Det er sikkert mange som held på i hagen i desse dagar, og då dukkar det gjerne opp røter, litt for mange røter. Enkelte vekstar har svært lange røter med mange forgreiningar. Nokre vil vi gjerne bli kvitt, for eksempel skvalderkål. Men det er nesten heilt umuleg.
Ei anna plante som er vanskeleg å bli kvitt, er den kristne kirka. Mange har prøvt utan å lykkast. Planta er framleis levande, ja ein kan nesten sei frodig (dei norske greinene er kansje litt dvaske for tida, men der er liv i dei også)! Og røtene er lange, omlag 2000 år lange. Tilbake til den gong kirka starta. Men eigentleg går dei enno lenger tilbake, til jødefolket og jødedomen, ja heilt tilbake til skapelsen, då Gud sa "la det bli lys" . . . og kansje lenger enn det også?Det siste halvåret har eg studert og lest litt om desse røtene.
Det starta med ei bok, "21 kirkefedre - Historien om hvordan kristendomen ble utformet" av Peter Halldorf. Dette er ei lettlest og spennande bok som tek for seg korleis kristendomen tok form etter at alle apostlane til Jesus var døde. Historia er formidla ved 21 korte biografiar, frå Ignatius av Antiokia (30 -70) til Simeon den nye teologen (949 - 1022).
Då eg las denne boka, var det fleire ting som greip tak i meg og førte til fornyelse, samt ein lengsel etter å grave enno djupare.
Halldorf skriv i introduksjonen til boka:
"Hva er det viktigste du selv har lært i din omgang med kirkefedrene?» undrer noen. Forhåpentlig å kunne skille litt bedre mellom det absolutte og det relative i den kristne tro, mellom sentrum og periferi i kirkens liv. Ikke noe er vanskeligere, ikke noe er viktigere. Hva er umistelig og hva kan unnværes? Hva er mulig, eller til og med nødvendig, å oppgi, og hva kan aldri, for noen pris, bli til salgs?
Kirkefedrenes svar står fremfor alt å lese i deres liv. Der for gjør man best rede for deres tro gjennom å fortelle deres historie. Og derfor er kirkehistorien mer enn noe annet helgenenes historie. Det er i mengden av ufullbyrdede, men glødende livsskjebner, kjente som ukjente, at kristendommens hemmelighet trer fram.
Som ein liten intro, vil eg skrive litt om tre av dei 21 personane boka omfattar:
Athanasius (296 - 373)
Sitat: "Gud ble menneske for at mennesket skulle bli guddommeliggjort."Inntrykket eg sit igjen med er at Athanasius var ein svært sta person. Då han levde dukka det opp ei lære, Arianismen etter Arius (sjå her: Arianisme), som vart veldig populær og spreidde seg. Dette var ein del av ein større og langvarig debatt om kva Jesus var (hans vesen/natur - kristologi) og definisjonen av den treenige Gud. Arius hevda at Jesus på eitt eller anna tidspunkt vart fødd eller skapt av Gud, og var underordna Gud. Athanasius heldt fast på at Jesus var fullt ut (sann) Gud og fullt ut (sant) menneske, og at han eksisterer frå æve til æve slik som Gud.Den som tek seg tid til å sette seg inn i desse debattane vil forstå at dei foregår på eit intelektuelt svært høgt nivå. Det er rett og slett vanskeleg å forstå kva dei snakkar om. Det kirka kom fram til, vart formulert og nedskrive i tre trusvedkjenningar som dei aller fleste kristne kirkesamfunn har som trusgrunnlag:
- Den apostoliske trusvedkjenning (noværende versjon er frå 700-tallet, men den nesten identiske "romerske vedkjenning" er kjent frå 200-talet)
- Den nikenske trusvedkjenning (frå 325, med nokre seinare justeringar i 381).
- Den athanasianske trusvedkjenning (fra ca. år 500 - basert på det Athanasius kjempa for))
Gregor av Nazianz (329 - 389)
Sitat: "For meg er den største aktivitet å være fri fra all aktivitet."Du kan lese meir i Gregor på Den Katolske Kirke si heimeside: Den hellige Gregor av Nazianz den yngre
Hieronymus (331 - 419)
Sitat: "Vårt mål er Gud, kilden til alt godt."
Hieronymus vert framstilt som ein outsider med eit lunefullt temperament som ofte kom i krangel med mannlege kollegaer! Han hadde også eit ulykkeleg kjærleiksliv. Vel, denne mannen, med god hjelp frå to rike romerske enker, Marcella og Paula, er mest kjent for å ha oversatt det gamle testamentet frå hebraisk til latin, og det nye testamentet frå gresk til latin. Den samla oversettelsen vart kalla Vulgata.
Du kan lese meir i Hieronymus på Den Katolske Kirke si heimeside: Den hellige Hieronymus
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)