Vi er ikkje akkurat utskjemte med gode nyheiter for tida. Snarare tvert imot. Krigane i Ukraina og Midtausten. Tusenvis som blir drept. Spekulasjonar om at det vil eskalere og involvere Iran og andre land i Midtausten samt Russland.
Krig og rykter om krig |
VG skriv om dette kvar dag.
Som om dette ikkje var nok, sper dei på med andre ting som heller ikkje kan kallast gode nyheiter. Her er eit lite knippe frå dagens avis:
Heldigvis er desse bak betalingsmur, så eg slepp å grave meg ned i detaljane.
I tillegg til dette har vi kraftig auka rente og matprisar, og i enkelte landsdelar svært høg straumpris.
Og så har vi klimakrisen, som skaper mykje uvær rett som det er.
---
Ordet evangelium, som vert brukt om dei fire første bøkene i det nye testamentet tyder godt nytt. Dette er den latinske versjonen av det greske ordet evanglion, og det tyder altså godt nytt eller god bodskap. Det er eit ord som ikkje først og fremst er bibelsk. Det var eit ord som vart brukt om ein kongeleg/keisarleg seiersbodskap eller om fødselen til ein konge/keisar eller når ein konge/keisar kom til makta.
Så når Cæsar vart keisar så vart dette gjerne kunngjort med oppslag her og der, oppslag som gjerne vart lest opp høgt. På oppslaget kunne det for eksempel stå: Cæsar, son av gudar (han vart kalla det), har no fått herrevelde (makta). Cæsar er herre!
Evangeliet om Cæsar.
Den aller første og enkle trusvedkjenninga dei første kristne brukte var; Jesus er Herre! (1. Kor. 12:3, Rom 10:9)
Evangeliet om Jesus Kristus.
Då kan vi lett forstå at denne vedkjenninga som dei kristne brukte kunne være farleg å uttale. Det ein skulle sei for å være trygg var at Cæsar var Herre. Mange plassar vart Cæsar dyrka som ein Gud, og det var generelt krav om lydigheit til Cæsar, viss ikkje kunne det bli farleg. I Cæsars rike måtte du underkaste deg Cæsar for ha eit håp. Cæsars rike var gjennomsyra av makt, sverd, krig, drap . . . og korsfestelse.
Jesus kom/kjem for å representere, og demonstrer eit anna rike, nemleg Guds Rike. Jesus forkynte evangeliet om Guds Rike, der det er Jesus som er Herre, ikkje Cæsar. Verdiane som blir formidla er totalt motsatt av det Caesar formidlar. Jesus seier i bergpreika, elsk dine fiendar, be for dei som forfylgjer dykk, døm ikkje andre (ikkje leik Gud og driv og døm andre) tilgi kvarandre og del med kvarande. Elsk kvarandre. Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born, seier Jesus.
Hebr 12,14
Dette er Godt Nytt.
Dette skjedde for to-tusen år sidan. Kven er Herre idag?
Som kristen vil eg sei:
Jonas Gahr Støre er ikkje Herre.
Kong Harald er ikkje Herre.
Vladimir Putin er ikkje Herre.
Xi Jinping er ikkje Herre.
Ali Khamenei er ikkje Herre.
Joe Biden er ikkje Herre.
Eller nokon andre. I alle fall ikkje med stor H.
Vi kan overgi oss og sei Jesus er Herre.
Eller vi kan synge denne songen som vi sang av full hals då eg var ungdom:
He’s got the whole world in his hands.
He’s got the whole wide world in his hands.
He’s got the whole world in his hands.
He’s got the whole world in his hands.
Eller på Norsk:
1. Han har den hele vide verden i sin hånd,
han har den hele vide verden i sin hånd,
han har den hele vide verden i sin hånd,
ja, han har verden i sin hånd.
2. Og han har stjerner, sol og måne i sin hånd,
og han har stjerner, sol og måne i sin hånd,
og han har stjerner, sol og måne i sin hånd,
ja, han har verden i sin hånd.
3. Og han har alle barn på jorden i sin hånd,
og han har alle barn på jorden i sin hånd,
og han har alle barn på jorden i sin hånd,
ja, han har verden i sin hånd.
4. Og han har deg og meg og alle i sin hånd,
og han har deg og meg og alle i sin hånd,
og han har deg og meg og alle i sin hånd,
ja, han har verden i sin hånd.
Dette har vore trøsta og håpet for millionar av menneske i vanskelege tider (minst like vanskelege som no), opp gjennom tidene. Mange har også erfart at Gud har gripe inn på konkrete måtar. Det finns drøssevis av vitnesbyrd om slike ting. Det er skrive drøssevis av bøker om slike ting.
Det er godt, midt opp i alt som skjer, å legge alt i Guds hender.