fredag 5. mars 2021

Kva skal eg bli?

Ikkje for å skryte, men eg har gjort mykje rart. 

Eg er utdanna elektroingeniør. Eg har jobba med ingeniørgreier, på kontor i Trondheim, Oslo, Ålesund, Bergen, Kristiansund, Nantes og Toulon, og "ute i felten" i Quatar, Nordsjøen, Kollsnes, Stord og Vats. Dei siste fire åra har eg vore ansatt i NAV, . . av alle plassar. 

Eg har vore pastor/kirkeplantar i Sykkylven og Bergen, og er amatørkunstnar som har laga maleri og teikningar, songar og diverse skriblerier. Eg er familiemann med verdens beste kone, Ingrid, og verdens beste born, Sigve, Ragna og Helga. Som familie, frå vi var berre to til vi vart berre to igjen, har vi budd ti plassar i Norges land, og har no landa i min barndomsheim på Rovde, i Vanylven, på Sunnmøre, . . trur eg.

Og heile tida, medan alt dette har skjedd, har eg lurt på kva eg skal bli når eg blir stor. Og no blir eg snart stor. Onsdag i neste veke blir eg pensjonist, førtidspensjon med AFP. Kva no?

Eg kallar bloggen Pilegrim, med bakrunn i det eg nettop har nevnt. Eg er på vei, med mine erfaringar, gode og vonde, med mine evner, med mine håp og lengslar, for meg og mine og alle andre.

Kvar skal eg gå og kva skal eg bli?

Denne bloggen vil bestå av glimt, observasjonar og tankar på vegen, gamle og nye innslag i uordna rekkefølge.

Dette skreiv kona mi på Facebook den dagen eg vart pensjonist: "No Dag kan du kose deg med å grave i jorda og sjå på fuglane som flyg forbi😀 Gratulerer med godt gjennomført arbeidsliv for å tjene til livets opphold👏🏼 No kan du nyte og legge opp dagane akkurat slik du vil ( og som eg vil 😂). Gler meg til alt det kjekke vil skal finne på❣️ ( Biletet er signert Dag Knardal)"

2 kommentarer:

  1. Kan hende ser eg nokre konturarar av kva du blir når du blir stor etter å ha lest igjennom bloggen din so langt. Det kan sjå ut som du er i ferd med å finne ei stor, rikhaldig kjelde for tura i den katolske kyrkja. Kanskje det, Dag, at du vert katolikk når du blir stor. Ein profesjonell pilgrim finn seg nok lett tilrette i moderkyrkja.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Marit, og takk for kommentar og analyse. Det går i katolsk retning for tida ja, og så får vi sjå etter kvart korleis ting og tang utviklar seg . . .

      Slett

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)