tidspunkt?

Eg vil avslutte med eit sitat frå husvelsignelsen, henta frå salme 127:1-2:

Dersom Herren ikkje byggjer huset,
arbeider bygningsmennene fåfengt. 

Dersom Herren ikkje vaktar byen,
vaker vaktmannen fåfengt. 

Fåfengt står de tidleg opp og set dykk seint ned
og et brødet de har slite for.
Det same gjev han venene sine medan dei søv. 


mandag 28. september 2026

Kirkeplanting i Volda

Kirkeplanting har vore eit populært ord blant kristne dei siste 20-30 åra. Dette er sjølvsagt ei organisk formulering med eit ord som er henta frå planteriket. Planting. Og tenk gjerne stiklingar. Du har ei plante (kirke) og så tek du ein bit av denne (stikling) og plantar ein annan stad, og vips, så har du ei ny plante (kirke) av same slag som den opprinnelege planta (kirka).

Det har altså vore ei bevisst satsing på å plante nye forsamlingar for å nå nye med evangeliet. Sendt Norge, er for eksempel ein organisasjon som jobbar med dette. (Link: https://www.sendtnorge.no)

Her er eit illustrasjonsfoto frå første runde med kirkeplanting i Norge.
Dette er Heddal stavkirke, bygd på 1200 talet.


Eg og Ingrid har vore med på dette to gongar før. Vi var med på å plante Sykkylven Vineyard i 1996, og Bergen Vineyard i 2010. Sjølv om det skjedde mykje bra gjennom dette (og sikkert meir enn det vi veit om), både i Sykkylven og Bergen, er det eit faktum at ingen av desse to forsamlingane finnes idag. 

I Bergen møtte vi "kirkeveggen" og det har eg skrive om i dette blogginlegget: Då vi møtte kirkeveggen. Då vi flytta til Rovde var vi slitne og desillusjonerte og hadde absolutt ingen tankar eller draumar om å vere med på ei ny kirkeplanting.

I 2021 konverterte vi til den Katolske Kirke (noko eg har skrive mykje om før). Vi tilhøyrer Ålesund sokn, og den fysiske kirka er altså lokalisert i Ålesund, like ved Nørvasundbrua og heiter Vår Frue kirke. Der er det messer kvar søndag, samt kvardagsmesser. I tillegg har det vore messe i Volda ein gong i månaden, Ulsteinvik ein gong i månaden og Hareid (på polsk) ein gong i månaden. 

No er det eit godt stykke frå Rovde til Ålesund, så vi som bur nær Volda har lenge drøymt om at det skal bli eit betre tilbud i Volda. Eg skriv litt om det i denne bloggen: Messe i Volda og ein profeti.

OG NO SKJER DET!!!

Det er ikkje ofte eg skriv med store bokstavar, men no er det heilt på sin plass. Ut på vårparten i år kjendte eg og Ingrid at vi hadde behov for meir felleskap på det jamne, og vart med på eit truskurs i Volda. Det var veldig kjekt og inspirerande å bli kjendt med nye folk. Så, ut på våren fekk vi høyre at det no var eit ynskje/visjon om å etablere kyrkje/kapell i Ørsta/Volda - området. Vi vart svært gira alle saman og tok til å sondere området etter passande bygningar.

Snart fekk vi høyre at Frelsesarmeen skulle legge ned arbeidet i Volda og deire lokale ville bli ledig. Diakon Svein Kvamsdal tok kontakt og tok tak i prosessen vidare. Og her kan vi absolutt snakke om kort prosess.

Svein seier om den første kontakten med Frelsesaremeen: 

– Eg spurde kva dei hadde tenkt å gjere med huset, om dei skulle leggje det ut eller selje. Då fekk eg spørsmål tilbake om vi var interesserte.

I dag 28. september 2026, kom nyheita i avisa Møre:


Her ser vi Frelsesarme-damene Marie Alnes og Ingrid Bjerke gi eit symbolsk handtrykk til pater Waldemar Jachymczak  og diakon Svein Kvamsdal

Heile innlegget kan lesast her: Møre. Det er dessverre bak betalingsmur, men betaler du 5 kr. kan du lese alt 😀.

Tanken er no å samle all aktivitet på Søre Sunnmøre i Volda.

Og så er det mykje som må gjerast for å katolikkisere, eller kva det heiter, lokalet. Det trengs alter, tabernakel, benkar (der ein kan knele) og så vidare. 

