Du må leve i nuet
seier dei
finne roa
være tilstede
puste
mindfullness
men nei
det går ikkje
uroa driv meg
til å vandre
søke framover
jakte på skattar
ei rastlaus vandring
i medvind og motvind
i tåke, regn og snøkave
i mildvær, sol og fuglekvitter
stadig nye horisontar
stadig vidare
eg er nok ikkje framme enno
uroa driv meg
nuet forsvinn
steg for steg
Du sa ikkje fred
Du sa GÅ i fred
Dette er ein test for å sjå om det fungerer, men berre så det er sagt, så synest eg at dette er bra :)
SvarSlettDet funka :)
SlettLukke til med vandringa!
SvarSlettTakk takk :)
Slett