søndag 15. august 2021

Preikesteinen på Rovde

I mi ferd mot det katolske, var gamle røter eit tema eg tok til å studere sist vinter. Midt opp i lesing om kirkefedre og ørkenfedre i dei første århundra etter Kristus, tenkte eg; - kva med Rovde, kva slags røter har vi her? 

Med litt googling fann eg snart ut at her har vore ei stavkirke, sannsynlegvis bygd ein gong på 1300-talet. 

Ein dag eg var på butikken (den einaste butikken vi har - Coop Marked Rovde) såg eg Hallstein Ljoså, og då tenkte eg at han veit sikkert meir om dette. Han sa då at det er ikkje så mykje vi veit om denne stavkyrkja. Han nevnte også det var gitt ut eit hefte om Rovde kyrkje som eg burde sjekke ut, samt at det nedom dagens kyrkje skulle være ein preikestein som vart brukt ved feiring av messe ein gong for lenge sidan!

Eg vart litt nysgjerrig på denne steinen og tok meg ein tur og leita. No var det svært mange steinar der, og eg fann ingen som som kunne minne om ein preikestein slik eg såg den føre meg.

Ein kveld ut på våren banka det på døra, og der stod Hallstein med eit eksemplar av heftet om Rovde kykje. Eg (vi) inviterte han inn. Vi fekk oss ein hyggeleg prat om det eine og det andre. Og så gav han meg heftet og sa at eg skulle få det. 

I heftet er det i første rekke Anders Søvdsnes (1888-1972) som bidreg med historiske glimt. Det står i føreordet at han gjennom mange år hadde lagt ned eit kjempearbeid med å granska alle tilgjengelege kjelder.

Etter kvart tok eg til å lese litt i heftet. I kapittelet "Kyrkjene på Rovde" forfatta av Anders Søvdsnes, står der litt om steinen:

"Kva tid Ordet fyrste gong lydde frå kyrkjebakken på Rovde, hev tidi gløymt. Det kan vera verd å nemna, at på bakkekanten nord for kyrkjegardsmuren låg ein stein, som vart kalla "Preikesteinen". Då kyrkja som no er vart bygd, vart steinen sundskoten, men noko av han ligg att. I eldre tid vart staden her ved kyrkja kalla «Korsen». Det ligg nær å tenkje seg at her hev vore ein av desse korsstadane, som det var fleire av her på Vestlandet. På desse stadane vart det reist ein steinkross. Det var ein helga stad der folk samlast og høyrde messe."

Så, 11 juli, 3 dager etter at eg og Ingrid hadde blitt katolikkar (sjå her: Den dagen vi konverterte), var det ein som heiter Stig Stanghelle som la ut eit innlegg på Facebook-gruppa "Minner fra Rovdestranda". Han skreiv om steinen og sa at det var ei skam at eit slikt kulturminne berre skulle ligge gjengrodd på ein bakkekant. Han oppfordra grendalaget og soknerådet til å ta tak i saka.

Folk på gruppa vart engasjerte og oppfordra Stig til å ta bilde av steinen og publisere. Det gjorde han. 13. juli tok eg og Ingrid oss ein tur for å finne steinen. Og ja, vi fann den.

Her er altså steinen. Preikesteinen.
Eg syns eg ser opp til fleire kors på den.
Foto: Dag Knardal


Ingrid sjekka om steinen fungerte, og det gjorde den. 
Foto: Dag Knardal


Dette var altså ein helga stad som dei kalla "Krossen" der folk sannsynlegvis var samla og høyrde messe. Og då tenker eg: der skulle eg ha likt å vore, på ei slik messe, ei katolsk messe på Rovde i middelalderen. Dette kan vi kalle kyrkje i si aller enklaste form. Ein treng ikke eit kirkebygg (eller steinar for den del) for være kyrkje. Kyrkja er forsamlinga, menneska, ikke ei bygning.

Men, så vart det altså bygt ei stavkyrkje så folket og presten og klokkaren og andre involverte kom seg innandørs. Med vårt klima er det stort sett ein fordel å kome seg innandørs. Anders Søvdsnes skriv ein del om denne stavkyrkja som var lita og enkel, meg eg har lyst å avslutte dette innlegget med litt av det han skriv om oppgåvene til klokkaren eller degnen som han vart kalla, for å gi eit blikk inn i kva som gjekk føre seg i den fyrste tida etter at kristendomen hadde blitt etablert seg i Norge:

I erkebisp Jon sin kristenrett er det føresegner om degnen sine plikter og arbeid. Han skulle kveikja altarljosa, kle på presten for altaret, halda reine dei heilage kara, syrgja for at der var brød og vin og døypevatn, halda orden i kyrkja og elles gå presten til hande med messetenesta. Han skulle ringja med kyrkja sine klokker, derav namnet klokkar, som var nytta jamsides med nemninga degn. Degnen skulle også, utanom sundagane, taka seg av å læra born og ungdom barnelærdomen. Barnelærdomen var tilskipa av kardinal Nikolaus Brekespear då han var i Noreg og skipa erkebispembetet i 1152.

Opphaveleg var barnelærdomen Fadervår og trusartiklane. Men etter erkebisp Jon sin kristenrett kom også Maria-verset «Ave Maria» med i barnelærdomen. Frå midten av 14. hundreåret var også dei 10 bodorda ein del av barnelærdomen. Var ikkje klokkaren (degnen) dugande til å gjeva denne kristendomsopplæring, «Da maa de oc icke være Sognedegne», heiter det i den danske kyrkjeordinansen.

Opplæringa gjekk for seg på den måten at klokkaren sa fram katekismetekstene, og borna tok det oppatt så ofte at dei kunne det. Presten skulle også i preikene og ved skriftemål leggja ut om barnelærdomen. Etter erkebisp Jon sin kristenrett skulle borna gå til skrifte frå dei var 7 år. I fall dei då kunne seia fram Fadervår, trusartiklane og Ave Maria, kunne dei også få gå til altars. Frå dei var 12 år, hadde borna plikt på seg å gå til altars.


No er det mykje som har endra seg sidan den tid, mykje til det betre sjølvsagt, men eg er usikker på om alt har blitt betre? Eg for min del kunne faktisk godt tenkt meg daglege messer, ringing med kyrkjeklokker fleire gongar for dag og ei kyrkje som er åpen kvar dag så ein kan gå inn og berre være stille, be, kontemplere, tenne lys  . . . . 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)