Og så kan ein spørje seg, er det behov for ei katolsk kirke i Volda? Ja, absolutt. I vår til dømes, hadde vi messe i Volda i sjukehuskapellet som er eit relativ lite kapell, eg tippar 40-50 kvadratmeter. Vanlegvis har messene vore på Uppheim som er ein god del større. Vel, på denne messa kom det omlag 50 personar. Eg vil anslå 25 prosent av forsamlinga måtte stå. Så vi er ein bra gjeng, potensialet er stort, og berre i haust har fleire nye dukka opp. Så ja, spennande tider.

I innlegget i Møre seier Ingrid Bjørke at det er vemodig å avslutte verksemda i huset, men dei er glade for kven som tek over.

– Vi har det aller viktigaste saman, og det er trua på Jesus som verdas frelsar. Vi praktiserer litt forskjellig, men vi synest det er flott at dette huset framleis skal vere eit gudshus, seier ho.

Vi har ei chatgruppe på Signal der det har hagla med begeistra ytringar og emojis idag, og eg vil ta med noko pater Waldemar skreiv som rørte ved mitt kirkeplantarhjerte:

- La oss sammen takke Gud for vårt nye kapell – for et sted der Jesus skal samle oss og gjøre oss til ett, og for et sted der han skal helbrede og forvandle menneskers hjerter.

Appropo kirkeplantarhjerte. Eg kjenner at Gud er i ferd med å helbrede såra mine frå tidlegare erfaringar med kirkeplanting, at eg får ein ny sjanse fylt med sprudlande glede. Og det er no typisk Gud å gi nye sjansar. 

Trur Ingrid kjenner på det same, og i morgon blir ho 67 år.

tirsdag 28. april 2026

Dupuytrens kontraktur

I går, mandag 27. april var eg ein tur til Volda sjukehus og opererte venstre hand under full narkose. Det gjekk heilt fint. Omlag i 2007 hadde eg to liknade operasjonar, med full narkose. Ein på venstre og ein på høgre handa. I dei 19 åra fram til i dag har eg hatt tre eller fire småoperasjonar med lokal bedøvelse. Desse var verst. Dei første nålestikka rett i handflate og finger var forferdeleg smertefulle. 

Ein liten observasjon: Etter narkose i 2007 var eg desorienter og uggen når eg vakna. Det var eg ikkje i Volda anno 2026. Framskritt.


Bildebevis

Kva er så greia? Dupuytrens kontraktur heiter sjukdomen. Dupuytrens kontraktur, ofte kalla «krokfinger» eller «vikingfinger», er ein arveleg bindevevssjukdom der hinna i handflata tjuknar og dannar stramme strengar. Dette fører til at fingrar (vanlegvis ring- eller veslefingeren, men eg fekk det også i venste peikefinger) gradvis bøyer seg innover og ikkje kan rettast ut. Tilstanden er vanlegast hos menn over 40 år.

Eg likar best uttrykket "vikingfinger". Tilnamnet «vikingfinger» kjem av at tilstanden førekjem oftare blant folk frå Norden enn frå andre delar av verda. Noreg og Sverige er blant landa med den høgaste førekomsten i verda.

Sjukdomen er oppkalla etter den franske kirurgen Guillaume Dupuytren (1775–1835), som i 1831 skildra ein operasjon for å rette opp tilstanden.

På høgre handa er langfingeren, som har vore operert før, litt krøkt men stabil. Må muligens opererast etter kvart. Time will show.


Så no er det berre å ta det med ro nokre dagar og veker. Stinga blir fjerna om to tre veker. Dei første fire dagane går eg på ein del smertestillande inkludert morfin, så livet er ikkje så verst 😀. Det har også sine fordelar. Plenen mellom bilvegen og Knardalselva var klar til klipping. "Knarris 315" (robotklipparen vår) klipper berre på andre sida av bilvegen.

Plenen måtte altså klippast, og då måtte Ingrid trå til. Dette er normalt mitt domene.

Då er Ingrid igang med klipping.

Etter klipping ymta Ingrid frampå om at vi burde få oss robotklippar på denne sida vegen også, og det er eg samd i. Det finnes kjekkare måtar å trimme på enn å klippe plen. Gjerne ein utan ledetråd i bakken som er noko herk. Så no er det berre å jakte (prisjakt.no) på gode tilbod.

