torsdag 25. desember 2025

Jul i Houston: Dobbel julefeiring

Så vart jul i år også. Ei annaleis julefeiring. Vi køyrde i halv elleve tida om morgonen 24 desember til Briseño-residensen, huset til Tommy og Cindy, foreldra til Eric. På dette tidspunktet var klokka 16:30 i Norge.

Første julefeiringa, 24 desember

Ankomst. Eric køyrde to gongar for å få med alt pikkpakk, gaver og mat. Vi hadde med ingrediensar til å lage julegraut og julemiddag på nokonlunde norsk vis.

Då vi kom inn lukta det nyvaska. Treet var pynta og vi tok til å legge pakkane på plass.

Julestrømper over gasspeisen.

Julekrybba var på plass.


Så vart frokosten servert. Belgiske vafler med lønnesirup og smør, eggerøre og bacon, ei slags pølsekarbonade, blåbær, bjørnebær og jordbær, kaffe og juice. Rikeleg med kaloriar. 

Etterpå såg vi på den Tjekkiske, fantastiske julefilmen "Tre nøtter til Askepott" på NRK. Eg var heilt med og såg heile filmen. Etterkvart vart det grautkoking. Med mandel.

Filippa elskar dyr. Heilt sidan vi kom har ho hinta om at ho har ekstremt lyst på ein hamster. Vel, så dukka det opp eit tilbod på hamsterar, 40% avslag. Dermed vart hintinga intensivert. Foreldra lot som om dette kanskje ikkje var aktuelt, men hamster vart kjøpt og skjult heilt til no.


Filippa får hamster. Del 1.

Filippa får hamster. Del 2.


Så var grauten klar. Eg var så fokusert på graut og kefir at det vart dårleg med bilder. Karl fann mandelen på første forsøk med skeia, så det vart ingen bilder av det.

Vi kosar oss med risengrynsgraut og kefir.


Så satte vi igang med julemiddag. Pinnekjøt var ikkje å oppdrive i Houston. Vanlegvis har sjømannskirka hatt noko for salg, men ikkje i år. Så starta vi med research på svineribbe og det nermaste vi kom var noko dei kalla "Pork belly", med svor men med beina fjerna. Vi kjøpte eit stort stykke på Costco og eg ruta opp svoren, salta og peppra etter beste evne to dagar før julaftan og la stykket i kjøleskapet.

Her er "svineribba" før steiking.

Ingrid, Helga og eg fekk steika i ovnen. 45 min. på 230 grader med sølvfolie over og 2x45 min på 200 grader utan sølvfolie. Vi håpte på det beste. Vi har laga svineribbe før, men ikkje så ofte. Vi var også litt usikre på denne "Pork belly"-en, om det ville funke. Så tok vi til å skrelle poteter og kutte opp rabber til rabbestappe. Ferdig surkål var innkjøpt og skulle berre varmast opp. Tyttebærsylte hadde vi funne (lingonberry) og teke med. Ingrid laga brunsaus. Mot slutten av prosessen fekk eg beskjed om at eg kunne forlate arenaen. Oppkutta gulrøter og svisker vart putta inn ved sidan av steika dei siste minutta. Etter steikinga kvilte steika i minst 45 minutt. Det vart nok lenger tid fordi det tok litt tid å samle alle rundt bordet.

Svineribba smakte fantastisk, og svoren var sprø. Eg var litt for oppteken av eting, og gløymde å ta bilder av heile gjengen. Men alle likte maten :).

Etter middag vart det slaraffenliv resten av dagen.

Andre julefeiringa, 25 desember

Vi stod opp i åtte-ni tida, gjekk inn på stua og sa "Merry Christmas" til dei som var der. No var vi klar for amerikansk julefeiring. 

Eg tok meg ein tur ut i bakhagen og las dagens Laudes og fekk såleis ein god start på dagen.

Etter litt hadde Cindy laga istand ein frokost beståande av små tacolefser som vi la eggerøre blanda med små pølsebitar i. Vi heiv innpå saman med nytrakta kaffe trakta på ferskmalte bønner av Starbuck sin julekaffi. Smakte godt. Etterpå serverte ho ein "desert" som likna litt på eplekake og iskrem. Nam nam.

Desert.

Så er det åpning av julegåver. Eit himla styr som vanleg. Det uvanlege er at det skjer om morgonen og at det 25 grader ute.

Åpning av gaver.

