8. juli 2021 konverterte eg og kona mi Ingrid, og vi vart katolikkar, kristne katolikkar. Du kan lese meir om det her; "Den dagen vi konverterte".
Så er spørsmålet, korleis går det? Det er tross alt litt spesielt for ein bygdesunnmøring å gjere noko slikt. Eg vil svare på spørsmålet utifrå mitt perspektiv, og så litt om Ingrid til slutt.
For meg har året vore svært berikande. Det som starta med bobling og brusing inni meg (du kan lese om det her) har blitt forsterka, fordjupa og forankra. Det vakre har vorte vakrare. Glansen har vorte sterkare. Lengselen har vorte større. Eg føler eg er berre i startfasen på ei stor og rik oppdagingsferd.
For meg er stikkorda bøker, messer og disiplinar. Eg bør vel legge til Youtube og Podcast, som har blitt flittig brukt. Eg skriv ikkje dette for å skryte av det eg gjer. Dette handlar om lengsel og tørst, ikkje prestasjonar.
Bøker
Etter konverteringa har eg slukt ein del katolske bøker. Bøker om kirkefedrene, Maria, Eukaristien (nattverden) og mange mange andre ting. Eg vil nevne nokre favorittforfattarar; Brant Pitre, Joseph Ratzinger (Pave Benedikt XVI) og Wilfrid Stinissen. Desse bøkene er uvurderlege for meg. Eg veit at det er ikkje alle som likar å lese bøker, i alle fall ikkje slike bøker som eg les. Men eg skulle ynskje at det var fleire.
Messer
Vi bur på Rovde, og det er to ferjer og to og ein halv time til Vår Frue Kirke i Ålesund som vi høyrer til. Litt langt å reise ein søndags morgon. Ein gong i månaden er det messe på Uppheim i Volda. Forsamlinga i Volda ser vi på som vår lokale forsamling, det er trass alt kort veg dit, 15 min med bil og 25 min med ferje.
Messe på Uppheim er noko redusert estetisk og musikalsk. Lokalet er ikkje så spennande, litt for sterkt og klinisk lys. Kirkeorgel manglar, røykelse manglar. Men folka er svært kjekke (tildels livlige) og vi blir litt etter litt kjent med fleire. Av og til reiser vi til Ålesund, av og til til Ulsteinvik og av og til ser vi berre på messa på YouTube frå Oslo eller Trondheim.
Messa er ein realitet som veks og modnar. Ei katolsk messe er ganske aktiv. Det er ærbødig bukking, kneling, korsing og handa på brystkassa/hjertet. I starten kan det være frustrerande og distraherande å prøve å få med seg alt, men etter kvart sit det som eit skudd og ein gjer desse tinga utan å tenke.
Er det noko poeng i dette då? Ja absolutt. Desse kroppslege uttrykka er med på understreke og forsterke liturgien. Liturgien set seg i kroppen. F.eks. under syndsvedkjenninga i starten av messa så seier vi mellom anna "ved min skyld" og legg du handa på hjertet for å understreke, at det er mi skuld. Eg kan ikkje skulde på nokon andre.
Eit anna viktig moment som veks og modnar, er den sakramentale verkelegheita som vert skapt i liturgien. Det er ikkje berre tome ritualer og evindelege repitisjonar. Det er noko reelt som skjer, det er himmel og jord som møtes. Dette reelle handlar ikkje om personlege følelsar, men noko objektivt reelt som skjer uavhengig om eg eller dei andre eller presten eller diakonen eller ministrantane har ein god dag eller ikkje. Dette skjer ikkje minst fordi Jesus er fysisk tilstades i det konsekrerte (velsigna) brødet og vinen, brukt i eukaristien (nattverden) som er høgdepunktet i messa.
Men det er ikkje alt som sit enno. I liturgien blir det brukt latin på delar av liturgien, til dømes Kyrie, Gloria, Credo og Sanctus. Latin er det offisielle og universelle språket som vert brukt i Den Katolske Kirka over heile verda. I Norge har dei fleste kirkene mange folkeslag og språk tilstades. Dei etnisk Norske er stort sett i mindretal. Då fungerer latin som noko felles og samlande og har såleis sin verdi. I tillegg blir det brukt ulike gregorianske melodiar på desse tekstene i løpet av kirkeåret, og det tek nok si tid før dette går på skinner.
Disiplinar
Eg har skrive om dette før, her og her. Det handlar om åndelege disiplinar, som eg alltid har streva med, men som eg alltid har lengta etter. Etter at eg vart pensjonist har eg sjølvsagt fått betre tid, og lagt meg til nokre vaner. God vaner vil eg påstå. Dei første to timane etter frokost er det tidebøn, bibellesing, katekismelesing og anna lesing/studie. Så, når eg tek til med fysisk arbeid, høyrer eg på diverse podkastar. Ein podkast som har vore viktig for meg er "Tjugo minuter med Ulf Ekmann".
Over tid, med gode og dårlege dagar, uinsprerte trøytte dagar og inspirerte energiske dagar, kjenner eg at det gjer godt, og eg kjenner meg svært priviligert og takksam som kan halde på slik.
Ingrid
. . er ikkje slik som eg. Ho sluker ikkje bøker slik som eg, men les litt no og då. Ho er også i full jobb (stort sett) og det krev sitt. Ho har difor tilnerma seg det katolske på ein meir sakte og intuitiv måte. Ho også opplever at ting og tang veks og modnar, og her ein dag sa ho at "eg er glad eg har blitt katolikk". Jajamennsann!
---
Det siste vi var med på var den katolske Olsokfeiringa i Trondheim 27-29. juli. Tre dagar (triduum) med store og sterke opplevingar. Det toppa seg med katolsk høgmesse i Nidarosdomen på sjølvaste Olsokdagen, fredag 29. juli. Når Kiev kammerkor deltok under eukaristien, var det som om den himmelske glansen kom og fylte heile domen:
Det gleder et fadderhjerte å lese dette! Spesielt dette: "Det som starta med bobling og brusing inni meg (du kan lese om det her) har blitt forsterka, fordjupa og forankra. Det vakre har vorte vakrare. Glansen har vorte sterkare. Lengselen har vorte større. Eg føler eg er berre i startfasen på ei stor og rik oppdagingsferd."
SvarSlettJa, akkurat sånn er det. Og jeg kan glede deg med å fortelle at det ikke går over! Selv etter over 14 år har jeg fortsatt den følelsen der - som om jeg fortsatt bare har dyppet tærne i alt det rike som Den katolske kirke har å gi meg. Helt nydelig! Det er så stort! Og så vakkert! Jeg skulle virkelig ønske at A L L E kunne oppdage det. Tenk så mange som går glipp av det!
Hei Ragnhild.
SvarSlettKjekt å kunne glede, men gleda er som du forstår absolutt også på vår side. Eg er også glad (burde kanskje brukt eit sterkare ord) for bloggen din som "lokka" meg og Ingrid inn i den katolske Kirka.
Lokking er faktisk eit sentralt ord. Veke ut og veke inn kjenner eg at Gud gjennom DKK lokkar meg til å kome nærare Jesus, elske (tilbe/lovprise/opphøye) Han og følge Han i kvardagen, noko som er utfordrande men samstundes SÅ meiningsfullt.