No kosar eg meg med denne:





mandag 13. april 2026

Velg livet

 I 2025 skreiv eg 41 blogginnlegg. I år har eg ikkje blogga i det heile tatt. Eg tenkte difor at det var på tide med eit livsteikn. Jauda, eg er i live og alt er såre vel. 

Appropo livsteikn: I helga var eg og Ingrid på ein minikonferanse i St. Olav domkyrkje i Trondheim, ei årleg greie kalla "Misjon 2030". Tanken er å førebu seg til feiringa av tusenårsjubileet for slaget på Stiklestad. Fokuset er misjon med eit katolsk perspektiv,

Temaet denne gongen var "Velg livet".

Hovudgjestane var fire nonner frå "Sisters of life". På heimesida deira står det dette om dei (oversett til nynorsk av ChatGPT):

Sisters of Life er eit kontemplativt og aktivt romersk-katolsk fellesskap av kvinnelege ordensmedlemmer som avlegg dei tre tradisjonelle løfta om fattigdom, kyskheit og lydnad, samt eit fjerde løfte om å verne og fremje det heilage ved menneskelivet. Fellesskapet vart grunnlagt av kardinal John O’Connor i New York i 1991, og fekk formell godkjenning som religiøst institutt i 2004 under kardinal Edward Egan.

I dag tener dei i (erke)bispedøma New York, Albany, Bridgeport, Philadelphia, Denver, Phoenix, Washington D.C. og Toronto i Canada. Misjonane deira omfattar å hjelpe kvinner som er sårbare for abort ved å gi dei støtte og ressursar slik at dei kan velje livet for seg sjølve og barna sine; å arrangere helgeretrettar; evangelisering; oppsøkande arbeid blant studentar; og å hjelpe kvinner som har opplevd utfordringar etter abort til å møte Jesu Kristi miskunn og finne lækjedom.

Sisters of life.

Dei sette tonen, bokstavleg talt, på åpningsmøtet fredag kveld. Med ein enkel song, med ein enkel kassegitar, eit kort refreng: Come Lord Jesus come. Og vi alle song med. Og Jesus kom og alt vart levande. Eg hugsar godt songen frå mi tid i Vineyard. Det var ein Vineyardsong skriven av Brenton Brown.

Her er heile teksta:

All who are thirsty
All who are weak
Come to the fountain
Dip your heart in the stream of life
Let the pain and the sorrow
Be washed away
In the waves of his mercy
As deep cries out to deep
(We sing)

Come Lord Jesus come (3x)
Holy Spirit come (3x)

For meg personleg traff denne innleiinga rett i hjertet. Så kom alle dei livgivande historiane dei fortalde. Eg vil kort dele to av dei:

1. Ein dag banka det på døra til klosteret. Ho som åpna såg ein gjeng med storvokste karar stå der og ho vart litt bekymra. Då gjekk ein av dei fram og presenterte seg. Dei var basketballspelarar og han ville vise kompisane sine plassen der han hadde blitt født! Heile gjengen vart invitert inn og bekymring vart snudd til glede og feiring.

2. Ei kvinne hadde bestilt taxi. Ho skulle til abortklinikken for å ta abort. Men taxisjåføren køyde til klosteret istaden. Der vart ho godt motteken. Ho vart værende og fødte etterkvart barnet sit der.

Laurdag morgon skifta fokus frå starten av livet til slutten av livet.

Først hadde biskop Erik Varden eit fantastisk foredrag om dei komplekse problemstillingane i samband med såkalla aktiv dødshjelp (også kalla eutanasi eller assistert sjølvmord). Mot slutten knytta han dette opp mot kristenretten som vart vedtatt på Moster i 1024. Der vart det blant anna vedteke:

  • Forbud mot å sette nyfødte barn ut i skogen, ei handling som tidlegere var en akseptert måte å handtere uønska barn på. (Starten av livet)
  • Forbud mot ættestupet – ein praksis der gamle eller udugelige blei kastet utfor stup for å avlaste ætta. (Slutten av livet, sjukdom, udugelegheit)

Biskop Erik Varden

Etterpå kom eit foredrag med Torstein Husby som han kalla vaksenopplæring.

