fredag 29. oktober 2021

Ole Brum Kirka

For 13 år sidan fekk eg ein ide. No er det svært vanleg at eg får idear.  Dei fleste endar på på ide-stadiet, men denne ideen fekk eit litt lengre liv før den vart "parkert".

For 13 år sidan var eg, saman med Ingrid, kona mi, pastor i Sykkylven Vineyard. Vi  hadde vore gjennom mange "ups and downs" sidan starten i 1996, og eg  hadde opparbeida mange tankar om den kristne forsamlinga.

Det eg såg i kirkelandskapet og i eigen forståelse av røyndomen, var at det var mykje polarisering og kategorisering. Vi er sånn og dei er sånn.  Og vi er absolutt ikkje sånn som dei og den. Som eit lite og lite kjent kirkesamfunn måtte vi ha noko å svare når folk spurte; kva er Vineyard, kva er spesielt med Vineyard,  kva . . . ?

Eit klassisk eksempel er at vi sa; vi går ikkje til kirke, vi er kirke. Kirke er ikkje ei  bygning, men folk. Du blir ikkje kristen av å gå til kirke, like lite  som du blir hamburger av å gå på McDonalds.

Men etter å ha reflektert over dette ei tid og lest og høyrt mange vinklingar, vart bildet mykje meir nyansert og komplekst. Då fekk eg denne ideen om å skrive ei bok med tittelen "Ole Brum Kirka" og med underttittel/tekst henta frå 4. Mosebok 14:8:


'Om han har si glede i oss,
fører Herren oss inn i dette landet og gjev det til oss,
eit land som fløymer med mjølk og honning.'


Boktittelen er henta frå historia der Petter Sprett spør Ole Brum om han vil ha  mjølk eller honning, og Ole Brum svarar "ja takk!" Denne haldninga er  ofte brukt i negativ forstand, om folk som vil ha både i "pose og sekk", men eg tenkte den i positiv forstand, der ting og tang rett og slett  blir både betre og sunnare, når ein tenker både–og. (Dessutan, i Ole Brum historia står det også vidare; men etter å ha tenkt seg om litt, legg han til for å ikkje virke grådig: «Men det er ikkje så viktig med brødet». Handlar altså ikkje om grådigheit) 
 
Boka kunne like godt ha fått tittelen "Den radikale middelveg", men den var allereie brukt i "The quest for the radical middle" av Bill Jackson (tidlegare Vineyard-pastor).
 
I denne boka skriv Bill Jackson: 
 
Den som er radikal vel enten-eller. 
Den som søkjer middelvegen vel verken-eller. 
Den som går på den radikale middelveg vel både-og. 
 
Eg tok til å skrive boka, ei periode svært entusiastisk, og eg har framleis eit halvferdig manuskript liggande på OneDrive.
 
Her er nokre av overskriftene: 
Framgang og motgang 
Glede og sorg 
Lik og ulik 
Heilag og syndar 
Allereie og ikkje enno 
Kongebarn og tenar 
Guds verk og vårt verk 
Gamalt og nytt 
Forutbestemt og frivillig 
Ordet og Anden 
Open og kritisk 
Nåde og sanning 
Lett og vanskeleg 
Bygning og folk
 
Etter kvart som eg skreiv vart det fleire og fleire både-og, det vart meir og meir omfattande, og så gav eg opp heile prosjektet. 
 
No har åra gått.
 
Eg og Ingrid har blitt katolikkar. Vi har konvertert frå ein slags (Vineyardsk) protestantisk tru og praksis til katolsk tru og praksis. Ein av ingrediensane mine i valet om å konvertere var nettopp dette med både-og, og då tenker eg spesielt (men også andre ting) på utsegnene frå reformasjonen om bibelen åleine og tru åleine.
 
Under reformasjonen vart det definert 5 slike åleine-utsegn. 
 
Sola scriptura - skrifta (bibelen) åleine, Sola fide - trua åleine, Sola gratia - nåde åleine, Solus Christus - Kristus åleine og Soli Deo gloria - Til Guds ære åleine. 
 
Desse "åleine" utsegna var ein reaksjon/protest til den katolske tru og praksis på den tida, og det er alt for omfattande å gå inn i alle desse i denne bloggen; eg vil berre sei litt om dei to første.
 
Sola scriptura. I katolsk tru er det bibelen og tradisjonen, både - og, samlinga av dei inspirerte bibelske  skriftene og korleis innhaldet i desse skriftene og muntlege overleveringar har blitt forstått/tolka opp gjennom tidene. Tolkningar og overleveringar som har tålt tidens tann, også kalla ortodoksi.
 
Sola fide. I katolsk tru er det tru og gjerningar, både - og, der ei levande tru medfører gjerningar, og gjerningar bles liv i trua ved Guds aktive nåde. Gud som verkar i oss. Guds verk og vårt verk. Symbiose der Gud er i førarsetet. 
 
Spesielt sola scriptura har medført mykje rabalder, mange tolkningar, mange splittelsar og konflikter, tusenvis av kirkesamfunn og sekter.
 
Det høyrest kanskje litt arrogant ut, men eg trur eg har funne Ole Brum Kirka, den radikale middelveg som leier meg til eit land som flyt av mjølk og honning. Eg ser sjølvsagt stykkevis og delt som dei fleste andre, men kjenner at eg frydar meg over å vere på det sporet eg er idag. 
 
Og ja, Kirka er folk. Men den er også bygningar, arkitektektur, historie, liturgi, sakrament, kunst, musikk , kirkeklokker, heilage rom, heilage ting og heilage stadar som omfavnar oss med mild og generøs rikdom. Kansje meir enn det også. Kvifor skal vi innsnevre og sortere kirkesamfunn til smale, snevre, blodfattige kategoriar? 
 
Herre, 
før oss inn i landet 
som fløymer med mjølk og honning.

'Om han har si glede i oss, fører Herren oss inn i dette landet og gjev det til oss, eit land som fløymer med mjølk og honning. ' 4. Mosebok 14:8 https://my.bible.com/bible/119/NUM.14.8'Om han har si glede i oss, fører Herren oss inn i dette landet og gjev det til oss, eit land som fløymer med mjølk og honning. ' 4. Mosebok 14:8 https://my.bible.com/bible/119/NUM.14.8'Om han har si glede i oss, fører Herren oss inn i dette landet og gjev det til oss, eit land som fløymer med mjølk og honning. ' 4. Mosebok 14:8 https://my.bible.com/bible/119/NUM.14.8'Om han har si glede i oss, fører Herren oss inn i dette landet og gjev det til oss, eit land som fløymer med mjølk og honning. ' 4. Mosebok 14:8 https://my.bible.com/bible/119/NUM.14.8

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)