Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg

torsdag 25. desember 2025

Jul i Houston: Dobbel julefeiring

Så vart jul i år også. Ei annaleis julefeiring. Vi køyrde i halv elleve tida om morgonen 24 desember til Briseño-residensen, huset til Tommy og Cindy, foreldra til Eric. På dette tidspunktet var klokka 16:30 i Norge.

Første julefeiringa, 24 desember

Ankomst. Eric køyrde to gongar for å få med alt pikkpakk, gaver og mat. Vi hadde med ingrediensar til å lage julegraut og julemiddag på nokonlunde norsk vis.

Då vi kom inn lukta det nyvaska. Treet var pynta og vi tok til å legge pakkane på plass.

Julestrømper over gasspeisen.

Julekrybba var på plass.


Så vart frokosten servert. Belgiske vafler med lønnesirup og smør, eggerøre og bacon, ei slags pølsekarbonade, blåbær, bjørnebær og jordbær, kaffe og juice. Rikeleg med kaloriar. 

Etterpå såg vi på den Tjekkiske, fantastiske julefilmen "Tre nøtter til Askepott" på NRK. Eg var heilt med og såg heile filmen. Etterkvart vart det grautkoking. Med mandel.

Filippa elskar dyr. Heilt sidan vi kom har ho hinta om at ho har ekstremt lyst på ein hamster. Vel, så dukka det opp eit tilbod på hamsterar, 40% avslag. Dermed vart hintinga intensivert. Foreldra lot som om dette kanskje ikkje var aktuelt, men hamster vart kjøpt og skjult heilt til no.


Filippa får hamster. Del 1.

Filippa får hamster. Del 2.


Så var grauten klar. Eg var så fokusert på graut og kefir at det vart dårleg med bilder. Karl fann mandelen på første forsøk med skeia, så det vart ingen bilder av det.

Vi kosar oss med risengrynsgraut og kefir.


Så satte vi igang med julemiddag. Pinnekjøt var ikkje å oppdrive i Houston. Vanlegvis har sjømannskirka hatt noko for salg, men ikkje i år. Så starta vi med research på svineribbe og det nermaste vi kom var noko dei kalla "Pork belly", med svor men med beina fjerna. Vi kjøpte eit stort stykke på Costco og eg ruta opp svoren, salta og peppra etter beste evne to dagar før julaftan og la stykket i kjøleskapet.

Her er "svineribba" før steiking.

Ingrid, Helga og eg fekk steika i ovnen. 45 min. på 230 grader med sølvfolie over og 2x45 min på 200 grader utan sølvfolie. Vi håpte på det beste. Vi har laga svineribbe før, men ikkje så ofte. Vi var også litt usikre på denne "Pork belly"-en, om det ville funke. Så tok vi til å skrelle poteter og kutte opp rabber til rabbestappe. Ferdig surkål var innkjøpt og skulle berre varmast opp. Tyttebærsylte hadde vi funne (lingonberry) og teke med. Ingrid laga brunsaus. Mot slutten av prosessen fekk eg beskjed om at eg kunne forlate arenaen. Oppkutta gulrøter og svisker vart putta inn ved sidan av steika dei siste minutta. Etter steikinga kvilte steika i minst 45 minutt. Det vart nok lenger tid fordi det tok litt tid å samle alle rundt bordet.

Svineribba smakte fantastisk, og svoren var sprø. Eg var litt for oppteken av eting, og gløymde å ta bilder av heile gjengen. Men alle likte maten :).

Etter middag vart det slaraffenliv resten av dagen.

Andre julefeiringa, 25 desember

Vi stod opp i åtte-ni tida, gjekk inn på stua og sa "Merry Christmas" til dei som var der. No var vi klar for amerikansk julefeiring. 

Eg tok meg ein tur ut i bakhagen og las dagens Laudes og fekk såleis ein god start på dagen.

Etter litt hadde Cindy laga istand ein frokost beståande av små tacolefser som vi la eggerøre blanda med små pølsebitar i. Vi heiv innpå saman med nytrakta kaffe trakta på ferskmalte bønner av Starbuck sin julekaffi. Smakte godt. Etterpå serverte ho ein "desert" som likna litt på eplekake og iskrem. Nam nam.

