Idag vil eg skrive om den store kjærleiken. Nokon vil kanskje tenkje; er det ikkje skrive nok om det temaet? Er det ikkje skrive nok bøker og diktverk, laga nok filmar, holdt nok svulstige talar om dette temaet? Er der noko å tilføye?
Vel eg har ei heilt unik historie å kome med som ingen andre har skrive, og som berre eg kan skrive. For meg er den store kjærleiken ein unik person, one of a kind, nemleg mi Ingrid.
Mi Ingrid 💖 Borgund Folkehøgskule 76-77 |
Det starta tidleg. Eg gjekk første året på ingeniørhøgskulen i Fagerlia/Ålesund, og Ingrid gjekk på Borgund folkehøgskule. 1976 - 1977. Eg var 18 år (mai) og hadde nettop kjøpt min første bil, ein Volvo Amazon. Ingrid fylte 17 i september.
Eg fyller bensin på min første bil. |
Eg budde på hybel saman med ein kompis, Sigbjørn Runde, og vi tok ofte bilturar til Borg (som vi kalla skulen) for å sjekke ut damer. Vi var rett og slett på damejakt. I etterkant må ein vel sei det vart ei vellukka jakt for begge to. Vi fann oss damer.
No visste eg om Ingrid frå året før, då eg gjekk på yrkesskule i Ørsta. Vi hadde møttes fleire gongar, og eg likte det (den) eg såg, men ho viste ikkje særleg interesse for meg. Ho var visst opptatt også, altså saman med ein annan.
For meg starta det ein kveld ein gong ut på hausten. Vi var ein heil gjeng, inklusive Ingrid, som var samla hos dotter til ein av lærarane. Så vart det bestemt at vi skulle gå ein annan plass. Ingrid sa at ho ikkje hadde lyst å være med. Då sa eg, "viss du ikkje vil være med, så kjem eg bære deg med!". Dette viste seg å være eit svært godt sjekketriks. Ingrid vart visst momentant forelska.
Så gjekk no dagane. Det vart no litt kyssing, eller klining som vi kalla det den tida, og Ingrid ville no ha svar på om vi var i lag. Eg drog litt på det, måtte vente og kjenne litt meir etter. Eg syntes det var kjekt å ha nokon å kline med men var usikker på framtidsutsiktene.
For Ingrid vart dette ei vanskeleg tid. Ho var utålmodig etter å få svar. Situasjonen varte faktisk ein heil månad. Så ein kveld vi var ute og spankulerte kjende eg at tida var inne. Eg drog med Ingrid ned ein sti gjennom eit skogholt. Så stoppa eg, snudde meg mot Ingrid og sa at eg hadde bestemt meg, eg ville ha henne, eg ville være i lag med henne. Så vidt eg hugsar vart det sterke kjensler som utfolda seg.
Så vart det mykje greier og greier. Turar, klining, snakking og mykje moro.
For nokre dagar sidan gjekk vi ein fjelltur til Høystakken (i Breiteigfjella mellom Rovde og Syvde). Litt av bakgrunnen og motivasjonen for å gå dit, var at vi gjekk dit på ski i denne første perioden i forholdet. Då vi var ugifte og nyforelska. I samband med dette fann eg fram nokre gamle fotografi få turen. Fotograf var Hallvard Hånes som var med som kjentmann og suppekokar. (Sånne gamle bilete heiter fotografi og er tekne med eit fotografiapparat).
Saken er den, at når eg ser på desse fotografia, og ser Ingrid, så kjenner eg det. Eg kjenner på den første kjæleiken. Den store kjæleiken.
Så vart det bryllaup sommaren 1978 i Ørsta kyrkje. Eg var 20 år og Ingrid 18.
Frå fotoalbumet. |
Ankomst til Ørsta kyrkje i vår blankpolerte Volvo. |
Inngang |
Vigslar og svoger, Rolf Schanke Eikum talar til oss. |
Etter vigselen. Hugsar eg hadde vondt i kjakane etter uvanleg mykje smiling. |
Så gjekk åra. Tre born vart laga, fødde, elska og oppfostra. Det vart arbeid og flytting hit og dit.
Så fint Dag🥰
SvarSlettHei, veit ikkje kven du er, men takk for kommentaren :)
SlettSå vakkert🥰
SvarSlettSå bra 😀
SlettSå fint Dag😉Så flink du er til å sette ord på alt livet har gitt dåkke to. Har jo vært med på litt av reisa , Robert og jeg…tida i Ålesund, Trondheim og på Løvseth i Melhus. Ei fin tid😉så kjekt å treffe dåkke hjemme i Ålesund. Lykke til videre isammen.
SvarSlettTakk Ingebjørg 😀 og ja, vi hadde ei fin tid i Ålesund, Trondheim og Melhus. Lykke til vidare for deg og dine ❤️
SlettDu skriver så utrolig bra Dag .Heldig Ingrid som har en mann som deg.Er utrolig heldig som ble kjent med den flotte damen din i mars 2010.Og selvom vi ikke sees så ofte har hun en
SvarSlettstor plass i hjerte mitt og alltid kjekt er det når vi treffes..og utrolig kjekt å bli kjent meg deg og ,og resten av den flotte familien dere har.
Takk for kommentar Anita ❤️
Slett❤️
SvarSlett❤️
Slett