søndag 4. februar 2024

Perspektiv

Perspektiv handlar om å sjå ting & tang frå forskjellige vinklar. For å forstå ting & tang trur eg at det er viktig, nettop dette, å sjå frå forskjellige vinklar. Eg kjenner meg litt priviligert som har fått lov til nettopp det. 

Kanskje eg har vore heldig, kanskje eg har oppsøkt det, i alle fall; eg har hatt nokre erfaringar som har gitt meg perspektiv på ein del ting. Ting & tang eg meinar er vesentlege. 

Nokre av desse perspektiva fekk eg i 1990-91. Eg arbeidde då i eit firma i Bergen som som heitte Bailey Petrovest AS, eit bergensfirma som som hadde bygd seg opp med å levere (selge, installere, sette i drift) eit avansert amerikansk kontrollsystem som heitte Bailey Controls og hadde sitt hovudkvarter i Wickliffe Ohio.

I 1990 fekk eg tilbod  om å være med på eit prosjekt i Qatar; North Field, beståande av fleire plattformer i Den Persiske Gulf for å ta opp naturgass, og eit landanlegg i Qatar for å prosessere gassen til forbruk. Grunnen til at Bailey Petrovest  vart forespurt var at det var ein krig i emning, nemleg den Amerikanske  "invasjonen" av Irak for å stanse Saddam Hussein som 2. august hadde invadert Kuwait. Amerikanarane som hadde det opprinnelege prosjektet såg det som ein stor risiko å følge opp oppstarten av gassproduksjonen nettop fordi dei var Amerikanarar. 

Utreise var rett før jul

North Field i den persiske gulf.

Det første som møtte meg etter ankomst på flyplassen i Doha, var ei kjensle av å bli sett ned på. Eg var ikkje ein av klanen. Klanen, det innfødde herrefolket, emirane og deira familie og slektningar, dei som eig landet og styrer det som ei familebedrift. Eg var berre ein skarve hjelpar, ein tenar, ein arbeidar.

Eg henvendte meg i informasjonsluka i ankomsthallen, der det skulle ligge eit skriv om korleis eg skulle bli håndtert. Eg viste fram pass og eit skrivet som viste kva eg gjorde i landet. Den kvitkledde mannen i luka lot som han ikkje høyrde kva eg ville. Han bad meg sette meg ned å vente. Eg studerte mannen der eg sat i 15-20 minutt. Det såg ikkje ut som han hadde det travelt, og eg spekulerte på kva som var problemet. Eg fekk ei ekkel kjensle av at noko var gale. Så manna eg meg opp og gjekk bort til luka igjen og spurte ein gong til om skrivet.

Mannen såg ikkje ut til å reagere, men etter ei stund kom han og såg på passet og prosjektskrivet mitt igjen, og så gjekk han sakte bort til ein bunke med papir og tok til bla roleg gjennom den. Eg pusta letta ut då han fann eit skriv, gjekk bort til ein telefon og ringte til nokon. Så kom han og sa at ein mann, eg hugsar ikkje navnet, ville plukke meg opp utanfor flyplassen og køyre meg til hotellet.

Så enkelt var det altså. Kvifor hadde han ikkje gjort dette med ein gong?

Så gjekk det slag i slag. Mannen, ein hyggeleg engelskmann dukka opp og køyrde meg til hotellet. Dagen etter køyrde han meg til helikopter-flyplassen og så vart det helikoptertur ut i den persiske gulf, ut til North Field.

Ute på platforma var det eit anna regime som møtte meg. 

Prosjektet vart leia av eit fransk/engelsk team og no var eg ein del av dette teamet, ein del av klanen. I boligriggen var der to kantiner. Vi i klanen åt i ei kantine som hadde eit skilt over inngangsdøra der det stod "For Europeans Only". Ei heilt grei kantine, men mykje spicy mat (indiske kokkar). I etasjen under var der ei anna kantine, ei mykje større kantine, for resten av bemanninga, mykje indarar og filipinarar. Ein gong eg var innom denne kantina la eg merke til at dei ikkje hadde bestikk. Dei åt med hendene.

Vi fire ifrå Bailey Petrovest fekk også ein hjelpar, ein inder. Han skulle liksom hjelpe oss med alt muleg frå å kvesse blyantar, hente ting til oss, bære instrument, kablar eller anna utstyr som måtte bærast når vi skulle ut i felt. For oss var dette sjølvsagt vanskeleg å forhalde seg til. Vi fekk etterkvart kjennskap til at han tente omlag ein amerikansk dollar pr. dag, og at han hadde vore ombord i nesten eit år utan å få reise heim til familien sin. Vi vart også etter kvart klar over at dette var ein viktig jobb for han, at han følte seg privilgert som kunne ha ein slik jobb og sende pengar heim til familien sin. Med dette perspektivet var det lettare å ta i bruk tenestene hans, det var trass alt viktig for han å behalde jobben. For å lette litt på vårt eige samvit, sponsa vi han med nokre ekstra dollar no og då.

