For mange år sidan, mot slutten av 90-talet, reiste Ingrid (min kjære) saman med ei venninne på ein kristen konferanse i forsamlinga Oslo Vineyard. Temaet for for konferansen var "Indre helbredelse" og Andrew Comiskey frå Desert Stream var hovudtalaren.
På eit av møta på laurdag, tok Ingrid til å tenke på ei traumatisk oppleving ho hadde hatt då ho var tenåring. Det gjorde svært vondt å tenke på desse minna. Ho gjekk ut av møtelokalet og inn i skogen på utsida, grinande og fortvila over at Dag (meg) ikkje var med. Etter kvart gjekk ho inn igjen der det no var felles lovsong, og folk stod spreidde rundt omkring i salen.
Ho fann ein plass og stå og stod der med lukka auge og bad "kjære Jesus, kom å hjelp meg, dette klarar eg ikkje åleine". Plutseleg kjende ho det tok til å blåse rundt henne. Den gråruta fotside kjolen tok til å blafre. Ho såg seg rundt for å finne ut kvar vinden kom frå, om det var eit ope vindauge eller noko. Men nei det var det ikkje, og vinden bles kun rundt henne.
Ho let att augene igjen og bad vidare. Då kjende ho at nokon kom tett innåt henne, og ei hand som tok eit fast og trygt grep rundt henne. Ho åpna augene igjen, men såg ingen ting, samstundes som ho fekk ei vissheit om at Jesus hadde høyrt bøna, at Han var der, at ho ikkje var åleine, at ho var trygg. Igjen braut ho saman i gråt, men denne gongen var det gledestårer. Det gjekk ikkje lenge før ho gav seg over i lovsangen og sang av full hals.
Appearance of Christav Ivanka Demchuk,Ikonkunstnar frå Lviv i Ukraina brukt med tillatelse frå kunstnaren |
Seinare kjende Ingrid at det vonde var borte som dogg for sola. Heilt borte. Minna var der framleis, men smertene var helbreda, såret var grodd. Ho fekk eit møte med den levande, oppstandne Jesus Kristus. Han høyrde hennar bøn om hjelp, kom nær, tok rundt henne og helbreda henne. På ein konferanse om indre helbredelse, var det nettop det som skjedde.
Denne historia har Ingrid delt med andre utallige gongar, og den har alltid hatt ei sterk kraft i seg. Det har den framleis. Eg tenkte at no var det på tide å skrive den ned og dele den her på bloggen.
Godt å lese om dette! Takk dor at du deler!
SvarSlettNo veit eg ikkje kven du er, men takk for tilbakemelding :)
SlettSterkt vitnesbyrd! Tusen takk for at du deler!
SvarSlettPax Christi!
Ragnhild
Ja veldig sterkt, og delt mange opp gjennom åra. Greit å få det på "trykk" :)
Slett