I 1982/83 kjøpte eg ei LP-plate, eller kanskje var det ein kassett, med det britiske bandet "Ten years after". Tittelen på albumet var "A space in time" og vart utgitt i 1971. Vi (eg, Ingrid og to små born, Sigve og Ragna) budde denne tida på Melhus, og eg pendla til Trondheim der eg jobba i eit rådgivande ingeniørfirma med det velklingande navnet IGP AS. Eg hugsar eg høyrde mykje dette albumet, men det var spesielt ein song som festa seg i øyregongane. Songen hadde tittelen "I'd Love to Change the World".
Ten years after - A space in time
Her er musikkvideoen:
Her ein dag kom eg til å tenkje på denne songen. Av ein eller annan grunn. Eg tok difor og søkte opp albumet i Apple Music. Det viste seg at nettop songen "I'd Love to Change the World" er den mest populære låten til bandet. Så eg spelte den nokre gongar og ein god nostalgi fylte meg. Dei tre første setningane i refrenget er slik:
I'd love to change the world
But I don't know what to do
So I'll leave it up to you
Teksta generelt handlar om ei forvirra verd og peikar på mange ting som er gale i samfunnet. Til sist nevner den krig, som i 1971 handla om Vietnam-krigen. Ein slags protestsong der eg trur refrenget er sarkastisk. I don't know what to do, so I'll leave it up to you.
Alt dette fekk meg til å reflektere over verda vi lever i idag. Medan eg reflekterte forsvann den gode nostalgiske kjensla. Verda vi lever i, krigane som pågår for fullt og som fyller nyheit-sendingane kvar ein bidige dag. Daglege doser med folk som blir drept. Soldatar, sivile, kvinner og barn. Konsekvensane. Umenneskelege lidelsar. Flyktningar i hopetal.
Makta; Trump, Putin, Netanyahu, Hamas, Nato, FN, og så vidare.
Eg kan berre observere alt dette, bli deprimert, resignere og sei: I'd love to change the world, but I don't know what to do.
Eller vent no litt, der er faktisk noko eg kan gjere. Eg er kristen og eg trur på Jesus Kristus, frelsaren, redningsmannen. Eg kan be han gripe inn. Eg kan be saman med millionar av andre kristne om fred. At han som også blir kalla fredsfyrsten skal gripe inn, at han skal mobilisere dei himmelske hærskarane av englar, med erkeengelen Mikael i spissen og skape fred. Eg kan be for Trump, Putin, Netanyahu, Hamas, Nato, FN, og så vidare.
Idag har det poppa inn filmar og foto frå Houston til Rovde via messenger. Det handlar om Silkies (silkehøns) og Chicken Coop (hønsebur), glade ungar og foreldre.
Dei som har leste denne reisebloggen har sikkert fått med seg eg bygde eit hønsehus medan vi var der borte. Det var ikkje berre enkelt, spesielt fordi det meste vart gjort under åpen himmel og ei steikande sol.
Eg kom nesten i mål. Det mangla berre litt hønsenetting og ei lita "trapp". Trudde eg. Dette skulle vise seg å ikkje stemme. Etter samtale med hønseleverandøren kom det etter kvart fram at der var vesentlege manglar på hønsehuset.
Manglar:
Det måtte være netting under buret, for hindre mullvarpar å trenge seg inn.
Det måtte være ein annan type hønsenetting med mindre hol, for å hindre slangar å trenge seg inn.
Det måtte være meir tett tak slik at det blir meir skugge.
. . . og trapp.
Så, igår kom gladmeldinga og idag kom filmar og bilder. Dei fire silkehønene er no på plass i huset sitt, med det velklingande navnet Knarrebu!
Knarrebu etter oppgradering. Det manglar framleis nokre pyntelister utvendig ifølge Helga.
Her er hønene på plass.
Ei lita omvisning.
Karl har valgt ei svart høne som sin høne og gjeve den navnet Speedy.
Filippa si høne, den orange. Ho har gjeve den navnet Chicken Litle.
Eg tok og googla levealder på silkehøner og kom fram til at dei kan verte ti år gamle. Så her kan det bli årevis med moro og produksjon av egg.