Desert.

Så er det åpning av julegåver. Eit himla styr som vanleg. Det uvanlege er at det skjer om morgonen og at det 25 grader ute.

Åpning av gaver.

Filippa har fått nærkontakt med hamsteren Strawberry Hazel. Midt i gavesermonien skulle Filippa ta Strawberry ut av buret. Den var borte! Filippa og Helga leita og leita i sagmasken i buret, men den var borte. Vi såg for oss at det vesle dyret no kunne være kvar som helst i det store huset. Plutseleg såg Filippa at hamsteren stod innmed veggen rett att med der buret hadde stått. Etter ein kjapp Filippa-manøver vart hamsteren "fanga" og alt var under kontroll igjen. Dagens høgdepunkt spør du meg.

Filippa og Karl fekk kvar sin overdimensjonerte kose-jakke.

Eg stilte i kledeleg julegrønt frå Felleskjøpet :)

Etter utpakkinga trekte eg meg tilbake til soverommet for å skrive blogg. No går det i basketball på TV og så blir det skinkesteik etter kvart.

God Jul folkens. 

Helsar med dagens tekst frå Laudes:

'Mange gonger og på mange måtar har Gud i tidlegare tider tala til fedrane gjennom profetane. Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. '

Hebrearane 1:1-2


søndag 14. desember 2025

Jul i Houston: Kjøpesenter

Sist eg skreiv handla det om noko hyggeleg. Juletreskogen. Det var hyggeleg, koseleg og god atmosfære. Men livet er ikkje alltid hyggeleg. Livet kan også ha innslag av lidelse. Denne gongen vil eg fortelje om kva vi gjorde på fredag. Det var ikkje fredag den trettande, heldigvis, men tolvte. Helga og Ingrid hadde planar om å besøke eit kjøpesenter i The Woodlands. 

Heilt frivillig sa eg at eg "ville" være med. Frivillig lidelse. Eg ville ikkje, eg valgte.

Etter ein lang køyretur, inkludert ein stans på ein bilvask-stasjon, var vi framme ved monsteret. Eit gedigent monster av eit kjøpesenter. Eg stålsatte meg og gjekk inn ei av inngangsdørene, og vart møtt av tre ansiktslause dukker med dress.

På veg inn.

Eg kika på nokre dongeribukser rett etter inngangen. Dei kosta 2000 kroner. Det var det siste eg kika på i løpet av dei vel to timane eg var der inne. Vi spreidde oss og eg labba vidare. Så seig det innover meg, ei ekkel kjensle. Kjøpesenterkjensla. 

La meg forklare. Eg har aldri likt kjøpesenter. Eg trur det har noko med visuell støy, mykje folk og heile ideen om såkalla shopping som eg reagerer psykisk på. Små kjøpesenter, som i Ørsta går rimeleg greit, spesielt vist det er noko spesifikt eg skal ha, altså ei planlagt, målretta investering. Moa derimot likar eg ikkje. 

Dette kjøpesenteret er mykje verre en Moa. Ein ting er den visuelle støyen som er voldsom. Ein annan ting er lydane. I heile kjøpesenteret blir det spela ein slag pompøs jule-musak, og kvar gong eg gjekk forbi ein butikk så hadde dei sin eigen musikk som strøymde ut og blanda seg med jule-musaken og laga eit atonalt, grautete og kvalmande lydbilete. Når dette igjen blanda seg med stemmene til høglytte amerikanarar som tilsynelatande hadde hatt i seg litt for mykje Møllers tran eller Red Bull, så vart det ikkje til å halde ut.

Heldigvis var det ikkje så mykje folk denne fredagen, ifølge Eric som også var med. Laurdagane er det visstnok proppfullt.

Til tross for min lidelse greidde eg å knipse nokre bilete som på ingen måte fangar opp stemninga.

Kjøpesenter.

Apple Store. Her kunne eg faktisk ha gått inn vist eg skulle ha noko.
Men det skulle eg ikkje. Det kom heller ikkje støyande musikk frå denne butikken, så det var bra.