Dr.med Torstein Husby (tidligare overlege)

Jauda, det var vaksenopplæring. Eg lærte mykje og vart sjokkert over utviklinga på dette området. Eg vil spesielt nemne to land, Nederland og Canada som har praktisert aktiv dødshjelp i mange år. Nederland sidan 2002 og Canada sidan 2016. Det skremande var at antal assisterte sjølvmord i desse landa har auka nermast eksponentielt opp gjennom åra. I Nederland er omlag seks prosent av dødsfalla idag på grunn av assistert sjølvmord. Begrunnelsen for å ta livet sitt var mange, men eg vart litt sjokka av at demens og revmatisme var høgt oppe på lista.

Torstein Husby poengterte også at det å avslutte livsforlengande behandling når det ikkje lenger er håp om betring, og nermast la naturen gå sin gang, eventuelt med smertelindring, at det er noko heilt anna. Dette er ikkje aktiv dødshjelp. 

Vel, dette var tunge og alvorlege tema, men svært aktuelle. Og debatten er høgaktuell i Norge. Paradoksalt nok har Norge ein 0% visjon når det gjeld sjølvmord.

Dagen vart avslutta med ein paneldebatt som eg ikkje tenkte å referere her sjølv om den var proppfull av innsikt. Så kom heldigvis Sisters of Life på banen igjen og stråla med sitt Jesusnærvær i ord og tonar.

Innimellom alt dette hadde vi rause måltid, to messer og vesper til slutt. Lite pauser altså.

Eg vil avslutte med eit profetisk advarsel som Pave Johannes Paul II kom med i 1995. Der advarte han om at samfunn kan utvikle noko han kallar dødens kultur. Ein kultur der samfunn i aukande grad undergrev livets unkrenkelege verdi til dømes gjennom abort, eutanasi og andre praksisar.

Kort forklart:

  • «Dødskultur» = haldningar og strukturar som svekkjer respekten for menneskelivet.

  • Motsett: ein «livskultur» der kvart menneske blir sett som verdifullt frå unnfangelse til naturleg død.

Så eg seier ja til livet, sjølv om livet kan være vanskeleg, og sjølv om eg veit at mange har det mykje verre en meg. Ja livet er heilagt og ukrenkeleg.

Og til slutt, som ein sum av Sisters of Life og Erik Vardens bidrag: desse komplekse problemstillingane og livsituasjonane kan ikkje møtast med enkle bomastiske utsegner, men må møtast med med det vi trur på, nemleg at alle, absolutt alle levande sjeler er elska av Gud, ubetinga, og at vi kan prøve å vise dette i praksis i kvardagen.

Og så treng vi meir vaksenopplæring.

torsdag 25. desember 2025

Jul i Houston: Dobbel julefeiring

Så vart jul i år også. Ei annaleis julefeiring. Vi køyrde i halv elleve tida om morgonen 24 desember til Briseño-residensen, huset til Tommy og Cindy, foreldra til Eric. På dette tidspunktet var klokka 16:30 i Norge.

Første julefeiringa, 24 desember

Ankomst. Eric køyrde to gongar for å få med alt pikkpakk, gaver og mat. Vi hadde med ingrediensar til å lage julegraut og julemiddag på nokonlunde norsk vis.

Då vi kom inn lukta det nyvaska. Treet var pynta og vi tok til å legge pakkane på plass.

Julestrømper over gasspeisen.

Julekrybba var på plass.


Så vart frokosten servert. Belgiske vafler med lønnesirup og smør, eggerøre og bacon, ei slags pølsekarbonade, blåbær, bjørnebær og jordbær, kaffe og juice. Rikeleg med kaloriar. 

Etterpå såg vi på den Tjekkiske, fantastiske julefilmen "Tre nøtter til Askepott" på NRK. Eg var heilt med og såg heile filmen. Etterkvart vart det grautkoking. Med mandel.

Filippa elskar dyr. Heilt sidan vi kom har ho hinta om at ho har ekstremt lyst på ein hamster. Vel, så dukka det opp eit tilbod på hamsterar, 40% avslag. Dermed vart hintinga intensivert. Foreldra lot som om dette kanskje ikkje var aktuelt, men hamster vart kjøpt og skjult heilt til no.


Filippa får hamster. Del 1.

Filippa får hamster. Del 2.


Så var grauten klar. Eg var så fokusert på graut og kefir at det vart dårleg med bilder. Karl fann mandelen på første forsøk med skeia, så det vart ingen bilder av det.

