torsdag 27. oktober 2022

Vi er ikkje åleine

I 1998 budde vi, det vil sei eg, Ingrid, Sigve, Ragna og Helga, i Sykkylven. Ein varm sommardag drog vi til Vike-elva for å bade. Eg køyrde motorsykkel, ein Honda VT 800, importert frå USA. Ein såkalla "soft chopper", der du har litt høgt styre og sit litt tilbakelent.

Honda VT 800

Vi hadde to jenter på besøk som hadde lyst å prøve å sitje på sykkelen, så eg køyrde først ei av dei til badeplassen, medan Ingrid køyrde bil og tok med seg borna våre. Så køyrde eg heim for å hente den andre jenta. Det var sol, det var varmt, det var laurdag og livet var herleg.

På vegen skulle eg passere Sykkylven sentrum i 80-sone på forkjørsveg. Normalt grei skuring. Der det idag er ei rundkøyring og nedsett fart, var det den gongen ei avkøyrsle inn til sentrum. Dei som kom frå motsatt retning (frå høgre) måtte då vente til banen var klar før dei køyrde inn. 

Eg køyrde mot dette krysset og ante fred og ingen fare. I det eg var ca. 100 meter frå kysset såg eg plutseleg ein stor van som tok til å krysse vegen. Eg fekk panikk og bremsa. Det som så skjedde gjekk så fort at eg ikkje kan hugse nokon detaljar. Det eg veit, er at eg plutseleg rulla bort over asfalten mot høgre  fram til ein midtrabatt, medan sykkelen for rett inn i bilen.

Sykkelen vart totalvrak etter denne smellen, medan eg var bortimot uskadd. Eg reiste meg opp og var i ekstremt god form og svært gira. Det var som sagt laurdag, og det var mykje folk i sentrum. Det samla seg no masse folk rundt meg, og eg prata og flira. Så, etter nokre minutt, gjekk adrenalin-kicket over. Det svimla for meg, eg vart kvalm og måtte sette meg på midtrabatten. Så kom smertene sigande. Eg var mørbanka.

Ein politibetjent kom bort til meg. Han sa han hadde sett på det som skjedde i det det skjedde, og meinte det var heilt utruleg at eg overlevde. "I dag" sa han "hadde du englevakt!"

Og ja, det trur eg. Eg hadde englevakt. 

No er dette eit uttrykk som mange brukar, kanskje utan å tenke over om det faktisk er sant, men eg trur altså at det sant, at englar finnes og at dei er aktive og grip inn i enkelte situasjonar. Eg trur på verne-englar (skyts-englar), men også andre typer englar.

Faktisk fekk eg inn denne trua då eg var liten. Når vi skulle legge oss, kom mor mi inn og vi bad i lag denne bøna:

Kjære Gud Fader i himmelens slott,
takk for i dag eg har hatt det så godt.
Eg vil være så god og så snill,
det må du Jesus hjelpe meg til.
Send dine englar å passe på,
alle dei store og all dei små.

Så kan eg sove så trygt og så godt,
kjære Gud Fader i himmelens slott.

Eg trur verne-engelen min hadde det travel då eg var liten. Eg var ein ulykkesfugl. Broten hand, hol i hovudet, utslått framtann, ramling frå tre ned på steingardar og ned i elver, to-etasjers fall i steintrapp og diverse andre blodige hendingar og skumle nestenulykker.

I Bibelen

Det kristne verdensbildet innheld både den synlege og den usynlege verkelegheita. Vi trur at englane er ein del av skaparverket, og bibelen er full av englar og referansar til englar.

Her er nokre få smakebitar vedrørande verne-englar:

Frå Gamle Testamentet: 

‘ Sjå, eg sender ein engel føre deg for å ta vare på deg på vegen og føra deg til den staden som eg har gjort i stand. ‘ 2. Mosebok 23:20


‘ For han skal gje englane sine påbod om å verna deg på alle dine vegar. Dei skal bera deg på hendene så du ikkje støyter foten mot nokon stein. ‘ Salmane 91:11-12

Frå Nye Testamentet: 

' Ta dykk i vare så de ikkje ser med forakt på ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Dei har sine englar i himmelen som alltid ser andletet til min himmelske Far. ' Matteus 18:10 

 ' Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og blir utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa i arv?' Hebrearane 1:14

I den katolske Kyrja er der lange tradisjonar på å inkludere englar i bøner og diverse liturgiske tekster; rett og slett i normal praktisering av den vanlege kristne trua. Arnfinn Haram har for eksempel skrive om ei gamal engle-bøn, og den lyder slik:

Herrens Engel

Du Guds engel, vokt meg, vern meg,
i din omsorg styr og bær meg,
med Guds ord opplys og lær meg! Amen.

Verne-engel

Vil du vite meir om verne-englar kan du lese her: De hellige verneengler.

Ein stor himmelhær

Nei, vi er ikkje åleine. Det kristne verdensbildet har gjennom alle tider rekna med og erfart hjelp frå den usynlege verda. Og det er ikkje berre verne-englar, men erke-englar, kjerubar, serafar, livsvesen og tenande ånder etc. Desse har ulike oppgåver og funksjonar. Nokre er bodberarar, nokre krigarar og altså nokre er verne-englar etc.. 

Du kan lese meir om dette her: Med engler og erkeengler...

Vi nermar oss ei høgtid, Jul, og der spelar også englane sentrale roller. Til og med ei himmelhær som syng.

Her er siste del av jule-evangeliet.

Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle.  

 

Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» 

 Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:

 «Ære vere Gud i det høgste,

og fred på jorda

blant menneske Gud har glede i!» 


LUK.2.8-14


Det finnes alstå ei bibelsk lære om englane. Men det finnes også mange rare og falske oppfatningar, til dømes i ein del nyreligiøse miljø. I protestantiske kretsar har ein kanskje vore litt redde for at fokus på englar skal ta fokus vekk frå Jesus. Det kan sjølvsagt skje at englane får for stor plass, og det er ikkje bra. Men englane er no nettop Jesus sine tenarar, dei er hans hær, hans syngande hær, som er der for å hjelpe oss på vegen. 

Vi er ikkje åleine.

P.S.: Det finnes utallige vitnesbyrd om englar som har gripe inn på overnaturleg vis, også frå folk som har sett englar. Eg kjenner personleg ei som har sett englar mange gongar.

LES OGSÅ: Englesong