lørdag 24. april 2021

Oppdaginga

Eg skreiv i blogginlegget "Den vakre sanninga"  at "På eit tidspunkt i vandringa mi, på mystisk vis, resulterte leitinga og lengselen min etter sanning i at eg tok til å orientere meg mot den Katolske kyrkja. Det er berre eit halvt år no sidan dette starta. Det er ei lang historie som eg vil kome tilbake til."

No tenkte eg å dele litt av den lange historia.

Det som skjedde for eit halvt år sidan var at eg først såg eit program på NRK, "Ikke spør om det" sesong 2, episode 1, Prest. Eg opplevde at dei som svarte (prestar i DNK) kom med litt lettvinte og tullete svar. No hadde det vel blitt annaleis med eit anna utvalg av prestar, men eg fekk i alle fall eit dårleg inntrykk.

Litt seinare kom eg over, eg trur det var via Facebook, ein film der fire katolske prestar svara på akkurat dei same spørsmåla. Sjølv om desse også var tidvis humoristiske, så var der ei anna dybde og seriøsitet i svara. Dei stod for noko, også ting som er politisk ukorrekt, og dei stod stødig.

Dermed starta prosessen. Eg tok til å grave. Eg likar å grave og eg likar å grave djupt.

Gravaren
(teikning: Dag Knardal)


Dette skjedde først med googling og research på internettet. Eg kom snart over ein blogg som vart svært sentral i gravinga. Den heiter "Sta. Sunniva av Selja. En blogg om katolsk tro – levende, helt alminnelig kristen tro", forfatta av Ragnhild H. Aadland Høen. Denne bloggen er svært innhaldsrik, er godt skriven og har med mange linkar til andre kjelder.

Og så tok eg til å bestiller bøker. Eit av favorittverktøya mine når eg grev er bøker. Eg likar å lese og eg les ofte, mykje og lenge.

To av desse bøkene har vore sentrale og må få kvart sitt eige blogginnlegg seinare.

Den første er "21 kirkefedre" av Peter Halldorf. Dette er ei lettlest og spennande bok som tek for seg korleis kristendomen tok form etter at alle apostlane til Jesus var døde. Historia er formidla ved 21 korte biografiar, frå Ignatius av Antiokia (30 -70) til Simeon den nye teologen (949 - 1022). Den boka vekte meg til live på på spesiell måte. Eit skattkammer rett og slett.

Den andre er "Reformasjon uten folk", av Henning Laugerud. Denne boka var rystande å lese. Den tek for seg, slik eg oppfattar det etter å ha lest boka, eit svært mørkt kapittel i Norges historie. Den viser at den "mørke katolske middelalderen" slettes ikkje var så mørk, og at reformasjonen var eit brutalt og voldeleg statskupp og kirkekupp. Denne boka hjalp meg å forstå/avsløre antikatolske haldningar eg har vokse opp med, kvar haldningane kjem frå og kor feil dei er.


To viktige bøker for meg.

Gjennom denne gravinga oppdaga eg vakre glimt av Guds verk opp gjennom tidene, men også mørke skamplettar, forferdeleg historier om folk og åndskrefter som har vore øydeleggande.

Det fantastiske er at, tross angrep frå innsida og utsida, har kirka fortsatt å vekse. Eg trur det handlar om djupe røter, røter som hentar liv og næring frå Gud sjølv.

For meg personleg handlar dette om å ha så djupe røter at eg kan stå stødig i møtet med dragsuget frå notidas idear og innfall.


tirsdag 13. april 2021

Nuet

Du må leve i nuet
seier dei
finne roa
være tilstede
puste
mindfullness

men nei
det går ikkje
uroa driv meg
til å vandre
søke framover
jakte på skattar

ei rastlaus vandring
i medvind og motvind
i tåke, regn og snøkave
i mildvær, sol og fuglekvitter
stadig nye horisontar
stadig vidare
eg er nok ikkje framme enno

uroa driv meg
nuet forsvinn
steg for steg

Du sa ikkje fred
Du sa GÅ i fred