Filippa har fått nærkontakt med hamsteren Strawberry Hazel. Midt i gavesermonien skulle Filippa ta Strawberry ut av buret. Den var borte! Filippa og Helga leita og leita i sagmasken i buret, men den var borte. Vi såg for oss at det vesle dyret no kunne være kvar som helst i det store huset. Plutseleg såg Filippa at hamsteren stod innmed veggen rett att med der buret hadde stått. Etter ein kjapp Filippa-manøver vart hamsteren "fanga" og alt var under kontroll igjen. Dagens høgdepunkt spør du meg.

Filippa og Karl fekk kvar sin overdimensjonerte kose-jakke.

Eg stilte i kledeleg julegrønt frå Felleskjøpet :)

Etter utpakkinga trekte eg meg tilbake til soverommet for å skrive blogg. No går det i basketball på TV og så blir det skinkesteik etter kvart.

God Jul folkens. 

Helsar med dagens tekst frå Laudes:

'Mange gonger og på mange måtar har Gud i tidlegare tider tala til fedrane gjennom profetane. Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. '

Hebrearane 1:1-2


søndag 14. desember 2025

Jul i Houston: Kjøpesenter

Sist eg skreiv handla det om noko hyggeleg. Juletreskogen. Det var hyggeleg, koseleg og god atmosfære. Men livet er ikkje alltid hyggeleg. Livet kan også ha innslag av lidelse. Denne gongen vil eg fortelje om kva vi gjorde på fredag. Det var ikkje fredag den trettande, heldigvis, men tolvte. Helga og Ingrid hadde planar om å besøke eit kjøpesenter i The Woodlands. 

Heilt frivillig sa eg at eg "ville" være med. Frivillig lidelse. Eg ville ikkje, eg valgte.

Etter ein lang køyretur, inkludert ein stans på ein bilvask-stasjon, var vi framme ved monsteret. Eit gedigent monster av eit kjøpesenter. Eg stålsatte meg og gjekk inn ei av inngangsdørene, og vart møtt av tre ansiktslause dukker med dress.

På veg inn.

Eg kika på nokre dongeribukser rett etter inngangen. Dei kosta 2000 kroner. Det var det siste eg kika på i løpet av dei vel to timane eg var der inne. Vi spreidde oss og eg labba vidare. Så seig det innover meg, ei ekkel kjensle. Kjøpesenterkjensla. 

La meg forklare. Eg har aldri likt kjøpesenter. Eg trur det har noko med visuell støy, mykje folk og heile ideen om såkalla shopping som eg reagerer psykisk på. Små kjøpesenter, som i Ørsta går rimeleg greit, spesielt vist det er noko spesifikt eg skal ha, altså ei planlagt, målretta investering. Moa derimot likar eg ikkje. 

Dette kjøpesenteret er mykje verre en Moa. Ein ting er den visuelle støyen som er voldsom. Ein annan ting er lydane. I heile kjøpesenteret blir det spela ein slag pompøs jule-musak, og kvar gong eg gjekk forbi ein butikk så hadde dei sin eigen musikk som strøymde ut og blanda seg med jule-musaken og laga eit atonalt, grautete og kvalmande lydbilete. Når dette igjen blanda seg med stemmene til høglytte amerikanarar som tilsynelatande hadde hatt i seg litt for mykje Møllers tran eller Red Bull, så vart det ikkje til å halde ut.

Heldigvis var det ikkje så mykje folk denne fredagen, ifølge Eric som også var med. Laurdagane er det visstnok proppfullt.

Til tross for min lidelse greidde eg å knipse nokre bilete som på ingen måte fangar opp stemninga.

Kjøpesenter.

Apple Store. Her kunne eg faktisk ha gått inn vist eg skulle ha noko.
Men det skulle eg ikkje. Det kom heller ikkje støyande musikk frå denne butikken, så det var bra.

Kjøpesenter.

Kjøpesenter.

Kjøpesenter.

Etter kanskje 20 minutters vandring traff eg på Ingrid. Ho hadde funne ei julegåve frå meg til ho. Vi gjekk saman til butikken og eg kjøpte gåva. Då hadde eg gjort mitt. Eg hadde kjøpt noko på eit kjøpesenter.

Etterpå fann eg ein plass litt unna støyen og eg sette meg ned for å spele sudoku på mobilen. Eg er slik laga at når eg tenker så blir eg nesten døv. No gjalt det å utnytte denne eigenskapen til det fulle. Eg vart sitjande der i godt over ein time og spele sudoku. Det hjalp litt, men atmosfæra var vanskeleg å riste av seg. Den hadde festa seg i kroppen.