"Operation Desert Storm", var planlagt 17. januar

I samtale med Ingrid vart eg informert om at det vart sagt på nyheitene i Norge at flyplassen i Doha ville bli stengt natt til 17. januar. Eg hadde returbilett 20. januar. Eg tok kontakt med arbeidsgjevar for å prøve å endre billett, men fekk til svar at det var vanskeleg å gjere noko med. Då tok Ingrid kontakt med Bailey Petrovest og gjekk så hardt på dei at dei gjekk med på å endre biletten. Eg fekk plass på eit fly som gjekk 16. januar i 9 tida om kvelden, tre timar før stenging av flyplassen. Flyet var nesten fullt, så eg måtte ta til takke med å reise på første klasse, noko eg takka JA til. Det var også litt styr med å booke om helikopter. Den franske plattformsjefen var ikkje særleg medgjerleg, men eg insisterte så godt eg kunne, og så ordna det seg.

På flyplassen vart eg stansa fordi eg hadde ein kniv i handbagasjen. Det var ein suvenir-dolk beregna på brevåpning. Eg vart dradd bort til ein gjeng kvitkledde som diskuterte høglydt på på arabisk. Dei var sinte og spurte meg om alt muleg. Eg spelte litt dum og naiv, og etterkvart skjøna dei at det var det eg var. Dei gjekk med på at kniven vart sendt i den andre bagasjen min, altså ikkje inne i flyet, og så slapp dei meg omsider ombord.

Då eg sette meg ned, nesten fremst framme, mellom kvitkledde sjeikar og emirar, og fekk servert sjampanje og snacks, ja då kjende eg meg ekstremt lukkeleg. Då vi letta frå bakken, brusa det i meg. Eg kom meg ut, og til slutt heim til mine kjære.

Eg må fortelje noko frå den siste turen også, ut på hausten i 1991. Denne gongen jobba eg på landanlegget ute i ørkenen. Nokre dagar før heimreise tenkte eg at måtte kjøpe med meg litt gull til min kjære Ingrid. Som tenkt så gjort. Eg gjekk inn i ei av dei mange gullsjappene i Doha. Etter kvart hadde eg plukka ut ein ring, øyredobbar og eit armband. I det eg stod og skulle betale la eg merke til ei dame frå klanen, kledd og tildekka i svart frå topp til tå, som også skulle handle gull. På desse gullsjappene var det slik at det ein ville kjøpe vart lagt på ei vekt, og så betalt du utifrå dagens gullpris. Vel, denne dama oppførte seg som ho var i ein godteri-butikk. Ho peika, prata høglydt og gestikulerte heilt til vektskåla var heilt full. Så betalte ho. Det må ha kosta ei formue. Det eg kjøpte vart berre småtteri i forhold. Då slo det meg. Desse folka er ustyrteleg rike. Ufatteleg rike.

Eg fekk nokre nye perspektiv på livet gjennom desse reisene.

Om det å være med i klanen eller ikkje.
Om det å være rik. Kven er rik?
Om krig og fred.
Om heim og familie.



5 kommentarer:

  1. Du brukar augene og haudet ditt godt du Dag!

    SvarSlett
  2. Kjekt å lesa du var heldig så kom deg him den gongen må ha vore temmelig skummelt det der😲🇳🇴☺️

    SvarSlett
  3. Ja, minner og perspektiver er med på å forme oss .....
    ... og jeg satt på Maldivene sammen med Nina hvor jeg tilbragte denne 14-dagers avspasseringsperioden og hadde returdato 15 januar.
    Jeg hadde vært såpass smart at jeg kjøpte med meg state-of-the-art Sony World Receiver radio på flyplassen i Abu Dhabi på vei ut etter forrige 4-ukers rotasjon. Etter hvert som datoen nærmet seg så skjønte jeg på radiosendingene at fristen fra amerikanerne ikke hørtes ut til å være tomme trusler. Og siden Irak fremdeles oppholdt seg i Kuwait så måtte jeg også ta noen viktige telefonsamtaler til selskapet BP og sjef I... hjemme i Bergen. Jeg fikk til slutt lov til å utsette den planlagte returen til Doha på ubestemt tid og reiste isteden til Norge.
    Da jeg returnerte til Doha noen uker senere landet flyet 2 timer etter at en SCUD rakett hadde landet noen få kilometer fra flyplassen.
    Det er den dag i dag vanskelig å tenke på alle de fullastede krigsflyene som lettet og tok av hvert eneste minutt døgnet rundt i ukevis bare fra denne ene flyplassen. Tok av med full kraft og brukte hele rullebanen og landet som om de var lette mygg. Her var det veldig mange kilo som var 'forsvunnet' i mellomtiden....
    Så perspektiver - Ja ....
    Og da jeg for en tid tilbake prøvde å nevne dette til 'ungdommene' i vennekretsen en stund etter invasjonen av Ukraina, innså jeg jo først at de ikke var født dengang og deretter at de omtrent ikke hadde hørt om denne krigen....

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Anonym. Eg har ein liten mistanke om at du er Jarl Aspunvik???. I så fall er du insider for å forstå det eg skriv. Eg er takksam for det vi opplevde ilag, erfaringane, ballasten for livet vidare :)

      Slett

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)