torsdag 25. desember 2025

Jul i Houston: Dobbel julefeiring

Så vart jul i år også. Ei annaleis julefeiring. Vi køyrde i halv elleve tida om morgonen 24 desember til Briseño-residensen, huset til Tommy og Cindy, foreldra til Eric. På dette tidspunktet var klokka 16:30 i Norge.

Første julefeiringa, 24 desember

Ankomst. Eric køyrde to gongar for å få med alt pikkpakk, gaver og mat. Vi hadde med ingrediensar til å lage julegraut og julemiddag på nokonlunde norsk vis.

Då vi kom inn lukta det nyvaska. Treet var pynta og vi tok til å legge pakkane på plass.

Julestrømper over gasspeisen.

Julekrybba var på plass.


Så vart frokosten servert. Belgiske vafler med lønnesirup og smør, eggerøre og bacon, ei slags pølsekarbonade, blåbær, bjørnebær og jordbær, kaffe og juice. Rikeleg med kaloriar. 

Etterpå såg vi på den Tjekkiske, fantastiske julefilmen "Tre nøtter til Askepott" på NRK. Eg var heilt med og såg heile filmen. Etterkvart vart det grautkoking. Med mandel.

Filippa elskar dyr. Heilt sidan vi kom har ho hinta om at ho har ekstremt lyst på ein hamster. Vel, så dukka det opp eit tilbod på hamsterar, 40% avslag. Dermed vart hintinga intensivert. Foreldra lot som om dette kanskje ikkje var aktuelt, men hamster vart kjøpt og skjult heilt til no.


Filippa får hamster. Del 1.

Filippa får hamster. Del 2.


Så var grauten klar. Eg var så fokusert på graut og kefir at det vart dårleg med bilder. Karl fann mandelen på første forsøk med skeia, så det vart ingen bilder av det.

Vi kosar oss med risengrynsgraut og kefir.


Så satte vi igang med julemiddag. Pinnekjøt var ikkje å oppdrive i Houston. Vanlegvis har sjømannskirka hatt noko for salg, men ikkje i år. Så starta vi med research på svineribbe og det nermaste vi kom var noko dei kalla "Pork belly", med svor men med beina fjerna. Vi kjøpte eit stort stykke på Costco og eg ruta opp svoren, salta og peppra etter beste evne to dagar før julaftan og la stykket i kjøleskapet.

Her er "svineribba" før steiking.

Ingrid, Helga og eg fekk steika i ovnen. 45 min. på 230 grader med sølvfolie over og 2x45 min på 200 grader utan sølvfolie. Vi håpte på det beste. Vi har laga svineribbe før, men ikkje så ofte. Vi var også litt usikre på denne "Pork belly"-en, om det ville funke. Så tok vi til å skrelle poteter og kutte opp rabber til rabbestappe. Ferdig surkål var innkjøpt og skulle berre varmast opp. Tyttebærsylte hadde vi funne (lingonberry) og teke med. Ingrid laga brunsaus. Mot slutten av prosessen fekk eg beskjed om at eg kunne forlate arenaen. Oppkutta gulrøter og svisker vart putta inn ved sidan av steika dei siste minutta. Etter steikinga kvilte steika i minst 45 minutt. Det vart nok lenger tid fordi det tok litt tid å samle alle rundt bordet.

Svineribba smakte fantastisk, og svoren var sprø. Eg var litt for oppteken av eting, og gløymde å ta bilder av heile gjengen. Men alle likte maten :).

Etter middag vart det slaraffenliv resten av dagen.

Andre julefeiringa, 25 desember

Vi stod opp i åtte-ni tida, gjekk inn på stua og sa "Merry Christmas" til dei som var der. No var vi klar for amerikansk julefeiring. 

Eg tok meg ein tur ut i bakhagen og las dagens Laudes og fekk såleis ein god start på dagen.

Etter litt hadde Cindy laga istand ein frokost beståande av små tacolefser som vi la eggerøre blanda med små pølsebitar i. Vi heiv innpå saman med nytrakta kaffe trakta på ferskmalte bønner av Starbuck sin julekaffi. Smakte godt. Etterpå serverte ho ein "desert" som likna litt på eplekake og iskrem. Nam nam.

Desert.

Så er det åpning av julegåver. Eit himla styr som vanleg. Det uvanlege er at det skjer om morgonen og at det 25 grader ute.

Åpning av gaver.

Filippa har fått nærkontakt med hamsteren Strawberry Hazel. Midt i gavesermonien skulle Filippa ta Strawberry ut av buret. Den var borte! Filippa og Helga leita og leita i sagmasken i buret, men den var borte. Vi såg for oss at det vesle dyret no kunne være kvar som helst i det store huset. Plutseleg såg Filippa at hamsteren stod innmed veggen rett att med der buret hadde stått. Etter ein kjapp Filippa-manøver vart hamsteren "fanga" og alt var under kontroll igjen. Dagens høgdepunkt spør du meg.

Filippa og Karl fekk kvar sin overdimensjonerte kose-jakke.

Eg stilte i kledeleg julegrønt frå Felleskjøpet :)

Etter utpakkinga trekte eg meg tilbake til soverommet for å skrive blogg. No går det i basketball på TV og så blir det skinkesteik etter kvart.

God Jul folkens. 

Helsar med dagens tekst frå Laudes:

'Mange gonger og på mange måtar har Gud i tidlegare tider tala til fedrane gjennom profetane. Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. '

Hebrearane 1:1-2


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)