Så er vi tilbake i Texas for å bli med på julefeiringa her. Opprinneleg plan var at Helga og dei skulle kome til Rovde, men det vart alt for dyrt. Så vart det til at pensjonistane la ut på ny tur. Enkelt for pensjonistar som er fri og frank.
I skrivande stund har jet-laggen gitt seg, det er søndag. Helga og Eric er på jobb i Lakewood Church. Filippa og Karl er heime og leikar på loftet. Ingrid sit i sofaen og lagar eitt eller anna og høyrer på lydbok medan eg nettop har sett 10 km skøyte-skirenn i Granåsen, individuell start for kvinner og menn.
Det eg no vil skrive litt om, er noko som skjedde igår; turen til juletreskogen. Skogen ligg 5 min med bil frå huset "vårt". Eller skrive og skrive, det vert mest filmar og foto.
Ved inngangen til juletreskogen.
 |
| Klar for trejakt. |
 |
| På leiting etter eit fint og passande tre. Vi har med målestang. |
Då har vi funne eit tre, så då er det berre å sette igang og sage.
Det måtte litt meir krefter til.
Mission almost completed.
 |
| Då har vi lagt treet ved veikanten med navnelapp på, klart for staben til henting og "pakking". |
 |
| Så gjekk vi til eit hus som var bygd rundt eit digert tre. |
 |
| Utsikt over juletreskogen. |
 |
| Ingrid, Karl og Filippa. |
 |
| Karl og Filippa. |
 |
| Mannan med målestanga. |
 |
| Selfie på toppen. Jauda, vi har altså like T-skjorter der det står "Cabin Crew" på. Desse fekk vi ved ankomst på flyplassen onsdag. |
 |
| Vakkert. |
 |
Vakrare.
Og så var der ei reie (som vi kallar det på Rovde) som måtte prøvast.
|
 |
Yoho!
|
Så er det min og Ingrid sin tur.
Yoho!
 |
| Eg får ein ide om hoppe av i fart . . |
 |
. . . med det resultatet at Ingrid ramlar av og slår baken ned i ein stein. Ho fekk skikkeleg vondt! |
 |
| Koseleg å gå rundt. |
 |
| God stemning og ein cowboy. |
xx
 |
| Ein tur på Bakery for å kjøpe kaffe, brus og kjeks. |
 |
| Vi slappar av ved ei diger bålpanne og kosar oss med kaffi og brus. |
 |
| Helga på ein kubenk. |
 |
| Ingrid på ein hestebenk. |
Her er det hopping i høyet. Dette vekte opp gode barneminner.
Så har vi fått treet på taket. Det vart surra fast etter at bildet vart teke.
Klar for heimtur.
 |
| Så er treet montert i juletrefoten. |
 |
| Og vips så var lys og julepynt på plass. |
Dette var rett og slett ei god oppleving, for det meste. Ingrid fekk eit smertefullt møte med moder jord, men det ser ikkje ut som ho får varige mén. Vi fer nok innom juletreskogen ein gong til, utan å hente tre sjølvsagt. Vi avslutta laurdagen med å sjå "Skal vi danse".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)