I går, mandag 27. april var eg ein tur til Volda sjukehus og opererte venstre hand under full narkose. Det gjekk heilt fint. Omlag i 2007 hadde eg to liknade operasjonar, med full narkose. Ein på venstre og ein på høgre handa. I dei 19 åra fram til i dag har eg hatt tre eller fire småoperasjonar med lokal bedøvelse. Desse var verst. Dei første nålestikka rett i handflate og finger var forferdeleg smertefulle.
Ein liten observasjon: Etter narkose i 2007 var eg desorienter og uggen når eg vakna. Det var eg ikkje i Volda anno 2026. Framskritt.
| Bildebevis |
Kva er så greia? Dupuytrens kontraktur heiter sjukdomen. Dupuytrens kontraktur, ofte kalla «krokfinger» eller «vikingfinger», er ein arveleg bindevevssjukdom der hinna i handflata tjuknar og dannar stramme strengar. Dette fører til at fingrar (vanlegvis ring- eller veslefingeren, men eg fekk det også i venste peikefinger) gradvis bøyer seg innover og ikkje kan rettast ut. Tilstanden er vanlegast hos menn over 40 år.
Eg likar best uttrykket "vikingfinger". Tilnamnet «vikingfinger» kjem av at tilstanden førekjem oftare blant folk frå Norden enn frå andre delar av verda. Noreg og Sverige er blant landa med den høgaste førekomsten i verda.
Sjukdomen er oppkalla etter den franske kirurgen Guillaume Dupuytren (1775–1835), som i 1831 skildra ein operasjon for å rette opp tilstanden.
| På høgre handa er langfingeren, som har vore operert før, litt krøkt men stabil. Må muligens opererast etter kvart. Time will show. |
Så no er det berre å ta det med ro nokre dagar og veker. Stinga blir fjerna om to tre veker. Dei første fire dagane går eg på ein del smertestillande inkludert morfin, så livet er ikkje så verst 😀. Det har også sine fordelar. Plenen mellom bilvegen og Knardalselva var klar til klipping. "Knarris 315" (robotklipparen vår) klipper berre på andre sida av bilvegen.
| Då er Ingrid igang med klipping. |
Etter klipping ymta Ingrid frampå om at vi burde få oss robotklippar på denne sida vegen også, og det er eg samd i. Det finnes kjekkare måtar å trimme på enn å klippe plen. Gjerne ein utan ledetråd i bakken som er noko herk. Så no er det berre å jakte (prisjakt.no) på gode tilbod.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)