Ein likesinna som eg traff på.


Nokre andre som prøver å kome til hektene.

Vi hadde avtalt å ete mat i to-tida, så eg tok etterkvart å bevege meg mot eit område i kjøpesenteret, ein såkalla "food court", der fleire matsjapper er samla i ring i eit stort område. På mi første runde hadde eg registrert at Burger King var ei av sjappene. Ingrid kom og sa eg berre kunne bestille. Eg gjekk og kjøpte meg ein " Whopper Cheese Menu - medium size" og satte meg ned og åt.

Etter kvart kom Helga og Erik som saman med Ingrid valgte "Mexican street food" og satte seg utanfor den sjappa.

Maten smakte litt godt i starten, men eg vart etterkvart prega av kvalmen som atmosfæra påførte meg. Eg greidde til slutt å presse i meg heile greia.



Food Court.

Etterpå gjekk eg bort til Ingrid og dei og sat der til dei hadde fått i seg maten. Så gjekk vi derifrå og ut. Eg tok eit djupt andedrag då vi kom ut og kjente på ein lettelse. Men kjensla av lidelsen sat i kroppen resten av dagen. Eg overdriv ikkje berre så det er sagt.

Det finst sikkert ei diagnose for slikt, men for meg er det ikkje noko problem. Det er berre å unngå kjøpesenter, i alle fall dei store og støyete, så går det heilt greit.

Neste gong skal eg skrive om noko koseleg.

mandag 8. desember 2025

Jul i Houston: Juletreskogen

Så er vi tilbake i Texas for å bli med på julefeiringa her. Opprinneleg plan var at Helga og dei skulle kome til Rovde, men det vart alt for dyrt. Så vart det til at pensjonistane la ut på ny tur. Enkelt for pensjonistar som er fri og frank.

I skrivande stund har jet-laggen gitt seg, det er søndag. Helga og Eric er på jobb i Lakewood Church. Filippa og Karl er heime og leikar på loftet. Ingrid sit i sofaen og lagar eitt eller anna og høyrer på lydbok medan eg nettop har sett 10 km skøyte-skirenn i Granåsen, individuell start for kvinner og menn.

Det eg no vil skrive litt om, er noko som skjedde igår; turen til juletreskogen. Skogen ligg 5 min med bil frå huset "vårt". Eller skrive og skrive, det vert mest filmar og foto.



Ved inngangen til juletreskogen.


Klar for trejakt.

På leiting etter eit fint og passande tre. Vi har med målestang.

Då har vi funne eit tre, så då er det berre å sette igang og sage.

Det måtte litt meir krefter til.

Mission almost completed.



Då har vi lagt treet ved veikanten med navnelapp på, klart for staben til henting og "pakking".


Så gjekk vi til eit hus som var bygd rundt eit digert tre.

Utsikt over juletreskogen.

Ingrid, Karl og Filippa.

Karl og Filippa.

Mannan med målestanga.

Selfie på toppen. Jauda, vi har altså like T-skjorter der det står "Cabin Crew" på. Desse fekk vi ved ankomst på flyplassen onsdag.



Vakkert.

Vakrare.



Og så var der ei reie (som vi kallar det på Rovde) som måtte prøvast.



Yoho!


Så er det min og Ingrid sin tur.

Yoho!


Eg får ein ide om hoppe av i fart . . 

. . . med det resultatet at Ingrid ramlar av og slår baken ned i ein stein. 
Ho fekk skikkeleg vondt!



Koseleg å gå rundt.

God stemning og ein cowboy.


Ein tur på Bakery for å kjøpe kaffe, brus og kjeks.


Vi slappar av ved ei diger bålpanne og kosar oss med kaffi og brus.

Helga på ein kubenk.

Ingrid på ein hestebenk.

Her er det hopping i høyet. Dette vekte opp gode barneminner.



Så har vi fått treet på taket. Det vart surra fast etter at bildet vart teke.

Klar for heimtur.

Så er treet montert i juletrefoten.

Og vips så var lys og julepynt på plass.

Dette var rett og slett ei god oppleving, for det meste. Ingrid fekk eit smertefullt møte med moder jord, men det ser ikkje ut som ho får varige mén. Vi fer nok innom juletreskogen ein gong til, utan å hente tre sjølvsagt. Vi avslutta laurdagen med å sjå "Skal vi danse".