onsdag 2. februar 2022

Havesykje

Havesykje er eit ord som er brukt i eldre bibeloversettelsar, og det har ingen ting med hagen å gjere, i alle fall ikkje direkte. Det handlar om ein sjukdom som rammar dei fleste av oss, der vi får lyst å kjøpe meir og meir av ting og tang som vi har lyst på, eller som vi vert påverka til å tru at vi har lyst på. Eit synonym er grådigheit, men eg tykkjer havesykje er meir forklarande. For det er ei sykje.

Av og til kjem det slike bølger, nesten som smittebølger, som gjev oss ein følelse av at dette treng vi, dette burde vi ha, dette er kjekt å ha, dette er noko dei fleste har, dette vil barn og barnebarn like, og så vidare. Dette som vi "treng" dukkar opp over alt, i reklame, på facebook, når du besøker nokon som har det, og så vidare. Etter kvart har du blitt infisert. Du berre må ha det.

For nokre år sidan, trur det var 2019, vart eg reven med på ei slik bølge. Det var bålpanne-bølga. Eg fekk inntrykk av at alle hadde bålpanne. Det såg svært koseleg ut. Ein kunne lage mat der, grille pølser og marshmallows, eller berre fyre opp for kosen sin del ein fin kveld. Så dukka det opp eit medlemskupp på Coop-en. Sterkt nedsett bålpanne frå Espegard der det fulgte med vaffeljern. Eg/vi måtte berre kjøpe. 

Og så var vi igang. Fyrte opp, laga mat, grilla og kosa oss. Steikte til og med småsei rett på rista ein gong. Det vart mykje rot og det smakte brent, men det var litt koseleg likevel. Vaffeljernet vart hengt opp ein plass og gløymt. Jauda vi har no brukt bålpanna litt, og der har vore moments. Men 99% (litt usikker på talet her) av tida har den berre stått der. Vi har hatt barnebarn på besøk fleire gongar utan å kome på at vi har bålpanne. Litt usikker på om den vart brukt i 2021?

Akkurat no er den slått saman og pakka vekk i garasjen på grunn av alle stormkasta den siste tida.

Kjekt med bålpanne 😄
desember 2019
No kjenner eg at det er ei ny bølge på gang. Den har kome snikande over lang tid, nesten umerkeleg. Det var her ein dag at det plutseleg gjekk opp for meg; der er krefter som herjar i meg og prøver å overbevise meg om at det hadde vore kjekt med ein pizzaovn. Slik at ein kan lage steinbakt pizza ute. Det hadde no vel vore kjekt? Det hadde vore koseleg til våren, for eksempel når ein får barn og barnebarn på besøk. Det er visst heilt vanleg no å ha slike ovnar.

Men så er det det at eg har ikkje så voldsomt lyst på steinbakt pizza. Eg er i det heile tatt ikkje så kresen på pizza. Eg et gladeleg Grandiosa eg, og eg tvilar på om Ingrid sin heimelaga pizza blir noko betre i ein sånn ovn. Det skal godt gjerast. Men til tross for slike motforestillingar pressar smittebølga på. Skal eg halde ut denne gongen?

Eg får styrke meg med nokre visdomsord frå Jesus:

'Så sa han til dei alle: 
«Ta dykk i vare for all havesykje
For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, 
om du har aldri så mykje.» ' 

Lukas 12:15 Nynorsk oversettelse frå 1978

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)