fredag 17. oktober 2025

Valfart til Roma

2025 er jubelår i den katolske Kirka. Jubelåret starta då pave Frans åpna den heilage døra i Peterskirka på julafta, 24. desember 2024.  (Link: Heilage dører).

Eit jubelår er eit spesielt år i Kirka som vanlegvis blir feira kvart 25 år. Jubelåret er eit høve til å fordjupe seg i trua og til å leve sitt kristne vitnesbyrd med fornya engasjement. Biskopane i Norge har i denne samanheng oppfordra folk til å reise på valfart (reise til ein heilag stad/pilegrimstur) i inn og utland.

For meg og Ingrid starta det med valfart til Selja i juni saman med katolikkar frå heile Norge. Så vart vi invitert til å reise saman med våre venner Morten og Ragnhild Egeberg til Roma 10 - 14. oktober, noko vi takka ja til. Morten bestilte hotell, to rom på Guest House Relais Indipendenza.

Eg, Ingrid, Ragnhild og Morten har ein pussig felles historikk. Vi har alle vore Vineyard-pastorar, og har alle blitt katolikkar. Lang historie som eg ikkje skal rippe opp i her, men også ei historie som knyter oss saman på ein spesiell måte.

Eg og Ingrid bestemte oss for å reise eit par dagar før, altså 8. oktober. Vi bestilte to overnattingar på New Generation Hostel sentralt i Roma på grunn av sein ankomst og nattåpen resepsjon. Romet var greit nok, to køysenger, fint bad og vindauge mot bakhagen. Frokost bestod av ein croisant og ein kaffe pr. person. Dette viste seg å bli standard frokost resten av turen.

Vi kosar oss i bakhagen med standard italiensk frokost.

Torsdag labba vi litt rundt omkring. Då vi nerma oss ei stor kirke såg vi ei stor folkemengde. "la oss gå på andre sida av gata, det er ein demonstrasjon", sa Ingrid. Taxi-sjåføren hadde nemleg snakka om det kvelden før. Ved nermare ettersyn viste det seg å være ei lang kø med folk som skulle besøke denne kirka som viste seg være sjølvaste den pavelege basilikaen Santa Maria Maggiore⁩. Kirka der pave Frans er gravlagd, inne i kirka. Dette viste seg også at det ei kirkene med ei heilag dør, som Morten hadde planar om å besøke. Rett att med Hostellet vi budde i. Flaks. Kjekt.

Selfie med Santa Maria Maggiore⁩ i bakgrunnen.

Plassen framfor kirka heiter ‎⁨Piazza di Santa Maria Maggiore, og på ei høg søyle er der ei statue av nettop Santa Maria, altså Maria møy som vi seier i trusvedkjenning.⁩

Som om ikkje det var nok fann vi denne i ein av gangane på hostellet! Det skulle etterkvart vise seg at Maria med Jesusbarnet dukka opp over alt i heile byen.


Etter dette traska vi rundt. Det vart etter kvart både pizza og pasta, ny overnatt, ny italiensk frokost før vi sjekka ut, tok med oss ryggsekkane våre og tok til å gå mot vå neste bustad, nemleg Guest House Relais Indipendenza. Dette hotellet viste seg å mangle resepsjon (og frokost), så eg gjekk inn på bestillinga og fann eit telefonnummer som eg ringte. Ein hyggeleg kar med grei engelsk svarte. Han ba oss vente 40-50 minutt, han var nemleg ikkje på hotellet akkurat då. Dermed fann vi oss ein plass i skyggen og bestilte nokre forfriskningar. Så ringte hotellverten og slapp oss etterkvart inn. Vi fekk nøklar, betalte og installerte oss på romet. Greit rom. Høgt under taket. Liten altan mot gata. 

Av ein eller annan grunn har eg ikkje eit einaste bilde hotellet verken frå innsida eller utsida. Anyway, etterkvart ankom Morten og Ragnhild og vi gjekk ut og åt oss ein betre middag.

Fredag vart det bestemt at vi skulle besøke basilikaen Santa Maria Maggiore til tross for at vi åtvara mot lange køer og mykje venting i sola. Så vi traska i vei. Eller traska og traska, vi langa ut. Ragnhild er nemleg svært kjapp i ganglaget. Undervegs tok vi ei kjapp pause på ein kaffebar og fekk i oss dagens frokost, croissant og cappuccino. Så langa vi ut mot basilikaen. Og ja, køa var lang.

Pilegrim-selfie i køa. Bildet får desverre ikkje med kor lang køa.


Medan vi stod i kø dukka dette motivet opp.


Etter ein litt treig start tok køa til å røre seg raskare. Så stoppa det litt opp, så raskare igjen og vi skjøna at folk vart slept inn puljevis. 

Vi nermar oss.


Etter å gått gjennom sikkerheitskontrollen og vidare mot inngangen dukka den heilage porten opp. Heile køvandringa tok berre 40-50 minutt.

'Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite. '
Johannes 10:9

Ingrid nermar seg den heilage porten, porta santa.





















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)