Kjøpesenter.

Kjøpesenter.

Kjøpesenter.

Etter kanskje 20 minutters vandring traff eg på Ingrid. Ho hadde funne ei julegåve frå meg til ho. Vi gjekk saman til butikken og eg kjøpte gåva. Då hadde eg gjort mitt. Eg hadde kjøpt noko på eit kjøpesenter.

Etterpå fann eg ein plass litt unna støyen og eg sette meg ned for å spele sudoku på mobilen. Eg er slik laga at når eg tenker så blir eg nesten døv. No gjalt det å utnytte denne eigenskapen til det fulle. Eg vart sitjande der i godt over ein time og spele sudoku. Det hjalp litt, men atmosfæra var vanskeleg å riste av seg. Den hadde festa seg i kroppen.

Ein likesinna som eg traff på.


Nokre andre som prøver å kome til hektene.

Vi hadde avtalt å ete mat i to-tida, så eg tok etterkvart å bevege meg mot eit område i kjøpesenteret, ein såkalla "food court", der fleire matsjapper er samla i ring i eit stort område. På mi første runde hadde eg registrert at Burger King var ei av sjappene. Ingrid kom og sa eg berre kunne bestille. Eg gjekk og kjøpte meg ein " Whopper Cheese Menu - medium size" og satte meg ned og åt.

Etter kvart kom Helga og Erik som saman med Ingrid valgte "Mexican street food" og satte seg utanfor den sjappa.

Maten smakte litt godt i starten, men eg vart etterkvart prega av kvalmen som atmosfæra påførte meg. Eg greidde til slutt å presse i meg heile greia.



Food Court.

Etterpå gjekk eg bort til Ingrid og dei og sat der til dei hadde fått i seg maten. Så gjekk vi derifrå og ut. Eg tok eit djupt andedrag då vi kom ut og kjente på ein lettelse. Men kjensla av lidelsen sat i kroppen resten av dagen. Eg overdriv ikkje berre så det er sagt.

Det finst sikkert ei diagnose for slikt, men for meg er det ikkje noko problem. Det er berre å unngå kjøpesenter, i alle fall dei store og støyete, så går det heilt greit.

Neste gong skal eg skrive om noko koseleg.

mandag 8. desember 2025

Jul i Houston: Juletreskogen

Så er vi tilbake i Texas for å bli med på julefeiringa her. Opprinneleg plan var at Helga og dei skulle kome til Rovde, men det vart alt for dyrt. Så vart det til at pensjonistane la ut på ny tur. Enkelt for pensjonistar som er fri og frank.

I skrivande stund har jet-laggen gitt seg, det er søndag. Helga og Eric er på jobb i Lakewood Church. Filippa og Karl er heime og leikar på loftet. Ingrid sit i sofaen og lagar eitt eller anna og høyrer på lydbok medan eg nettop har sett 10 km skøyte-skirenn i Granåsen, individuell start for kvinner og menn.

Det eg no vil skrive litt om, er noko som skjedde igår; turen til juletreskogen. Skogen ligg 5 min med bil frå huset "vårt". Eller skrive og skrive, det vert mest filmar og foto.



Ved inngangen til juletreskogen.


Klar for trejakt.

På leiting etter eit fint og passande tre. Vi har med målestang.

Då har vi funne eit tre, så då er det berre å sette igang og sage.

Det måtte litt meir krefter til.

Mission almost completed.



Då har vi lagt treet ved veikanten med navnelapp på, klart for staben til henting og "pakking".


Så gjekk vi til eit hus som var bygd rundt eit digert tre.

Utsikt over juletreskogen.

Ingrid, Karl og Filippa.

Karl og Filippa.

Mannan med målestanga.

Selfie på toppen. Jauda, vi har altså like T-skjorter der det står "Cabin Crew" på. Desse fekk vi ved ankomst på flyplassen onsdag.



Vakkert.

Vakrare.



Og så var der ei reie (som vi kallar det på Rovde) som måtte prøvast.



Yoho!


Så er det min og Ingrid sin tur.

