torsdag 24. november 2022

Landet til dei levande

Eg sit og skriv på tampen av kirkeåret.  Det er 24. november. Førstkomande søndag er det første søndag i advent som er starten på det nye kirkeåret.

I den katolske kalendaren er november ein månad der ein har større fokus på dei som har gått forut for oss ut av denne verda, dei som er døde. Spesielt første veka i november, med alle-helgens-aften (halloween), alle-helgens-dag og alle-sjelers-dag, på mandag, tirsdag og onsdag. 

Desse dagane og denne månaden minnes vi våre kjære som er døde. For meg personleg gjeld dette ein bror, Per Arne som var mammas førstefødde og som døde rett etter fødselen i 1951,  pappa Sverre som døde i ei gravemaskinulykke i 1973 då eg var 15 år gamal, mamma Oline som døde i 2018, og svigermor Synnøve som døde i august no i år.  

Som alle andre levande nærmar eg meg døden eg også. Eg er nermare idag enn eg var i går for å sei det sånn. Slike ting kan være tungt å tenke på, vi vil no helst leve. Leve, le, oppleve, nyte, ete god mat, lage noko fint, plante eit tre, oppnå noko, nå eit mål, halde rundt nokon, gråte til ein gripande film, få fisk på kroken, ligge i lyngen, sjå på kråkene og så vidare. Fill in the blanks.

Vi vil no helst leve, sjølv om det ikkje alltid er så enkelt, sjølv om det er krig og elendigheit ikkje så langt borte frå oss, sjølv om sjukdom, pandemiar og andre plager treff oss, sjølv om  . . .  

Vi vil no helst leve, og vi vil no helst ha det godt. Ha eit godt liv midt opp i alt.

Eg har vorte meir og meir glad i salmane i Bibelen. Dei er så jordnære og realistiske, ikkje minst når det gjeld vanskelegheiter, liv og død. I desse salmane (og andre plassar, f.eks. Jes 38:11) har eg kome over ei setning som gjer noko med meg kvar gong eg les den, ei setning som i alle fall for meg nesten viskar ut grensa mellom liv og død, og skaper eit levande brennande håp.

Setninga er; landet til dei levande. Kvar gong eg les denne setninga treff den hjertet og eg vert visjonær. Eg ser eit landskap eg har lyst å gå inn i, eg ser vidder, fjell og blå himmel.

Landet til dei levande
Foto: Dag Knardal

Her er eit eksempel frå ein av salmane, nemleg salme 116, vers 1 til 9:

Eg elskar Herren ,  
for han høyrde mitt rop om nåde. 

Han vende øyret til meg,
eg vil kalla på han alle mine dagar. 

Dødens band snørte seg om meg,
redsler frå dødsriket nådde meg,
eg fann berre naud og sorg. 

Då kalla eg på Herrens namn:
«Å, Herre , berg livet mitt!»

Herren er nådig og rettferdig,
vår Gud er mild. 

Herren vaktar dei uvitande,
han kom meg til hjelp då eg var langt nede.

Kom til ro att, mi sjel,
Herren har svara deg! 

Ja, du har fria mitt liv frå døden,
auget frå tårer og foten frå å snubla. 

Eg skal ferdast for Herrens andlet
i landet til dei levande.

Landet til dei levande slik eg les det, er den himmelske dimensjonen eller Gudsrike-dimensjonen, og det handlar ikkje om dei døde eller "plassen" der dei døde er, men om at i denne dimensjonen er dei døde levande; om livet etter døden som er det kristne håpet, og ikkje minst om å gå inn i denne dimensjonen, landet åt dei levande, medan vi lever det som vi vanlegvis kallar livet. Gå inn i dette landet der vi kan ferdast for Herrens andlet og få ro og fred i sjela. Gå inn i dette landet som fløymer av melk og honning (4. Mosebok 14:8). Det er det vi ber om når vi ber "Fader vår"; 

Lat ditt rike koma.
Lat viljen din råda på jorda
slik som i himmelen.

Og jorda kan her bytast ut med meg eller deg. Lat viljen din råda i meg slik som i himmelen. Lat meg få vandre i landet til dei levande og lat alt det levande, alt det gode og livgjevande som er i himmelen få råde i meg, få prege meg, få lyse opp i mørkret. Lat det fløyme av melk og honning.

Nokre vert kansje tunge til sinns av mørkret i november, når det er krig og uro i verda, når det er sjukdom og motgang, når det er "Black Week" ( 😀) etc. Nokre føler det er mørkt nesten heile tida. Nokre har kansje til og med lyst å slutte å leve.

Eg vil kome med ei oppmoding til alle, anten ein har det ganske bra eller heilt forferdeleg eller noko midt i mellom. Gå inn i landet til dei levande. Det pussige er at dette landet ligg rett framfor nasa på oss alle. Det einaste vi treng er å rope som i salmen; «Å, Herre , berg livet mitt!». Eller noko i den dur. Det skal ikkje så mykje til. Ein treng sikkert ikkje rope heller. Gud høyrer.

Gud er ikkje ein Gud for døde, men for levande (Luk 20:38).



2 kommentarer:

  1. Du skriver så fint, Dag (bortset fra at du staver som en brækket arm, men sådan er det jo med jer deroppe ;-)...) Jeg elsker at læse dine betragtninger, bliv ved med at skrive!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk "Anonym". Eg skal nok skrive meir, men det vert nok på nynorsk og ikkje bokmål (som er nesten dansk) :)

      Slett

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)