mandag 28. mars 2022

Å kome heim

I juni 2016 flytta eg og Ingrid frå ei leilighet på Møhlenpris i Bergen, til barndomsheimen min på Rovde. Eitt halvt år tidlegare hadde mor mi flytta til eldrebolig i Syvde. 

Bakgrunnen for flyttinga var at eg hadde fått sparken i ABB i Fyllingsdalen der eg jobba som Service Manager. Bakgrunnen for det igjen, var ei kraftig nedbemanning i oljebransjen, og eg vart med i andre runde i nedbemanninga i ABB. Eg fekk ein sluttpakke på åtte månader med full løn, og etter litt om og men fann vi ut at vi berre kunne flytte til Rovde og ta over huset der. Med ei usikker framtid var dette ei trygg løysing.

Hadde eg kome heim? Nei, det kjentes ikkje slik. Det var veldig rart. Eg var no femtiåtte år og hadde ikkje budd på Rovde sidan eg var seksten. Altså førtito år sidan. Alle eg kjente for førtito år sidan og som framleis budde her hadde også blitt førtito år eldre. Det var slettes ikkje alle eg kjente igjen, og slettes ikkje alle som kjente igjen meg.
 
Etter kvart gjekk ting seg til. Ingrid fekk seg jobb på blomsterbutikk og vart kjent med folk i raskt tempo. Vi tok til å oppdage, eller gjenoppdage for min del, den vakre naturen, den friske lufta, alle mulegheitene for å leve det gode liv. Åtte månader seinare fekk eg og jobb. Etter opp-pussing og fjerning av gamle møblar, og med våre møblar og senger og greier på plass, tok vi til å kjenne oss heime.


Home sweet home. Her oppgraderer vi uteplassen.

Så har det gått dagar og år, og heimen har blitt meir og meir vår heim. Det er for eksempel veldig godt å kome heim etter at vi har vore ute å reist. Borte bra men heime best.

I fjor sommar (2021) kom vi heim på ein annan måte. Vi vart katolikkar åttande juli på Seljumannamessa på Selja, etter å å ha vore i ein modningsprosess ca. eit halvt år. Du kan lese meir om det her: Den dagen vi konverterte. Vi er framleis djupt glade for valget vi tok, og ting og tang som var framandt og nytt, tek til å bli meir kjent og kjært.


Vår Frue Kirke i Ålesund som vi soknar til.
Kirka har lokale samlingar i Volda og Ulsteinvik som er lettare for oss å delta på.

Vi har alstå kome tilbake til moderheimen (min), og vi har kome tilbake til moderkirka (som den katolske Kirke ofte blir kalt fordi det er den opprinnelege Kirka).

Så no er vel alt bra? Ja og nei. Vi har det vel så bra det går an å ha det, og vel så det. Men vi menneska har ein lengsel, ein medfødt lengsel, eller rettare sagt ein medskapt lengsel. Alle kjenner nok på det på eitt eller anna vis.

Vi er alle skapt i Guds bilete, og vi har alle eit "rom" inne i oss som berre Gud kan fylle. Og vi lengtar alle etter at skal skje heilt og fullt. Først når det skjer, heilt og fullt, er vi heilt og fullt heime. Det er ikkje alle som trur på det eg skriv no, men eg trur alle kjenner på det på eit eller anna vis.

Det vi erfarer her og og no er midlertidig, mangelfullt og forgjengeleg. Vi lever i ei uroleg verd, med krig i Ukraina og andre plassar og usikre framtidsutsikter på mange felt. Midt opp i dette ser vi vakre glimt, nyt god mat og drikke, høyrer fantastisk musikk, og ler og gleder oss saman med familie og vener. Vi får smake og sjå at Herren er god.

Men vi er pilegrimar og vi er på veg. Uroa er der og vi lengtar.


"På veg"

Paulus skriv det slik Rom 8.21-23:

' for òg skapningen sjølv skal bli frigjord frå slaveriet under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. Vi veit at heilt til denne dag sukkar og stønnar heile skapningen saman, som i fødselsrier. Ja, endå meir: Også vi som har fått Anden, den første frukta av hausten som kjem, sukkar med oss sjølve og lengtar etter å bli Guds born heilt og fullt når kroppen vår blir sett fri. ' 

Lengtar eg då etter å kome heim, til himmelen, eller den nyskapte jorda, eller korleis det no blir til slutt?

Nei eg har ikkje lyst å døy.

Eg har lyst å leve. Men lengselen er der. Uroa er der. Eg er på veg. 

I kvar einaste katolske messe skjer det noko fantastisk, nemleg eukaristien (nattverden). Det som skjer i eukaristien er at vi får eit ekte møte med Gud og det himmelske. Vi blir løfta opp. Vi får ein ekte forsmak på det som skal kome, det evige liv, å kome heim

Dette sakramentet blir også kalla vandringsbrød. Mat på pilegrimsvandringa. Flott, ikkje sant?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)