Vi kosar oss med risengrynsgraut og kefir.


Så satte vi igang med julemiddag. Pinnekjøt var ikkje å oppdrive i Houston. Vanlegvis har sjømannskirka hatt noko for salg, men ikkje i år. Så starta vi med research på svineribbe og det nermaste vi kom var noko dei kalla "Pork belly", med svor men med beina fjerna. Vi kjøpte eit stort stykke på Costco og eg ruta opp svoren, salta og peppra etter beste evne to dagar før julaftan og la stykket i kjøleskapet.

Her er "svineribba" før steiking.

Ingrid, Helga og eg fekk steika i ovnen. 45 min. på 230 grader med sølvfolie over og 2x45 min på 200 grader utan sølvfolie. Vi håpte på det beste. Vi har laga svineribbe før, men ikkje så ofte. Vi var også litt usikre på denne "Pork belly"-en, om det ville funke. Så tok vi til å skrelle poteter og kutte opp rabber til rabbestappe. Ferdig surkål var innkjøpt og skulle berre varmast opp. Tyttebærsylte hadde vi funne (lingonberry) og teke med. Ingrid laga brunsaus. Mot slutten av prosessen fekk eg beskjed om at eg kunne forlate arenaen. Oppkutta gulrøter og svisker vart putta inn ved sidan av steika dei siste minutta. Etter steikinga kvilte steika i minst 45 minutt. Det vart nok lenger tid fordi det tok litt tid å samle alle rundt bordet.

Svineribba smakte fantastisk, og svoren var sprø. Eg var litt for oppteken av eting, og gløymde å ta bilder av heile gjengen. Men alle likte maten :).

Etter middag vart det slaraffenliv resten av dagen.

Andre julefeiringa, 25 desember

Vi stod opp i åtte-ni tida, gjekk inn på stua og sa "Merry Christmas" til dei som var der. No var vi klar for amerikansk julefeiring. 

Eg tok meg ein tur ut i bakhagen og las dagens Laudes og fekk såleis ein god start på dagen.

Etter litt hadde Cindy laga istand ein frokost beståande av små tacolefser som vi la eggerøre blanda med små pølsebitar i. Vi heiv innpå saman med nytrakta kaffe trakta på ferskmalte bønner av Starbuck sin julekaffi. Smakte godt. Etterpå serverte ho ein "desert" som likna litt på eplekake og iskrem. Nam nam.

Desert.

Så er det åpning av julegåver. Eit himla styr som vanleg. Det uvanlege er at det skjer om morgonen og at det 25 grader ute.

Åpning av gaver.

Filippa har fått nærkontakt med hamsteren Strawberry Hazel. Midt i gavesermonien skulle Filippa ta Strawberry ut av buret. Den var borte! Filippa og Helga leita og leita i sagmasken i buret, men den var borte. Vi såg for oss at det vesle dyret no kunne være kvar som helst i det store huset. Plutseleg såg Filippa at hamsteren stod innmed veggen rett att med der buret hadde stått. Etter ein kjapp Filippa-manøver vart hamsteren "fanga" og alt var under kontroll igjen. Dagens høgdepunkt spør du meg.

Filippa og Karl fekk kvar sin overdimensjonerte kose-jakke.

Eg stilte i kledeleg julegrønt frå Felleskjøpet :)

Etter utpakkinga trekte eg meg tilbake til soverommet for å skrive blogg. No går det i basketball på TV og så blir det skinkesteik etter kvart.

God Jul folkens. 

Helsar med dagens tekst frå Laudes:

'Mange gonger og på mange måtar har Gud i tidlegare tider tala til fedrane gjennom profetane. Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. '

Hebrearane 1:1-2


søndag 14. desember 2025

Jul i Houston: Kjøpesenter

Sist eg skreiv handla det om noko hyggeleg. Juletreskogen. Det var hyggeleg, koseleg og god atmosfære. Men livet er ikkje alltid hyggeleg. Livet kan også ha innslag av lidelse. Denne gongen vil eg fortelje om kva vi gjorde på fredag. Det var ikkje fredag den trettande, heldigvis, men tolvte. Helga og Ingrid hadde planar om å besøke eit kjøpesenter i The Woodlands. 

Heilt frivillig sa eg at eg "ville" være med. Frivillig lidelse. Eg ville ikkje, eg valgte.

