søndag 19. desember 2021

Kva ynskjer Jesus seg til jul?

Dette er ei juleandakt som eg skreiv for Sykkylvsbladet i 2001, altså for 20 år sidan:

Kva ynskjer Jesus seg til jul?

Eg sit og ser ut. Tåka ligg tett, og det er mørkt sjølv om klokka ikkje er meir enn to. Mange tankar fer gjennom hovudet. Lys og mørker. Det gode og det vonde. Varme og kulde.

Eg gler meg til jul; fri frå jobben, familien samla, julestemninga, maten, tradisjonane, barneminna, juleevangeliet, Jesu fødsel, songane, glitrande tre, dalande englar . . .

Vi har det lyst og godt og varmt. Vi er velsigna, tenkjer eg.

Det har blitt enno mørkare ute. Eg veit det er mange som ikkje gler seg til jul, som har det mørkt, vondt og kaldt inni seg. Jula med alle sine lyse, gode og varme ingrediensar gjer ting berre verre. Kvifor kan ikkje alle ha det godt? Kvifor kan ikkje Gud gripe inn slik at alle blir fylt med fred, glede og kjærleik? Kvifor kan Han ikkje sprenge himmelen og øse all sin velsignelse over oss, slik at alle blir lykkelege?

No er det snart heilt mørkt, og ein tanke slår ned i meg. Kva ynskjer Jesus seg til jul? Kva ynskjer Han, der han sit ved Guds høgre hand, og ser på skaparverket sitt?


Foto: Dag Knardal

Like før Jesus vart korsfesta bad han ei lang bøn som ein kan lese i Johannesevangeliet, kapittel 17. I vers 24 i denne bøna trur eg Jesus sitt juleynskje er nedskrive:

"Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei får skoda min herlegdom, som du har gjeve meg av di du elska meg før verda vart grunnlagd." Jesus ber, "Far, eg vil . . .". Det er dette Jesus vil ha.

Kvifor vil Jesus at vi skal være hjå Han, der Han er? Er det fordi Han er einsam og treng oss? Nei, det er for at vi skal få sjå Hans herlegdom. Det er ikkje Han som treng oss, det er vi som treng Han. Kva er Hans herlegdom? Den er nok mykje lysare og betre og varmare enn vi kan fatte, og uttrykkje med menneskeord.

Men dette er berre ein del av Jesus sitt juleynskje. Han vil ikkje berre at vi skal få sjå, men at vi skal få.

I vers 26 kan vi lese: "Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei, og eg sjølv kan vera i dei." Tenk på det! Han sjølv, med all sin kjærleik og herlegdom ynskjer å bli ein del av oss! Jesus i oss! Det er det Jesus vil!

Og så blei Jesus fanga, dømt, piska og korsfesta, og så døde Han. Han blei straffa, for alt det mørke, vonde og kalde vi menneska har utretta opp gjennom tidene.

Det har blitt heilt mørkt ute. Heilt mørkt. Men inni meg brenn eit lysande, godt, varmt håp som Jesus har gitt meg, og som Jesus vil gi til alle som søkjer Han. For Jesus stod opp frå dei døde! Han lever!

Jesus sitt juleynskje, er ei gåve til oss. For så elska Gud verda at Han gav. Han gav og ynskjer å gi seg sjølv til oss. Denne gåva er kjøpt og betalt. Det Han ynskjer seg til jul, er at vi tek imot Han! At vi seier, "velkomen inn, det er rom for deg . . . ."



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar