Det eg skal skrive om no, skjedde hausten 2002, då eg og Ingrid var pastorar i Sykkylven Vineyard. Det var ein grå søndag. Vi skulle ha gudsteneste og vi var slitne.
Denne sommaren hadde vi vore utsett for ei bilulykke i ei 80-sone på hovudvegen i Sykkylven. Ein forkjørsveg. Vi køyrde rett inn i ein bil som kryssa vegen. Bilen vår vart snurra rundt, men vi hamna ikkje i grøfta.
Det vart mykje styr og sjokk og blod og ambulanse og helikopter. Eg fekk helikopter og morfin, Ingrid fekk ambulanse og sjokk. Kortversjonen er at vi begge slapp frå det med kvar sin nakkesleng, der Ingrid sin var mest alvorleg. Den andre bilen havna utpå marka nedom vegen. Så vidt vi veit gjekk det fint med han som sat i bilen der.
Og no, nokre veker seinare, skulle vi altså ha gudsteneste kl.17:00 på Strømmefabrikken. Ingrid sat på kontoret og førebudde dagens tale, medan eg skulle leie lovsongen og sat rundt eit hjørne inne i stova vår, spelte gitar og song og valgte ut songar til samlinga. Men, vi var altså slitne, slitne og motlause, framleis med smerter i nakken og kroppen. Ein svært grå søndag.
Med eitt høyrde Ingrid vakker, ja himmelsk vakker, fleirstemt song inne frå stova og lurte på kva i alle dagar som skjedde. Ho reiste seg og gjekk inn for å sjekke, men fann berre meg som sat der og øvde. Ho spurte meg om eg har høyrt koret. Det hadde eg ikkje.
For ordens skuld; Ingrid har ikkje for var vane å høyre slikt. Dette var første og så langt siste gong. Vi konkluderte med at vi måtte ha hatt eit englekor på besøk.
Den grå dagen fekk sterke varme fargar og vi fekk styrke til å gjere det som stod på programmet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)