Vel, eg vart altså stressa av å blogge!
Og så skreiv eg eit innlegg på facebook der eg sa at eg gaddakje meir etc. etc. Og så fjerna eg bloggen! Den dagen var eg skråsikker på at . . . eg gaddakje meir. Veldig skråsikker!
Dagen etter var eg ikkje så skråsikker lenger. Eg angra. Heldigvis hadde eg backup, og der var angrefrist på fjerning av bloggen. Så eg tok og sletta facebook-innlegget og gjorde bloggen tilgjengeleg igjen. Og så tok eg ei tenkepause.
Kva var det som skjedde?
Vel, eg har blitt pensjonist og hadde kanskje eit behov for å føle meg fri til å gjere det eg ville? Og så vart det kanskje litt press på å legge ut nye innlegg? Og så var eg kanskje inne i eit åndeleg spor som vart litt snevert? Altså, ikkje det åndelege sporet . . . det katolske . . det var (og er) ikkje snevert, men det å berre skrive om åndelege/teologiske ting; det vart kanskje litt snevert? Og så var eg kanskje litt opptatt av tilbakemeldingar, eller mangel på tilbakemeldingar eller tal på lesarar? kanskje følte eg at eg var fanga i eit mønster!?
Kven veit?
Uansett, no har eg tenkt meg om og tenker å skrive vidare (slik som eg gjer no). Observasjonar på vegen. Pilegrimsvegen. Skrive om det eg ser . . . gjennom mine briller.
Brillene er mine. Etuiet tilhøyrer mi eldste dotter, men eg tykte det passa fint. |
Det er no slik at vi alle tolkar verkelegheita (røynda) gjennom briller som har blitt forma av erfaringar, gode og dårlege (eller traumatiske), oppvekst og oppdragelse, ting vi har lest, lært på skulen, sett på TV, kjent på kroppen etc.
Mine briller er pilegrimsbriller, og eg vil at dei skal være pilegrimsbriller heilt til eg ikkje treng briller lenger. Pilegrimsbriller er briller som endrar seg, som er under utvikling. Når eg går inn i "nye" landskap, plantar føtene i ukjent terreng, der det er "nye" lukter, lydar og smakar, då skjer ei endring, ei utvikling. Eg skriv "nye" fordi dei er nye for meg. Det kan godt være gamle sannheiter, gamle gjengrodde stiar der eg ikkje har ferdast før. Eg er rett og slett på veg og ynskjer å være på veg, ikkje stagnere og være skråsikker og ikkje gadde meir.
Akkurat no les eg Kristin Lavransdatter - Kransen av Sigrid Undset. Fantastisk bok. Og så et eg moltekrem etter dagens fjelltur.
Så bra at du blogger igjen! Jeg håper å få lest Kristin Lavransdatter om igjen snart. Altfor lenge siden sist. Sist var jeg tenåring, nå er jeg gift og mor til fem. Noe sier meg at jeg kommer til å oppdage enda flere lag i teksten enn jeg gjorde sist 😁 Jeg likte den godt sist, altså. Men det er noe med å ha mer livserfaring - og i tillegg ha blitt katolikk siden sist 😉
SvarSlettAlt godt,
Ragnhild
Eg har ein ny versjon av boka i pocket-format som er språkleg bearbeida slik at den er meir lesarvenleg. Likevel innheld den mange gamle ord, og den har ordliste bakerst :). Og ja, det er spesielt spennande å lese no når eg har blitt katolikk. Det katolske gjennomsyra heile samfunnet og dagleglivet, f.eks. kirkeklokker som ringer til vesper. Og det er tydeleg at Kirka sørga for mange av dei tinga som velferdstaten tilbyr idag. Anyway . . snakkast på fredag :)
SlettFlott at du velger å fortsette å skrive. Gleder meg til å følge med på dine betraktninger og refleksjoner framover.
SvarSlettHilsen Leif Monsen
Hei Leif, og tusen takk for gode ord. Kjekt å kunne glede!
Slett