søndag 10. oktober 2021

Undring

Då eg gjekk i barneskulen, 5. eller 6. klasse, sendte læraren min (Vada) meg på høyrsels-test. Bakgrunnen var at når han stilte spørsmål til meg så svara eg ikkje. Dette skjedde så ofte at han fekk mistanke om at eg hadde svekka høyrsel. Vel, testen viste at høyrselen var heilt i orden. 

Det som hadde blitt oppdaga var ein personleg eigenskap som går på at når eg tenker, filosoferer, dagdrøymer, undrar meg, då blir eg døv. Eg veit ikkje om dette er ein fordelaktig eigenskap, men slik er det no. Kona mi, Ingrid, syns etter 43 års ekteskap, at det er like irriterande kvar gong eg ikkje høyrer. Dette til tross for at Ingrid har ei svært høyrbar stemme.

Anyway. Eg tenkte å skrive litt om undring.

Ei vanleg oppfatning (i alle fall blant filosofar) er er å forstå menneskets evne til undring som filosofiens opphav. Arne Næss  (død 2009) skriv for eksempel i boka "Livsfilosofi" at: Filosofien begynner med undring og slutter med undring - dyp undring.

Filosofen Paul Martin Opdal (død 2014) har skrive ein del om undring (og barnets undring). Ifølge han oppstår undring når ein tek eit skritt tilbake og tenker gjennom det som elles verkar sjølvsagt. For å gjere det tydeleg kva han meiner med undring lagar han eit skilje mellom det å vere nysgjerrig og undring. Denne skilnaden har å gjere med å stille daglegdagse, vitskapelige og tekniske spørsmål på den eine sida, og reise eit filosofisk problem/spørsmål på den andre sida. For eksempel når ein spør om kva klokka er, eller kva slags materiale den er laga av, så er det nysgjerrigheit. Men spør du kva tid er, så er det undring som ligg til grunn for spørsmålet.


Ein mann som undrar seg
(teikning: Dag Knardal)

I bibelen er det mykje ein kan undre seg over, og ein treng ikkje vere filosof for å undre seg. Mange underlege ting skjer. I dei fire evangelia står det stadig vekk at disiplane undra seg over det og det. Ikkje minst det Jesus sa og gjorde. Jesus gjorde mange teikn og under som dei undra seg over, dei og alle andre som fekk det med seg.

Gåing på vatten. Stilling av storm. Multiplisering av fisk og brød. Makt over demonar. Blinde som såg og lamme som gjekk. Vekking av døde (Lasarus) og oppstoda frå dei døde (Jesus). Etc.

Kan dette vere sant? Har det klikka for oss? Kva i alle dagar er det som skjer? Nei dette forstår eg ikkje!

Opp gjennom historia er det mange som har undra seg over desse Jesus-historiane og andre ting i bibelen, og denne undringa har ført folk til tru og djupe openberringar om om korleis alt heng saman, ja, rett og slett gitt gode svar på dei aller djupaste eksistensielle spørsmåla; kvar kjem vi frå, kvar(og kven) er vi, kvar skal vi. Og så har det ikkje berre vore undring, men også under opp gjennom tidene. Undera tok ikkje slutt med Jesus. Det skjer teikn, under og mirakel idag, lett tilgjengeleg på nettet for dei som er opne for det, dei som undrar.

Undring har potensiell sprengkraft i seg. For C.S. Lewis (også filosof, mest kjent for Narnia-bøkene) var det ei togreise som skulle til. Han gjekk ombord på toget som ein som ikkje trudde på Gud og Jesus og den kristne trua. I løpet av togreisa sat han og undra seg over dei historiske kjensgjerningane i høve Jesu død og oppstode. Då han gjekk av toget var han ein kristen. Sånn kan det gå når ein undrar seg.

Undring er noko som borna er flinke til. Eller, flinke er vel feil ord, det er nemleg heilt naturleg for born å undre seg. Dei undrar seg over det meste og stiller undrande og nysgjerrige spørsmål. Det er slik dei utviklar seg.

Eg trur vi har noko viktig å lære av borna, og eg har ein mistanke om at Jesus meiner det same.

I Markus evangelium kapittel 10 vers 13 til 16 står det: Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort. Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei.

Eg trur at å ta imot Guds rike som eit lite barn, handlar om undring, open undring.

Eg trur også at undring (barnesinn) er den beste medisin mot skråsikkerheit. Skråsikkerheit set ein stoppar for det meste, medan undring gjev utvikling og framdrift.

Dette og mangt anna undrar eg meg over og blir døv.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)