Yoho!


Eg får ein ide om hoppe av i fart . . 

. . . med det resultatet at Ingrid ramlar av og slår baken ned i ein stein. 
Ho fekk skikkeleg vondt!



Koseleg å gå rundt.

God stemning og ein cowboy.


Ein tur på Bakery for å kjøpe kaffe, brus og kjeks.


Vi slappar av ved ei diger bålpanne og kosar oss med kaffi og brus.

Helga på ein kubenk.

Ingrid på ein hestebenk.

Her er det hopping i høyet. Dette vekte opp gode barneminner.



Så har vi fått treet på taket. Det vart surra fast etter at bildet vart teke.

Klar for heimtur.

Så er treet montert i juletrefoten.

Og vips så var lys og julepynt på plass.

Dette var rett og slett ei god oppleving, for det meste. Ingrid fekk eit smertefullt møte med moder jord, men det ser ikkje ut som ho får varige mén. Vi fer nok innom juletreskogen ein gong til, utan å hente tre sjølvsagt. Vi avslutta laurdagen med å sjå "Skal vi danse".


tirsdag 13. desember 2022

Sankta Lucia og andre martyrar

Idag, 13. desember, er det Luciadagen, feiringa av martyr og helgen Lucia av Sicilia. Denne feiringa er ei av mange feiringar og merkedagar i kirkeåret, og er også å finne på primstaven som du kan lese meir om her: Primstav.


Sankta Lucia av Sicilia
Maleri av Francesco del Cossa

Eg skriv ikke om Lucia fordi ho har vore så sentral i mitt liv og i vår familie. Luciadagen er vel litt viktigare i Sverige, men mange har det som tradisjon her i Norge også. For dei fleste handlar det vel om ein stemningsfull lysfest i mørketida, med fine songar og kanskje lussekattar? Og det er flott.

Grunnen til at eg hadde lyst å skrive om Lucia er at ho var martyr. 

På katolsk.no (klikk på link for å lese heile teksta) står det: Den hellige Lucia ble født rundt 286 (283?) i Siracusa (Syrakus) på Sicilia i Italia. Hun er en historisk skikkelse som uten tvil led martyrdøden i Siracusa, sannsynligvis rundt 304 i forfølgelsene under keiser Diokletian (284-305). 

Der er fleire legender knytta til Lucia, men desse kan ein ikkje lite på som sanning. Men det ein kan seie med stor sikkerheit er at ho døde som martyr, at ho vart drept på grunn av den kristne trua. Og ho var ikkje den einaste. Frå den den tidlegaste kirka, etter Kristi himmelfart og fram til keiser Konstantin innførte kristendom som statsreligion i Romariket, vart dei kristne forfulgt. Mange vart korsfesta slik som Jesus, manga vart kasta til løvene i Colloseum, andre brent på bålet. Mange vart drept på andre måtar. 

Dette er mørke historier.

Passar det seg då med ein lysfest når ein kjenner bakgrunnen? Ja det gjer det. Dette er mørke historier som peikar på lyset. Dei vitnar, og ordet martyr tyder faktisk vitne, om personar som har sett lyset, som har sett inn i ei anna og større verkelegheit enn det jordiske livet, som har sett og møtt Jesus, han som sa om seg sjølv, "eg er verdens lys". 

I Stavanger kan ein sjå denne lysreklama.
Den er heldigvis freda.

Ein av kirkefedrene, Tertulian (155 - 240), skreiv at "martyrane sitt blod er kirka sitt såkorn". Dette var ikkje berre eit fromt utsagn, men ein beskrivelse av det som faktisk skjedde denne tida. Til tross for denne forfølgelsen, desse drapa og all lidelsen, så auka antal kristne dramatisk. 

Lyset spreidde seg og vart sterkare og sterkare.

Det same har skjedd på andre stadar til andre tider. I Kina, der dei kristne er utsatt for forfølgelse, restriksjonar og undertrykkelse i våre dagar, delvis med fengsling og tortur, har resultatet blitt ein veksande kristen undergrunnsbevegelse. Sjå denne oppsiktsvekkande artikkelen på E24 frå 2014 :  – Kina vil om få år bli verdens største kristne land.

