torsdag 20. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 8

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Onsdag 19. mars

Idag var Eric på heimekontor. Helga tok buss til jobb. Dermed hadde eg og Ingrid tilgang på bil, og vi bestemte oss for ta oss ein tur til Tomball, favorittplassen vår. Vi skippa treninga, fordi vi hadde litt smerter her og der etter litt for hard springing dagen før.

Ingrid køyrer, eg brukar google maps.

Ingrid i Tomball

Nokre hus

Inne på ein bruktbutikk. Turisten i speilet.

Lunsj på favorittplassen vår, Fire Ant Brewing Company. Bryggeri med restaurant. Eg smakte på ein av dei mange ølsortane dei lagar medan sjåføren drakk cola. Vi bestilte noko vi tenkte var ein lett lunsj, ein porsjon delt på to, men med rikeleg med ostesaus vart det heftig nok.

Moro i Tomball

Det er mykje kablar på kryss og tvers.



Eit typisk tre her i Texas, med lange greiner som strekker seg utover og lagar skuggefulle områder.

I morgon startar prosjektet "ny trampoline".

Det var alt frå ville vesten i denne omgang.

onsdag 19. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 7

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Tirsdag 18. mars

Då har det snart gått ei veke!

Idag var Eric på jobb i kirka, ungane på skule, og Helga hadde heimekontor.

Helga hadde ei periode tekniske problem med heimekontor-systemet, så då vart vi sitjande i garasjen og snakke om livet. Kjekt, ikkje minst for Helga som er litt underernært på å snakke norsk.

Vi sit å pratar. Ein litt vindfull dag og deilig å sitje i garasjen.
Ingrid strikkar sjølvsagt.


Ellers var det ikkje så mykje som skjedde så då kan det passe å skrive litt om vannavløpsystemet i byggefeltet. Området er flatt, nermast paddeflatt, og det kan til tider bøtte ned enorme mengder med regn. 

I 2017 kunne ein lese på NRK sin heimeside:
"Orkanen Harvey har truffet Houston med uovertruffen styrke, men for millionbyen er det bare den siste i en lang rekke oversvømmelser som har rammet byen." 

Frå flommen i 2017.

Difor, når dei planlegg nye byggefelt, er det viktig å sørge for at alt vatnet får ein plass å renne. Difor er heile byggefeltet omringa av store djupe kanalar som kan ta imot vatnet frå gatene.

1. Vatnet renn først gjennom desse åpningane som det er mange av , i alle gater.

2. Vatnet frå desse åpningane renn så i store rør ned desse åpne kanalane.
Størrelsen på kanalen kjem ikkje heilt fram på bildet, men her er det store dimensjonar.

3. Vatnet hamnar så i denne kunstige innsjøen.

Fjerde fase, som eg ikkje har bilde av, er at vatnet blir pumpa inn i eit stort renseanlegg som ligg inne i skogen ved byggefeltet. Her vert altså vatnet rensa slik at det kan brukast som drikkevatn.

Så langt har vi nesten ikkje hatt regn, berre litt om natta ein av dagane. Like greit.

Ut på dagen kom ungane heim frå skulen:

Cindy henta og bringa ungane i sin Tesla :)

Karl hadde med seg ein lapp frå skulen som han las opp til meg :)

Ingrid laga heimelaga pizza som alle likte.
Så såg vi på TV, barnefilmar før leggetid, og diverse norske program etterpå.
Nok ein storarta dag.


tirsdag 18. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 6

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Mandag 17. mars

Dagens helgen er Den hellige Patrick av Irland (~389-461) (sjekk ut linken om du vil vite meir om han). Her kallar dei dagen St. Patrick´s day og den blir feira på ymse måtar, men handlar vel mest om øldrikking. Ungane hadde faktisk fri frå skulen i samband med feiringa, men Helga og Eric var på jobb, på heimekontor. 

Vi gjorde ikkje så mykje ut av feiringa her.
Det vart ein ganske vanleg dag i sola, samt trening og faste rutiner.

Slike vanlege dagar går eg gjerne rundt i nærområdet og kikar på ting og tang. Med nærområdet meinar eg innanfor grensa til byggefeltet. Å bevege seg utanfor byggefeltet er ikkje tilrådeleg. Byggefeltet er lokalisert ute på bygda, omgitt av gardar, farmar, ranchar. Vi høyrer stadig kyr som rautar. 

