søndag 29. september 2024

Klovnen

Eg såg nettopp ein filmsnutt på YouTube, vitnesbyrdet til komikaren Casper Christensen, som hadde ei hovudrolle i den danske serien "Klovn". Casper har no teke imot Jesus, døypt seg og fått eit radikalt nytt liv. Det er ikkje ofte eg linkar til Se og Hør, men her kan du lese litt meir om kjendisen og klovnen Casper og det som har skjedd.




Dette minte meg på eit dikt, eller ein song som eg har gløymt melodien på, som eg skreiv i 1994:

KLOVNEN OG ENGELEN

Det er stille i manesjen
Folk og fe har gått til ro
Klovnen sit og mediterer
Han er heilt åleine no
Då kjem ein engel fram i lys og fargar,
han lyfter opp ei venleg hand
Klovnen ramlar i sagmuggens armar,
og så bryt englesongen fram:

Strekk handa ut, løft opp ditt blikk
sjå alt som berre ligg og ventar.
Strekk handa ut og ta imot
med takk det eg vil gi til deg

Då deler lyset seg i alle fargar
og skaper lys og liv i alt,
og klovnen kastar alle hemningar
dansar rundt i all sin prakt
Himlen speglar seg i gledestårer
når englesongen tonar ut
Klovnen kryp fram frå skjulestaden
Alle skal blir skrella bort

Så blir manesjen fylt med kvite duer
og orkesteret spelar opp
Sceneteppet glir til sides
og lyset treff ein naken kropp
Klovnen røyser seg og ser mot lyset
Han strekker seg og pustar ut
Engelen pyntar han med kvite klede
For no er ventetida slutt

1 kommentar:

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)