Liknande ting skjer i Iran. 

Lyset spreier seg.

Ei av dei sterkaste martyrhistoriene eg har lest, er historia om Maxmilian Kolbe . Han var ein katolsk prest som i 1941 gjekk i døden i staden for ein familiefar i konsentrasjonsleiren Auschwitz. 

Maxmillian Kolbe

Her er eit lite utklipp av historia på katolsk.no: 

"En dag i slutten av juli trodde vaktene at en fange i brakke 14 var rømt, og kommandanten beordret i henhold til reglementet at ti menn fra samme brakke skulle dø som hevn. De skulle sulte i hjel i den beryktede underjordiske mørkecellen. Senere viste det seg at det ikke hadde vært noen rømming, fangen ble senere funnet druknet i leirlatrinen. Fangene sto på appellplassen i stekende sol, og ti mann ble vilkårlig valgt ut. En av dem, sersjant Franciszek Gajowniczek, skrek ut i desperasjon: «Min hustru og mine barn, jeg skal aldri se dem igjen!» Til allmenn bestyrtelse gikk da Kolbe frem fra rekkene og tilbød seg å ta hans plass. «Hvem er du?» spurte leirkommandanten, SS-oberst Fritsch, som ble kalt «slakteren». «Jeg er en gammel katolsk prest», svarte Kolbe. SS-mannen var likeglad med hvem som gikk i mørkecellen bare antallet stemte. Dette var første og eneste gang i Auschwitz' historie at noen frivillig gikk i døden i en annens sted.

Maximilian ville gjerne at hans medfange skulle komme hjem og ta vare på hustru og barn. Som katolsk prest ville han derimot ta vare på sine medfanger og hjelpe dem til en god død. Det gjorde Kolbe. Sultebrakkens helvete, hvor de nakne menn langsomt ble tæret bort, ble forvandlet til en liten helligdom med bønn og sang, omsorg og tillit. Medfanger i nabobrakkene, hvis skrik hadde lydt inn til dem, begynte å lytte. Også vakten undret seg. Ofte merket de ikke at SS-mennene kom ned i bunkeren, og de stanset først sangen og bønnene når vaktene brølte til dem.

De tigget om brød og vann, som de selvfølgelig ikke fikk. Hvis noen av dem nærmet seg døren når SS-mennene åpnet den, ble de sparket i magen eller skutt ned. Kolbe holdt ut bedre enn de fleste, han tigget ikke og klaget ikke, og han holdt de andre oppe så langt han kunne. Etter hvert ble de så svake at bønnene ble til hvisking. De fleste lå avkreftet på gulvet, men Kolbe sto eller knelte midt i rommet. To uker gikk på denne måten mens den ene etter den andre døde, inntil bare fire var igjen. Bare Maximilian var ved bevissthet.

Dette fant kommandanten var nok, han trengte cellen til nye fanger, og den 14. august sendte han ned en tysk kriminalfange som het Bock og som ga de overlevende en sprøyte karbolsyre (fenol) i håndleddet. Maximilian var den siste. Han ba en bønn og rakte selv frem armen til sprøyten som gjorde ende på hans liv, 47 år gammel. Dødsattesten angir med tysk grundighet dødsøyeblikket til kl 12.30. Det var dagen før festen for Marias Opptakelse i Himmelen, da hans lik ble kremert sammen med 80 andre fanger.

Maximilian Kolbes heltedåd ble kjent både i Auschwitz og andre steder, og etter krigen brakte alle aviser artikler om denne «vår tids helgen». "


Kolbe vart saligkåra 
17. oktober 1971 av pave Paul VI (1963-78) i Peterskirka i Roma og helligkåra som martyr av pave Johannes Paul II (1978 - 2005) på Petersplassen. 

Franciszek Gajowniczek, familifaren som Maxmilian redda livet til, var til stades på begge kåringane.

Her helsar Franciszek på pave Johannes Paul II


Slike historier tykkjer eg absolutt er lys i mørkret. 

