lørdag 21. september 2024

Det evige lyset

Det går mot mørkare tider, og det tykkjer eg er heilt greit. For meg senkar det seg ei ro når det tek til å verte mørkare og dagane vert kortare. Men eg likar sjølvsagt lyset også. Eg tenkte eg skulle skrive om eit spesielt lys, eit litt mystisk lys, det evige lyset.

Eg las for litt sidan eit intervju med Vebjørn Sand i Dagen. Han seier at han trur litt meir enn han tvilar, og at hans tilnerming til tru på det gudommelege handlar mykje om lyset, det mystiske lyset du finn i Rembrant sine bilder, og som han som kunstnar også er på jakt etter.

I sommar høyrde eg Septologien av Jon Fosse på lydbok. Kan anbefalast. Hovudpersonen Asle er også kunstmålar og oppteken av dette lyset. Lyset i mørkret. Han legg siste hand på verka sine når det mørknar i rommet. Berre på denne måten greier han å få fram dette lyset som gjer at bileta vert levande. På julaftan tenkjer han blant mange andre tankar dette: 

«… og eg ser biletet som lys og mørker, og eg ser om det lyser frå biletet, og kvar, og korleis, og alltid, alltid er det mørkret i biletet som lyser mest, og eg tenkjer at det kanskje er av di at det er i fortvilinga, i mørkret, at Gud er nærast, men korleis det lyset eg tydeleg nok målar kom inn i biletet, nei ikkje veit eg, og korleis det kjem til, nei, det skjønar eg ikkje, men eg tenkjer at det er fint å tenkja på at det kanskje kom til slik, at det kom til då ein lausunge, dei seier, vart fødd i ei løe ein vinterdag, ja på julaftan, og at ei stjerne då sende sitt sterke klåre lys til jord, eit lys frå Gud, ja det er ein vakker tanke, tenkjer eg, for sjølve ordet Gud seier at Gud er til, tenkjer eg, berre det at ein har ordet og omgrepet Gud tyder at Gud er til, tenkjer eg, eller same korleis det no er med det så er det i alle fall ein tanke som kan tenkjast, det òg, ja om ikkje meir enn det, men sikkert er det at det er når det er som mørkast, som svartast, at lys kan sjåast, det er då dette lyset kan sjåast, så at mørkret er lysande, ja, ja i mitt liv har det i alle fall vore slik at det er når det har vore som mørkast at lys har synt seg, og då har mørkret byrja å lysa, og slik er det kanskje òg i bileta eg målar, i alle fall vonar eg det….»

I alle jødiske synagoger idag finn du ei lampe vert kalla Nair tamid, som heng over alterert. Den lysande lampa symboliserer det evige lyset som aldri går ut. Ansvaret for å halde denne flammen vedlike vart i det gamle testamentet i bibelen tildelt levittane. Etterkomarane av Levi stamme vart kalla til være prestar for Israels born.

I tredje mosebok er der mange foreskrifter for prestane (levittane). I kapittel seks vers seks står det: "Det skal alltid brenna eld på altaret; han må ikkje slokna."

I alle jødiske synagoger finn du også eit skap som er det mest heilage du finn i ei synagoge. I dette skapet ligg Toraen, bokrullane med dei fem mosebøkene som er dei mest sentrale skriftene i den jødiske trua.

I alle katolske kyrkjer er begge desse elementa ført vidare. Lyset og skapet. Går du inn i ei katolsk kyrkje vil du sjå eit raudt lys som lyser ved sidan av eit lite skap. I mange kyrkjer er desse plassert i sentrum framme i kyrkja, og det likar eg best, det har noko med fokus å gjere. I andre kyrkjer er dei plassert litt meir på sidelinja, men framleis godt synlege der framme. 

Men skapet i ei katolsk kyrkje inneheld ikkje bokrullar. Det inneheld vigsla nattverdsbrød. Og då må eg forklare litt.

I ein katolsk nattverd vert brød og vin vigsla av presten, og etter katolsk tru vert då brødet Jesu legeme, og vinen vert Jesu blod. På ekte. I teologien vert dette kalla realpresens, at uansett kva ein måtte tru eller føle, er brødet og vinen Jesus legeme og blod. Når så restane frå siste nattverd vert oppbevart i dette skapet, som blir kalla tabernaklet, så er altså Jesus der. Jesus sjølv. Det levande ordet.

Tabernaklet (skapet) og det evige lyset, det raude lyset til høgre.

Det er ikkje til å skjøna, seier Asle fleire gongar i Septologien når han reflekterer over det han trur på. Asle er katolikk slik som Jon Fosse og eg vil tru at mykje av tankane til Asle er Jon Fosse sine tankar.

I eit intervju på NRK, "Det som ikkje kan seiast", nevner han det evige lyset på ca. 56:28. Han seier at då han skulle lærast opp i katolsk tru og tenkning, så tok pater Arne Fjeld han med inn St. Dominikus. Der peikte han mot det raude lyset og sa med låg røyst; "det er noe der". Betre forklaring kunne eg ikkje fått seier Jon Fosse i intervjuet. Han smiler, men ser også litt rørt ut.

Det raude lyset bekjenner at sakramentet, Jesus sjølv er tilstades i tabernaklet.

Jesus som seier om seg sjølv; "Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.» 

Gud, som hadde gjeve lova til jødane som lys for å finne vegen, jamfør lyset og bokrullane i synagogen, gav gjennom Jesus oss eit eit anna, mykje betre, ja, eit fullkome levande lys å fylgje etter.

For Jesus var ikkje dette berre ord, eller berre eit mystisk lys. Han gjorde konkrete ting der han ferdast for å gjere livet lysare og lettare for folk. For å gi oss håp om ei betre framtid. For å gi oss livsens lys. Det evige lyset. For å gi oss kjærleik. For å å gi oss alt som er godt.

Slikt kan eg tenkje på når eg er på messe og ser det raude lyset.
Det evige lyset.
Jesus.
Håpet for alt som er mørkt her i verda.
Det er ikkje til å skjøna. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)