lørdag 29. juni 2024

Ei lita historie om noko veldig stort

På mi vandring på vegen, eller i denne samanheng, på web-en, gjorde eg nokre spennande observasjonar for ei tid tilbake. Som eg har skrive før, så har eg bevega meg i eit katolsk landskap dei siste åra. Det er mykje nytt sjølv om det historisk er gamalt, men det aller meste er kjent og kjært.

Det eg kom over, på youtube sjølvsagt, var ein eldre film (litt dårleg kvalitet) vedrørande det som blir kalla den katolske karismatiske fornyelse (samt fleire andre filmar og skriverier på same tema). 


Denne fornyelsen starta i Pittsburg i USA i 1967, der lærarar og elevar på Duquesne University (katolsk) tok til å søke å bli fylt av den Heilage Ande. Det vart dei, og dei tok til å tale i tunger. Dei omtala det som skjedde som ein åndsdåp

Dette spreidde seg fort og nyheitene nådde etter kvart fram til Roma. Etterkvart har det utvikla seg til ein fornyelsesbevegelse innanfor den katolske kirka, og den har blitt velsigna av alle dei fire pavane frå 1967 fram til idag. Sentralt i denne bevegelsen er "det personlege forholdet til Jesus" samt å "ta i bruk nådegåvene". 

Ei sterk scene (i mine auge) er når Pave Johannes Paul II proklamerer "long life for the charismatics" og dei som er samla bryt ut i "sang i ånden" (tungesynging/tungetale med improvisert melodi) (ca. på 5:32 ut i filmen).

Kva var det som var så kjent?

For det første, dette som skjedde starta midt i hippie-tida. Eg har heile livet sett på meg sjølv som ein hippie. "Peace and Love" er flotte greier! Sjølv om eg ikkje har så langt hår lenger, så er dette faktisk noko av min identitet.

For det andre så har eg personleg erfaring med det dei opplevde, desse katolikkane i Pittsburg. Først var det i hippietida, i starten på 70-talet, då det som vart kalla Jesusvekkelsen nådde våre breiddegrader. Den kom til og med til Rovde der eg budde (og bur) og Syvde, der eg gjekk på skule (via Ung Visjon i Molde og ein skulelagsleiar som var pinsevenn, ca. 1972). Jaudå, vi fekk oppleve både folk som talte i tunger og folk som profeterte. Personleg talte eg ikkje i tunger, men erfarte eit Gudsnærvær som sette djupe spor,

Etter ei lang periode, og etter ei ekteskapskrise som enda bra (vi snakkar no 1990), og flytting frå Valderøya til Sykkylven (ei av 9 flyttingar på vår pilgrimsveg) tok det til å skje veldig mange bra ting, både ekteskapleg (den viktigaste), kunstnerisk og menneskleg, og ikkje minst åndeleg. Ein kveld utpå nyåret i 1994 fekk eg låne ei bok. Den heitte "Helbredelse ved kraft" (dårleg tittel og svært smaklaust omslag) av ein som heitte John Wimber. Denne boka vekte sterk interesse, og då det vart kjent at denne John Wimber (leiar for Vineyard bevegelsen på denne tida) skulle kome på sommar-OASE sommaren -94 fekk eg veldig lyst å reise dit. Etter ein del om og men, vart det til at Ingrid og eg tok med oss dei tre borna våre og drog i veg.

John Wimber vart sjuk og kunne ikkje kome! I staden kom det to andre Vineyard-pastorar, der den eine nettop hadde vore i Toronto. Han som hadde vore i Toronto, bringa med seg det som foregikk i Toronto (seinare kalla Torontovelsignelsen og latter-vekkelsen!), og det slo ned som ei bombe frå og med første møte. Folk låg strødd! Her var det ikkje berre tungetale. Det var latter, det var hopping, springing og alskens fysiske reaksjonar. Men dei aller fleste vart berre liggande. Nokre låg lenge, til lenge etter at møtet var slutt. 

Eg var skeptisk (det er eg framleis) men også nysgjerrig (det er eg også framleis). Sonen min fekk overtalt meg til å prøve å bli bedt for av han som hadde vore i Toronto. Bill Twyman heitte han. Eg stilte meg i kø, og etter å ha venta ganske lenge, var det min tur. Bill tok begge hendene mine, såg meg inn i augene og sa, "come holy spirit and touch him!". Eg seig momentant ihop som ein tomsekk og vart fylt med fred. Eg låg og kjende på det ei stund og så reiste eg meg opp. Meir dramatisk var det ikkje. Ingrid opplevde noko liknande seinare veka, og vi reiste heim proppfulle av nye spennande erfaringar.

For å gjere ei lang historie kort. Dette førte etter kvart til kirkeplanting (starte ny kirke) i Sykkylven i 1996 og i Bergen i 2010.

Tungetale fekk eg i 1996 på ei biltur over Ørskogfjellet, åleine, heim frå jobbeveke i Kristiansund. I det eg kom over toppen og såg utover fjella og ned i dalen braut det laus! Dette er ei gåve eg er svært takksam for!

Resten er historie som dei seier. Livet vart ingen dans på roser etter dette, men er det noko eg kan konkludere med etter alt eg har opplevd, alt eg har lest og reflektert over, i gode og vonde dagar, så er det at det er Den Heilage Ande som gir liv (2 Kor 3:6). Om eg held på med tidebøn, rosenkransen, studie, messe, basar, fjelltur eller hagearbeid (o.s.v.) så er det Den Heilage Ande som gir liv.

Peace and Love!

2 kommentarer:

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)