I 1982/83 kjøpte eg ei LP-plate, eller kanskje var det ein kassett, med det britiske bandet "Ten years after". Tittelen på albumet var "A space in time" og vart utgitt i 1971. Vi (eg, Ingrid og to små born, Sigve og Ragna) budde denne tida på Melhus, og eg pendla til Trondheim der eg jobba i eit rådgivande ingeniørfirma med det velklingande navnet IGP AS. Eg hugsar eg høyrde mykje dette albumet, men det var spesielt ein song som festa seg i øyregongane. Songen hadde tittelen "I'd Love to Change the World".
Ten years after - A space in time
Her er musikkvideoen:
Her ein dag kom eg til å tenkje på denne songen. Av ein eller annan grunn. Eg tok difor og søkte opp albumet i Apple Music. Det viste seg at nettop songen "I'd Love to Change the World" er den mest populære låten til bandet. Så eg spelte den nokre gongar og ein god nostalgi fylte meg. Dei tre første setningane i refrenget er slik:
I'd love to change the world
But I don't know what to do
So I'll leave it up to you
Teksta generelt handlar om ei forvirra verd og peikar på mange ting som er gale i samfunnet. Til sist nevner den krig, som i 1971 handla om Vietnam-krigen. Ein slags protestsong der eg trur refrenget er sarkastisk. I don't know what to do, so I'll leave it up to you.
Alt dette fekk meg til å reflektere over verda vi lever i idag. Medan eg reflekterte forsvann den gode nostalgiske kjensla. Verda vi lever i, krigane som pågår for fullt og som fyller nyheit-sendingane kvar ein bidige dag. Daglege doser med folk som blir drept. Soldatar, sivile, kvinner og barn. Konsekvensane. Umenneskelege lidelsar. Flyktningar i hopetal.
Makta; Trump, Putin, Netanyahu, Hamas, Nato, FN, og så vidare.
Eg kan berre observere alt dette, bli deprimert, resignere og sei: I'd love to change the world, but I don't know what to do.
Eller vent no litt, der er faktisk noko eg kan gjere. Eg er kristen og eg trur på Jesus Kristus, frelsaren, redningsmannen. Eg kan be han gripe inn. Eg kan be saman med millionar av andre kristne om fred. At han som også blir kalla fredsfyrsten skal gripe inn, at han skal mobilisere dei himmelske hærskarane av englar, med erkeengelen Mikael i spissen og skape fred. Eg kan be for Trump, Putin, Netanyahu, Hamas, Nato, FN, og så vidare.
Javisst, eg kan be.
Det er makt i de foldede hender.
Eg kan be og det kan du også.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)