I johannesprologen (Joh 1:1-14) står det innledningsvis:

I opphavet var Ordet,
Ordet var hos Gud,
og Ordet var Gud.

Han var i opphavet hos Gud.
Alt vart til ved han,
og utan han vart ikkje noko til.

Det som vart til i han, var liv,
og livet var lyset for menneska.

Lyset skin i mørkret,
og mørkret har ikkje overvunne det.

Litt seinare, i vers 9 kjem det som vi snart skal feire i jula, at Jesus blir født, han som i Johannesprologen vert kalla både Ordet, liv og lys, det sanne lyset:

Det sanne lyset, 
som lyser for kvart menneske, 
kom no til verda.


søndag 19. desember 2021

Kva ynskjer Jesus seg til jul?

Dette er ei juleandakt som eg skreiv for Sykkylvsbladet i 2001, altså for 20 år sidan:

Kva ynskjer Jesus seg til jul?

Eg sit og ser ut. Tåka ligg tett, og det er mørkt sjølv om klokka ikkje er meir enn to. Mange tankar fer gjennom hovudet. Lys og mørker. Det gode og det vonde. Varme og kulde.

Eg gler meg til jul; fri frå jobben, familien samla, julestemninga, maten, tradisjonane, barneminna, juleevangeliet, Jesu fødsel, songane, glitrande tre, dalande englar . . .

Vi har det lyst og godt og varmt. Vi er velsigna, tenkjer eg.

Det har blitt enno mørkare ute. Eg veit det er mange som ikkje gler seg til jul, som har det mørkt, vondt og kaldt inni seg. Jula med alle sine lyse, gode og varme ingrediensar gjer ting berre verre. Kvifor kan ikkje alle ha det godt? Kvifor kan ikkje Gud gripe inn slik at alle blir fylt med fred, glede og kjærleik? Kvifor kan Han ikkje sprenge himmelen og øse all sin velsignelse over oss, slik at alle blir lykkelege?

No er det snart heilt mørkt, og ein tanke slår ned i meg. Kva ynskjer Jesus seg til jul? Kva ynskjer Han, der han sit ved Guds høgre hand, og ser på skaparverket sitt?


Foto: Dag Knardal

Like før Jesus vart korsfesta bad han ei lang bøn som ein kan lese i Johannesevangeliet, kapittel 17. I vers 24 i denne bøna trur eg Jesus sitt juleynskje er nedskrive:

"Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei får skoda min herlegdom, som du har gjeve meg av di du elska meg før verda vart grunnlagd." Jesus ber, "Far, eg vil . . .". Det er dette Jesus vil ha.

Kvifor vil Jesus at vi skal være hjå Han, der Han er? Er det fordi Han er einsam og treng oss? Nei, det er for at vi skal få sjå Hans herlegdom. Det er ikkje Han som treng oss, det er vi som treng Han. Kva er Hans herlegdom? Den er nok mykje lysare og betre og varmare enn vi kan fatte, og uttrykkje med menneskeord.

Men dette er berre ein del av Jesus sitt juleynskje. Han vil ikkje berre at vi skal få sjå, men at vi skal få.

I vers 26 kan vi lese: "Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei, og eg sjølv kan vera i dei." Tenk på det! Han sjølv, med all sin kjærleik og herlegdom ynskjer å bli ein del av oss! Jesus i oss! Det er det Jesus vil!

Og så blei Jesus fanga, dømt, piska og korsfesta, og så døde Han. Han blei straffa, for alt det mørke, vonde og kalde vi menneska har utretta opp gjennom tidene.

Det har blitt heilt mørkt ute. Heilt mørkt. Men inni meg brenn eit lysande, godt, varmt håp som Jesus har gitt meg, og som Jesus vil gi til alle som søkjer Han. For Jesus stod opp frå dei døde! Han lever!

Jesus sitt juleynskje, er ei gåve til oss. For så elska Gud verda at Han gav. Han gav og ynskjer å gi seg sjølv til oss. Denne gåva er kjøpt og betalt. Det Han ynskjer seg til jul, er at vi tek imot Han! At vi seier, "velkomen inn, det er rom for deg . . . ."