I går, laurdag 7. november snakka eg med ei filipinsk dame som bur i Ørsta. Ho fortalde om tida tilbake til 2006, då katolikkane i Volda-området, dei var ikkje så mange, hadde samling i sjukehuskapellet. Seinare vart det leige av Uppheim, men også leige av Volda kirke. Ein omflakkande tilværelse. No, 20 år seinare, har det skjedd ei stor endring. Det er slutten på ei omflakkande reise, og starten på ny reise med fast lokasjon, men likevel eit nytt og ukjent landskap.
 |
| Dette skiltet har ikkje komt på plass enno, men er bestilt. |
Denne siste veka har det skjedd mykje vedrørande vårt nye kapell i Volda, St. Josef kapell. Det har rett og slett gått slag i slag. Onsdag møttes vi ein gjeng til dugnad. Alle borda i møtesalen skulle bærast ned i kjellarlokalet som skal brukast til sosiale samlingar, katekese (trusopplæring), retrett (oppbyggeleg undervisning), kirkekaffi og så vidare.
I ei katolsk kirke (eller kapell) kan ikkje hovudsalen/kirkerommet brukast til kva som helst. Det er eit heilagt rom som blir brukt til messer (gudsteneste), tidebøner, rosenkransbønn, tilbedelse og korsvandring.
Vi tok også ned alle gardiner og gardinbrett, flytta pianoet frå scena til bak i lokalet. Når eg skriv scena så blir det faktisk litt feil. Det heiter koret. Koret er gjerne adskilt frå salen eller skipet som er den rette betegnelsen med ei nivåforskjell, eitt eller fleire trappetrinn, i vårt høve eitt.
Så satte vi ut omlag sytti stolar i skipet pluss seks stolar i koret. Stolane i skipet vil seinare bli skifta ut med knelebenkar. Sentralt i koret skal alteret være. Medan vi heldt på med dette, sendte pater Waldemar eit bilde til oss av eit nybygd alter som han dreiv og lakkerte:
 |
| Ifølge pater Waldemar er dette eit midlertidig alter. Det blir eit veldig fint midlertidig alter. (toppen manglar her) |
 |
| Vi tek ned gardiner og gardinbrett. |
 |
| Her har stolane komt på plass. |
 |
| Krusifiks i kjellaren. |
Etter at vi hadde satt opp stolane sette vi gang med vasking av golv, og då måtte vi flytte/stable stolane og skjøna at vi hadde vore litt lite effektive, men men.
Mange kom innom og hjalp til:
 |
| Hjelpande hender |
Ut på dagen, etter at vi var ferdige, kom ei dame med det vakre navnet Gloria med to store pizza frå Pizzabakeren.
 |
| Vi kosar oss med pizza og cola. |
Etterpå var det katekese. Eg gløymde å ta bilde av dette. Temaet denne gongen var avlat. Eg skal ikkje rote meg inn på eit forsøk på ei kortfatta forklaring av kva avlat er og kva det ikkje er, det krev eventuelt eit eige blogginlegg.
Så går det altså slag i slag vidare.
Torsdag dukkar dette bildet i Signal chatten vår:
 |
| Alteret har komt på plass! |
Fredag dukkar dette opp, eg tippar det er bilde av ei annonse i Møre, lokalavisa i Volda :
 |
| Bildet talar for seg sjølv. |
Så kom den store dagen. Første messe i St. Josef kapell i Volda.
 |
| Ankomst. Det har teke til å bli skymt ute. |
Eg og Ingrid var der klokka halv fem, og det var allereie ei hektisk spent stemning i bygget, spesielt i kjøkkenet (som skal bli til sakristi etter at kjøkkenutstyr er flytta ned i kjellaren) og kjellaren der det blir kirkekaffi. Ein høg andel av dei som har med mat er opprinneleg frå Filipinene, og eg vil påstå at kirkekaffien i Volda er noko for seg sjølv med mange filippinske rettar.
Så tok folk til å kome. Ein jamn straum med kjente og ukjente fjes. Fem på fem vart det litt panisk stemning, vi måtte ha fleire stolar. Vi heiv oss rundt og fekk trykt inn åtte stolar til, meir var det ikkje plass til. Og så kom det fleire, og dei måtte stå. Stinn brakke!
Det var også mykje prating rundt om i romet. Før messa starta gjekk pater Waldemar fram og gav oss ei lita orientering. Han sa at vi enno ikkje har eit tabernakel (eit skap der konsekrert nattverdsbrød blir oppbevart). Som katolikkar trur vi at konsekrert nattverdsbrød er Jesus legeme. At Jesus er reelt til stades. Pater Waldemar sa at sjølv om dette tabernakel ikkje er på plass, så ser vi likevel på romet som eit heilagt rom, og då må vi være stille. Og stille blei det.
Så er vi igang, den historiske messa er igang.
 |
| Innleiande bøn |
 |
| Skriftlesing |
 |
Diakon Svein Kvamsdal talar over søndagens tekst. Ja du las rett. Søndagens tekst. Vi har altså søndagsmesse på laurdag.
|
 |
| Jesu lekam |
 |
| Jesu blod |
Så var det nattverd. Så avslutningsbøn. Pater Walderman avslutta med å sei at han var sjokkert over kor mange som kom. Han la også til eit Halleluja! (Eg anslår, basert på antal stolar og antal ståande at omlag 80 personar hadde møtt opp).
Etter at avslutningssangen var ferdig og prest, diakon og ministrantar hadde gått ut i prosesjon bygde det seg gradvis opp eit lettare kaos. Kjellarsalen var alt for liten. Det vart trangt, kombinert med liflige dufter og tett varm luft. Vi fekk etterkvart åpna vindu og dører og etter ei bordbøn av diakon Svein, vart det saktegåande lang lang rekke mot det velduftande matbordet.
 |
| Ein liten del av matbordet. Filippinske, polske og norske varmrettar, kaker og salatar i himmelsk blanding. Eg smakte på makrell i sursøt saus (til venstre attmed risen) for første gang i mitt liv. Det smakte overaskande godt. |
Eg og Ingrid tok 20:00 ferga tilbake til Lauvstad. Vi sa ikkje så mykje. Det var mykje å fordøye. Kanskje mest ei takksemd over å få lov til å være med på dette som Gud gjer. Og kva skal vi gjer? Vi har for lite plass! Spennande tider på alle måtar.