Då eg og Ingrid starta den kristne forsamlinga Sykkylven Vineyard, hausten 1996, hadde vi av og til besøk av ein kar som heitte, og framleis heiter Håvard Sand. Han har nokre brødre som som sikkert er litt meir kjent, Aune og Vebjørn.
Håvard besøkte oss fleire gongar dei første åra, og kjenneteiknet hans som talar var at han ofte kom med originale og kreative vinklingar på diverse tema. Dette var eit pedagogisk grep som gjorde at eg framleis hugsar ein god del av innhaldet. Ein gong han kom på besøk, eg hugsar ikkje når, hadde han laga ein song; "Grubers-sangen". Denne hadde han laga i høve eit arrangemang på Grimerud, hovudkvarteret til UIO, ungdom i oppdrag. GRUB står for Guds Rikes Ut-Breder. Eg hugsar berre starten på refrenget; "Grubersene kommer", og vi såg for oss grubersane som kom på sine grubers-motorsyklar mot byen for "innta byen".
Etter dette vart grubers eit begrep som fleire av oss tok i bruk. Vi var grubersar og gjorde grubers-arbeid. Grubersarbeid var typisk "behind the scenes"-arbeid. Sette opp stolar og musikkanlegg, dugnad, vasking og rydding, vedlikehold, pynting og så vidare.
No nyleg var eg og Geir Flacke, min gode ven frå Vineyard-tida og seinare, ein tur til Selja for å gjere litt grubersarbeid.
Du kan lese om bakrunnen for turen her: Vi etablerer venneforening for Selja klostergård
Ragnhild Aadland Høen skriv innledningsvis:
"I 2013 var vi tre katolske familier som kjøpte Tunold-gården sammen, for å sikre jord til en fremtidig klosteretablering på Selja. 8. juli 2022 starter vi en venneforening for alle som vil være med og be og arbeide for Norges omvendelse, for kristen enhet i Norge og for benediktinernes reetablering på Selja"
Vi tok 8.00 båten frå Selje til Selja, og 14.30 båten frå Selja til Selje. Skulerute. Vel inne på Tunold-gården/Selja klostergård, fyrte vi i ovnen og kokte kaffe. Basic needs.
Sjølve grubersarbeidet var ganske fort gjort. Vi skulle ta mål av to dører og sju vindauge som er modne og tildels overmodne for utskifting.
Elles gjekk tida til prat, bøn, nyting av medbrakt heimebaka brød (sjå oppskrift her) og godt pålegg, fottur til klosteret og Sunniva-grotta med ei innlagt pause med sigar-røyking i trappa ned frå grotta. Der sat vi og såg ut over klosterområdet og havet og tok inn den friske lufta blanda med "røykelse". Ein kan bli visjonær av slikt.
Vi såg ein liten båt som kjempa på i store bølger for å få tak i ei blåse nær ein holme. Det gjekk bra. Tankane gjekk til fortid, notid og framtid. Historia om Sunniva og Seljemennene. Munkelivet på benediktiner-klosteret. Det som skjer akkurat no med venneforeninga. Visjonen om det nye klosteret.
Som grubers er vanleg å gruble litt, og så kan vi gi alt over til Han som var og er og skal kome, ein sann Gud, frå æve til æve.
Her kjem nokre knips frå turen:
På plass i Selja klostergård |
Grubersarbeid |
Ruinane av det gamle klosteret |
Bøn i Sunniva-grotta |
Pustepause |
Utsikt mot klosterruinane og havet |
🙂livsnytarar er det dokke er!
SvarSlettJa absolutt. Det er det vi er :)
SlettTack Dag. Fantastisk plats! Jag kommer att tänka på Iona.
SvarSlettFantastisk plass ja. Veldig spesiell stemning der. Thin place. Har lyst å å besøke Iona også!
Slett