Sist eg skreiv handla det om noko hyggeleg. Juletreskogen. Det var hyggeleg, koseleg og god atmosfære. Men livet er ikkje alltid hyggeleg. Livet kan også ha innslag av lidelse. Denne gongen vil eg fortelje om kva vi gjorde på fredag. Det var ikkje fredag den trettande, heldigvis, men tolvte. Helga og Ingrid hadde planar om å besøke eit kjøpesenter i The Woodlands.
Heilt frivillig sa eg at eg "ville" være med. Frivillig lidelse. Eg ville ikkje, eg valgte.
Etter ein lang køyretur, inkludert ein stans på ein bilvask-stasjon, var vi framme ved monsteret. Eit gedigent monster av eit kjøpesenter. Eg stålsatte meg og gjekk inn ei av inngangsdørene, og vart møtt av tre ansiktslause dukker med dress.
![]() |
| På veg inn. |
Eg kika på nokre dongeribukser rett etter inngangen. Dei kosta 2000 kroner. Det var det siste eg kika på i løpet av dei vel to timane eg var der inne. Vi spreidde oss og eg labba vidare. Så seig det innover meg, ei ekkel kjensle. Kjøpesenterkjensla.
La meg forklare. Eg har aldri likt kjøpesenter. Eg trur det har noko med visuell støy, mykje folk og heile ideen om såkalla shopping som eg reagerer psykisk på. Små kjøpesenter, som i Ørsta går rimeleg greit, spesielt vist det er noko spesifikt eg skal ha, altså ei planlagt, målretta investering. Moa derimot likar eg ikkje.
Dette kjøpesenteret er mykje verre en Moa. Ein ting er den visuelle støyen som er voldsom. Ein annan ting er lydane. I heile kjøpesenteret blir det spela ein slag pompøs jule-musak, og kvar gong eg gjekk forbi ein butikk så hadde dei sin eigen musikk som strøymde ut og blanda seg med jule-musaken og laga eit atonalt, grautete og kvalmande lydbilete. Når dette igjen blanda seg med stemmene til høglytte amerikanarar som tilsynelatande hadde hatt i seg litt for mykje Møllers tran eller Red Bull, så vart det ikkje til å halde ut.
Heldigvis var det ikkje så mykje folk denne fredagen, ifølge Eric som også var med. Laurdagane er det visstnok proppfullt.
Til tross for min lidelse greidde eg å knipse nokre bilete som på ingen måte fangar opp stemninga.
![]() |
| Kjøpesenter. |
![]() |
| Apple Store. Her kunne eg faktisk ha gått inn vist eg skulle ha noko. Men det skulle eg ikkje. Det kom heller ikkje støyande musikk frå denne butikken, så det var bra. |
![]() |
| Kjøpesenter. |
![]() |
| Kjøpesenter. |
![]() |
| Kjøpesenter. |
Etter kanskje 20 minutters vandring traff eg på Ingrid. Ho hadde funne ei julegåve frå meg til ho. Vi gjekk saman til butikken og eg kjøpte gåva. Då hadde eg gjort mitt. Eg hadde kjøpt noko på eit kjøpesenter.
Etterpå fann eg ein plass litt unna støyen og eg sette meg ned for å spele sudoku på mobilen. Eg er slik laga at når eg tenker så blir eg nesten døv. No gjalt det å utnytte denne eigenskapen til det fulle. Eg vart sitjande der i godt over ein time og spele sudoku. Det hjalp litt, men atmosfæra var vanskeleg å riste av seg. Den hadde festa seg i kroppen.
![]() |
| Ein likesinna som eg traff på. |
![]() |
| Nokre andre som prøver å kome til hektene. |
Vi hadde avtalt å ete mat i to-tida, så eg tok etterkvart å bevege meg mot eit område i kjøpesenteret, ein såkalla "food court", der fleire matsjapper er samla i ring i eit stort område. På mi første runde hadde eg registrert at Burger King var ei av sjappene. Ingrid kom og sa eg berre kunne bestille. Eg gjekk og kjøpte meg ein " Whopper Cheese Menu - medium size" og satte meg ned og åt.
Etter kvart kom Helga og Erik som saman med Ingrid valgte "Mexican street food" og satte seg utanfor den sjappa.
Maten smakte litt godt i starten, men eg vart etterkvart prega av kvalmen som atmosfæra påførte meg. Eg greidde til slutt å presse i meg heile greia.
Food Court.
Etterpå gjekk eg bort til Ingrid og dei og sat der til dei hadde fått i seg maten. Så gjekk vi derifrå og ut. Eg tok eit djupt andedrag då vi kom ut og kjente på ein lettelse. Men kjensla av lidelsen sat i kroppen resten av dagen. Eg overdriv ikkje berre så det er sagt.
Det finst sikkert ei diagnose for slikt, men for meg er det ikkje noko problem. Det er berre å unngå kjøpesenter, i alle fall dei store og støyete, så går det heilt greit.
Neste gong skal eg skrive om noko koseleg.




























