fredag 22. mars 2024

Den beste versjonen av seg sjølv

Eg har i det siste sett på serien "Kompani Lauritzen" sesong 5, der eitt av hovudmåla for deltakarane er å bli den beste versjonen av seg sjølv. Eg likar serien svært godt. God underhaldning. 

I starten er berre det å ta imot kommandoar og lyde kommandoar utan å mukke, svært vanskeleg for mange. Så blir det etter kvart meir og meir krevjande øvingar og oppgåver, fysisk og psykisk, som verkeleg set deltakarane på prøve. Det er fascinerande når ein person trassar ei frykt eller ein fobi, og ein ser jubelen etterpå. Det er ikkje tvil om at dei fleste kjem ut etter serien som ein betre versjon av seg sjølv, ein versjon som tåler meir, orkar meir, og er blitt frigjort til å gjere ting ein ikkje torde gjere før. 

Kompani Lauritsen - sesong 5

Den kristne versjonen

Eg ser mange parallellar til det kristne livet. Ei side ved det kristne livet handlar nettop om å bli ein betre versjon av seg sjølv. Ordet som blir brukt på denne kristne "Kompani Lauritzen"-prosessen, er heilaggjering eller helliggjørelse som det heiter på bokmål. Mange kristne har eit negativt forhold til dette. Dei meinar det fort blir lovisk eller at det blir eit strev. 

Kvar blir det av nåden? 
Det å kvile i nåden?

I den katolske Kirka er ein meir positive til dette. Ja ein seier faktisk at å prøve å bli helgen (ein annan måte å sei heilaggjering på) er noko som er for alle. Kirka har opp gjennom historia utvikla mange verktøy ein kan bruke i denne prosessen, for eksempel tidebøner, rosenkransbøner, skriftemål og bibelmeditasjon;  lectio divina eller ignatiansk, kontemplativ bøn, gå til messe på søndagar og så vidare. Der er fleire.

I møte med ikkje-kristne, i prat eller kommentarfelt, får ein gjerne inntrykk av at dei ser på kristne som slike som trur dei er betre enn andre, eller framstår som betre enn andre, men som eigentleg ikkje er det. Og så er der desverre mange historier som støttar den siste påstanden, der til og med prestar og pastorar og kristne leiarar har levd eit dobbeltliv. Dei har svin på skogen. Dei har hemmelegheiter som ikkje tåler dagens lys. Veldig, veldig trist, men sant.

Det er ei kompleks spørsmålstilling eg har rota meg inn i. Mykje av det som gjer det komplekst er alle dei negative erfaringane, dei negative verdsbileta, dei negative observasjonane (leiarar, prestar, pastorar som sviktar) og kampen inne i meg sjølv. 

Er eg den beste versjonen av meg sjølv?

Istaden for å prøve å svare på dette, noko som ville ha vore svært krevande, vil eg berre kaste fram ein proklamasjon og ein visjon:

Å bli det vi er skapt til

Når eg ser på mitt eige liv, er det ikkje så mykje å skryte av. Der er sjølvsagt mange ting eg har fått til som eg er stolt av. Ikkje minst at eg har vore gift med Ingrid i snart 46 år, og mine tre barn, og sju barnebarn. Det eg meinar er dette med å være ein god person, der veit eg ikkje om eg har så forferdeleg mykje å skryte av. Men det eg har forstått gjennom lesing av Bibelen og teologiske bøker, er at det å være menneske, på ein måte er å vere ein skugge av seg sjølv. Hadde vi vore heilt og fullt det vi er skapt til, hadde vi vore heilt og fullt lykkelege, frie og fylt med fred, tilfreds og aktive med å spre denne herlege røyndomen. 

Men eg er ikkje der. Kansje glimtvis, men på det jamne nei.
Eg er ikkje der.
Eg er ein skugge av meg sjølv. 

5 - 7 mars i år var eg på ein konferanse i Bjärka-Säby i Sverige. Konferansen var arrangert av Ekumeniska Kommuniteten i Bjärka-Säby med Peter Halldorf i spissen. Storparten av deltakarane var prestar i den svenske og den norske kirke, medan ein god del av talarane var katolske eller ortodokse. Tema for mange av dei handla nettop om det eg skriv om her.


Slottet i Bjärka-Säby der mange seminara fann stad.
Eg hadde eit herskapeleg rom i tredje etasje til høgre.

Katolsk biskop i Trondheim stift, Erik Varden, var kansje den som var mest konkret. Med sin bakgrunn som trappistmunk i England, tok han utgangspunkt i St. Benedikts "Regel Vita"som dei brukte som hjelpemiddel i klosteret.

Her er mitt eksemplar av Benedikts regel.
Den kan kjøpast på St. Olav bokhandel
 

I sitt innleiande foredrag sa han at St. Benedikt brukte å stille alle som ville bli munkar eller nonner nokre innleiande spørsmål. Det første spørsmålet var; "Vil du bli lykkeleg?". Erik Varden la til ein kommentar: "Viss svaret er nei, så finnes det mykje enklare måtar å bli ulykkeleg på enn å følge St. Benedikts regel". 

Som sagt, handla fordraget om å verte lykkeleg, heil, fri og så vidare. Det handla om å bli den beste versjonen av seg sjølv ved å bli den vi er skapt til å vere, alle vi som er skapte i Guds bilete.

Sjølv om eg slit med dette er det samstundes noko eg lengtar etter.
Ein sterk lengsel.

I mai 2021 skreiv eg eit blogginlegg med tittelen "Fokus" der eg er inne på noko av den same "problematikken". Som avslutning, etter å ha skrive om å praktisere tidebøner og andre ting, skreiv eg:

"Gjennom dette har eg fått ein lengsel etter å trenge enno djupare, kome enno nermare Gud, livets kjelde, kome nermare Jesus, få skarpare fokus, få bort all støyen, så eg kan høyre og sjå klarare og klarare."

Eg har kanskje teke nokre små museskritt etter dette?
Eg er ein pilegrim på vandring som vert inspirert av "Kompani Lauritzen" til å satse, våge, hoppe ut i det, gå inn i stadig nye vakre landskap.

So help me God.







2 kommentarer:

  1. Takk Dag! Du kan å skrive så eg forstår!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Anonym. Takk for tilbakemelding. Eg er glad at det eg skriv er forståeleg :).

      Slett

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)