2025 er jubelår i den katolske Kirka. Jubelåret starta då pave Frans åpna den heilage døra i Peterskirka på julafta, 24. desember 2024. (Link: Heilage dører).
Eit jubelår er eit spesielt år i Kirka som vanlegvis blir feira kvart 25 år. Jubelåret er eit høve til å fordjupe seg i trua og til å leve sitt kristne vitnesbyrd med fornya engasjement. Biskopane i Norge har i denne samanheng oppfordra folk til å reise på valfart (reise til ein heilag stad/pilegrimstur) i inn og utland.
For meg og Ingrid starta det med valfart til Selja i juni saman med katolikkar frå heile Norge. Så vart vi invitert til å reise saman med våre venner Morten og Ragnhild Egeberg til Roma 10 - 14. oktober, noko vi takka ja til. Morten bestilte hotell, to rom på Guest House Relais Indipendenza.
Eg, Ingrid, Ragnhild og Morten har ein pussig felles historikk. Vi har alle vore Vineyard-pastorar, og har alle blitt katolikkar. Lang historie som eg ikkje skal rippe opp i her, men også ei historie som knyter oss saman på ein spesiell måte.
Eg og Ingrid bestemte oss for å reise eit par dagar før, altså 8. oktober. Vi bestilte to overnattingar på New Generation Hostel sentralt i Roma på grunn av sein ankomst og nattåpen resepsjon. Romet var greit nok, to køysenger, fint bad og vindauge mot bakhagen. Frokost bestod av ein croisant og ein kaffe pr. person. Dette viste seg å bli standard frokost resten av turen.
 |
Vi kosar oss i bakhagen med standard italiensk frokost. |
Torsdag labba vi litt rundt omkring. Då vi nerma oss ei stor kirke såg vi ei stor folkemengde. "la oss gå på andre sida av gata, det er ein demonstrasjon", sa Ingrid. Taxi-sjåføren hadde nemleg snakka om det kvelden før. Ved nermare ettersyn viste det seg å være ei lang kø med folk som skulle besøke denne kirka som viste seg være sjølvaste den pavelege basilikaen Santa Maria Maggiore. Kirka der pave Frans er gravlagd, inne i kirka. Dette viste seg også at det ei kirkene med ei heilag dør, som Morten hadde planar om å besøke. Rett att med Hostellet vi budde i. Flaks. Kjekt.
 |
Selfie med Santa Maria Maggiore i bakgrunnen. |
 |
Plassen framfor kirka heiter Piazza di Santa Maria Maggiore, og på ei høg søyle er der ei statue av nettop Santa Maria, altså Maria møy som vi seier i trusvedkjenning. |
 |
Som om ikkje det var nok fann vi denne i ein av gangane på hostellet! Det skulle etterkvart vise seg at Maria med Jesusbarnet dukka opp over alt i heile byen.
|
Etter dette traska vi rundt. Det vart etter kvart både pizza og pasta, ny overnatting, ny italiensk frokost før vi sjekka ut, tok med oss ryggsekkane våre og tok til å gå mot vå neste bustad, nemleg Guest House Relais Indipendenza. Dette hotellet viste seg å mangle resepsjon (og frokost), så eg gjekk inn på bestillinga og fann eit telefonnummer som eg ringte. Ein hyggeleg kar med grei engelsk svarte. Han ba oss vente 40-50 minutt, han var nemleg ikkje på hotellet akkurat då. Dermed fann vi oss ein plass i skyggen og bestilte nokre forfriskningar. Så ringte hotellverten og slapp oss etterkvart inn. Vi fekk nøklar, betalte og installerte oss på romet. Greit rom. Høgt under taket. Liten altan mot gata.
Av ein eller annan grunn har eg ikkje eit einaste bilde hotellet verken frå innsida eller utsida. Anyway, etterkvart ankom Morten og Ragnhild og vi gjekk ut og åt oss ein betre middag.