Etter ein lang køyretur, inkludert ein stans på ein bilvask-stasjon, var vi framme ved monsteret. Eit gedigent monster av eit kjøpesenter. Eg stålsatte meg og gjekk inn ei av inngangsdørene, og vart møtt av tre ansiktslause dukker med dress.

På veg inn.

Eg kika på nokre dongeribukser rett etter inngangen. Dei kosta 2000 kroner. Det var det siste eg kika på i løpet av dei vel to timane eg var der inne. Vi spreidde oss og eg labba vidare. Så seig det innover meg, ei ekkel kjensle. Kjøpesenterkjensla. 

La meg forklare. Eg har aldri likt kjøpesenter. Eg trur det har noko med visuell støy, mykje folk og heile ideen om såkalla shopping som eg reagerer psykisk på. Små kjøpesenter, som i Ørsta går rimeleg greit, spesielt vist det er noko spesifikt eg skal ha, altså ei planlagt, målretta investering. Moa derimot likar eg ikkje. 

Dette kjøpesenteret er mykje verre en Moa. Ein ting er den visuelle støyen som er voldsom. Ein annan ting er lydane. I heile kjøpesenteret blir det spela ein slag pompøs jule-musak, og kvar gong eg gjekk forbi ein butikk så hadde dei sin eigen musikk som strøymde ut og blanda seg med jule-musaken og laga eit atonalt, grautete og kvalmande lydbilete. Når dette igjen blanda seg med stemmene til høglytte amerikanarar som tilsynelatande hadde hatt i seg litt for mykje Møllers tran eller Red Bull, så vart det ikkje til å halde ut.

Heldigvis var det ikkje så mykje folk denne fredagen, ifølge Eric som også var med. Laurdagane er det visstnok proppfullt.

Til tross for min lidelse greidde eg å knipse nokre bilete som på ingen måte fangar opp stemninga.

Kjøpesenter.

Apple Store. Her kunne eg faktisk ha gått inn vist eg skulle ha noko.
Men det skulle eg ikkje. Det kom heller ikkje støyande musikk frå denne butikken, så det var bra.

Kjøpesenter.

Kjøpesenter.

Kjøpesenter.

Etter kanskje 20 minutters vandring traff eg på Ingrid. Ho hadde funne ei julegåve frå meg til ho. Vi gjekk saman til butikken og eg kjøpte gåva. Då hadde eg gjort mitt. Eg hadde kjøpt noko på eit kjøpesenter.

Etterpå fann eg ein plass litt unna støyen og eg sette meg ned for å spele sudoku på mobilen. Eg er slik laga at når eg tenker så blir eg nesten døv. No gjalt det å utnytte denne eigenskapen til det fulle. Eg vart sitjande der i godt over ein time og spele sudoku. Det hjalp litt, men atmosfæra var vanskeleg å riste av seg. Den hadde festa seg i kroppen.

Ein likesinna som eg traff på.


Nokre andre som prøver å kome til hektene.

Vi hadde avtalt å ete mat i to-tida, så eg tok etterkvart å bevege meg mot eit område i kjøpesenteret, ein såkalla "food court", der fleire matsjapper er samla i ring i eit stort område. På mi første runde hadde eg registrert at Burger King var ei av sjappene. Ingrid kom og sa eg berre kunne bestille. Eg gjekk og kjøpte meg ein " Whopper Cheese Menu - medium size" og satte meg ned og åt.

Etter kvart kom Helga og Erik som saman med Ingrid valgte "Mexican street food" og satte seg utanfor den sjappa.

Maten smakte litt godt i starten, men eg vart etterkvart prega av kvalmen som atmosfæra påførte meg. Eg greidde til slutt å presse i meg heile greia.



Food Court.

Etterpå gjekk eg bort til Ingrid og dei og sat der til dei hadde fått i seg maten. Så gjekk vi derifrå og ut. Eg tok eit djupt andedrag då vi kom ut og kjente på ein lettelse. Men kjensla av lidelsen sat i kroppen resten av dagen. Eg overdriv ikkje berre så det er sagt.

Det finst sikkert ei diagnose for slikt, men for meg er det ikkje noko problem. Det er berre å unngå kjøpesenter, i alle fall dei store og støyete, så går det heilt greit.

Neste gong skal eg skrive om noko koseleg.