Laurdag vart det bestemt at vi skulle besøke basilikaen Santa Maria Maggiore til tross for at vi åtvara mot lange køer og mykje venting i sola. Så vi traska i vei. Eller traska og traska, vi langa ut. Ragnhild er nemleg svært kjapp i ganglaget. Undervegs tok vi ei kjapp pause på ein kaffebar og fekk i oss dagens frokost, croissant og cappuccino. Så langa vi ut mot basilikaen. Og ja, køa var lang.
 |
Pilegrim-selfie i køa. Bildet får desverre ikkje med kor lang køa.
|
 |
Medan vi stod i kø dukka dette motivet opp. |
Etter ein litt treig start tok køa til å røre seg raskare. Så stoppa det litt opp, så raskare igjen og vi skjøna at folk vart slept inn puljevis.
 |
Vi nermar oss. |
Etter å gått gjennom sikkerheitskontrollen og vidare mot inngangen dukka den heilage porten opp. Heile køvandringa tok berre 40-50 minutt.
'Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite. '
Johannes 10:9
 |
Ingrid nermar seg den heilage porten, porta santa.
|
Inn gjennom porta santa.
Trykk på firkant nede til høgre for å få fullskjermvisning.
Inne i kirka
 |
På veg inn passerte vi pave Frans sin grav. Enkel og fin. |
På veg inn kunne vi høyre vekselsongen frå eitt av sidekapella. Vakker song. Eg kunne kjenne i heile meg at Gud var nær og tårer pressa på. Ei sterk oppleving.
 |
Vi sette oss ned, bad og mediterte. Av og til høyde vi eit shhhh, og då vart det heilt stille ei stund, heilt til neste shhhh. Eg og Morten nytta høvet til gå til ein av skriftestolane for engelsk språk og vart møtt av ein hyggeleg gamal prest. |
 |
Alteret. |
 |
Bak alteret. |
 |
Under alteret. |
 |
Ein gedigen sidesal. |
 |
Taket i sidesalen. Ikkje særleg minimalistisk. Gud til ære! |
Etter denne store opplevinga var det tid for lunsj, kjapp gange gjennom Romas gater mot hotellet, siesta på romet og så ut for ein middag etter at mørkret hadde senka seg.
Søndag stod vi opp relativt tidleg. Planen var å få ein brukbar plass på Petersplassen for dagens messe. Google maps fann kjappaste gangrute, ca. 1 times gange i vanleg tempo. Med Ragnhild som fartshaldar brukte vi berre litt over ein time inkludert ein stopp for dagen frokost.
 |
Ingrid slo til med pannekaker til frokost. |
 |
Vi nærmar oss. Bru over Tiber-elva. |
 |
Utsikt mot Vatikanet. |
 |
Ingrid nyt utsikta. |
 |
Snart framme. |
 |
Endå nærmare. |
 |
Då var vi der saman med nermare 300000 (!) andre. Det var tjåka fullt som vi seier her heime. |
Her må eg skrive litt om atmosfæren. Å være der saman med så mange katolikkar frå heile verda og kjenne på at her høyrer eg til og no er eg i sentrum, vel det det var ei kjensle som er vanskeleg å skildre med ord. Frå å være bygdekatolikk, ein noko einsam tilstand, til å stå der i menneskehavet og vite at vi er ein del av den store, verdensvide, universelle katolske Kirke med stor K var stort, godt og vakkert.
Nå vi i tillegg tenker på Paulus var her i Roma for snaert to tusen år sidan, at han skreiv brevet til Romarane samt at Peter var her, den første paven, den første biskopen i Roma, samt alle dei som frå då til no har valfarta hit, ja nei då blir heile greia eksepsjonell for å seie det mildt.
Folkehavet
Så starta messa. Til trass for at alt bortsett frå nokre av tekstlesingane var på italiensk var det lett å følge med. Liturgien er akkurat den same som heime og ved å bruke den norske iphone appen Katolsk kunne vi lett ta del i messa.