Her er nokre observasjonar frå mine rusleturar:

Bak bakgården der vi bur

Litt av kvart

Baker Cementery, ein privat gravplass. Sist vi var her traff eg på ein
hyggeleg eldre kar her som eg kom i prat med. Det viste seg å være
Mr. Baker himself og han fortalte litt om Baker familien.

Ei typisk eldre poskasse, slik som vi ser i Donald.

Her bur Mr. Baker

Ein falma advarsel, men tydeleg nok til å ikkje åpne grinda og gå vidare.

Ut på dagen vart det avtalt med Erics foreldre at vi skulle møtast på restauranten Texas Roadhouse i seks tida. Texas Roadhouse serverer kjøt, mest raudt kjøt, biff, men også spare-ribs. Dette med store saftige biffar er typisk Texas.



På veg til Texas Roadhouse

Texas Roadhouse



Ankomst


Cindy, Eric, Helga, Ingrid og Tommy.
Vi ventar på bord.

Eit utvalg raudt kjøt i ymse størrelsar

Vi studerer menyen og bestiller


Baren


Moskus på veggen

Maten er servert

Karl og bestefar



Heimkomst



mandag 17. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 5


Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Søndag 16. mars

Nok ein slaraffendag. Tid til ettertanke. Helga og Eric reiste på jobb grytidleg og hadde med seg Karl. Filippa vart heime fordi ho hadde fått ein allergisk reaksjon av eitt eller anna slag og var hoven rundt augene. Når ho stod opp såg vi at det var mykje betre, og ut på dagen var det heilt vekk.

Filippa er eit fredeleg vesen når ho er åleine. Ho trives tydeleg i sitt eige selskap. Ho styra med eitt eller anna oppe på loftet i timesvis. Av og til høyrde vi tralling og synging der oppe. Koseleg.

Vi høyrde søndagens tale til Erik Varden, biskop for Trondheim prosti. Som vanleg var det knallbra.

Appropo Varden. I fastetida brukar eg å lese ei passande bok kvart år. I år valgte eg Vardens bok "Healing Wounds". Boka er ein refleksjon eller meditasjon fokusert på Jesu kropp. Det eg har lest så langt er veldig bra, djupt, inspirerande, oppløftande og så vidare. I tillegg har Varden eit stort ordforråd. Eg må stadig slå opp i ordboka. No har eg til dømes lært at gibbet er galge på norsk og atrocious er grusom. Orda vart i brukt i nokre setningar om korset og korsfestelsen.


Slik ser boka ut.


 Ut på dagen baka Ingrid bollar. Alltid like populært.


Ferske bollar. Flaska til venstre kjøpte vi i Amsterdam.
Gave til Eric. Han likar å ta seg ein knert med whiskey av og til.


Donald Jump

For nokre år sidan dikta eg opp ein figur som heiter Donald Jump. Donald Jump var svært aktiv og hoppa på trampoline saman med ungane, noko som førte til kraftig gangsperre og smerter i ryggen. Men denne figuren har festa seg i minnet til ungane, og det har resultert i eit stadig mas om at Donald Jump skal bli med å hoppe. Så langt har eg vore avvisande til dette, men eg må vel trø til snart. Med litt beherska hopping. Men ungane hoppar. Her er eit videoklipp med Filippa i aksjon:





 


"Jet lag"-en (døgnvill) er i ferd med å gi seg.

Vi nyt dagane. Storkosar oss!



søndag 16. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 4

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Laurdag 15. mars

Laurdag vart ein avslapningsdag. Det var varmt, 28 grader på det varmaste, men ein frisk bris med kuling i kasta gjorde at det var deilig å sitje ute, midt i sola. Det var duka for å bli solbrent. Og det blei vi. Ikkje kritisk, men lett solbrente. Ingrid mest.

Den einaste planen vi hadde for dagen, ved sidan av morgonrutinene, trimtur inkludert, var å køyre til The Arbor Gate, eit gartneri i Tomball, for å kjøpe eit frukttre. Dagens trimtur var forøvrig av det litt hardare slaget, nemleg intervall-trening. 

Bildebevis 1

Bildebevis 2

The Arbor Gate er sjølvsagt stort etter norsk målestokk, og har ein god del eksotiske uteplanter som ikkje hadde tålt ein norsk vinter, sjølv på vestlandet. Problemet her er meir at dei må tåle sommaren, som er intens varm. Difor var mange av plantene merka med info om dei tålte å stå i sola eller om dei måtte stå litt i skuggen.

The Arbor Gate

Krukker

Nokre amerikanarar på handletur

Eg og Filippa.
Karl skulle være med men hadde fåt eit rusk i eine auget.

Herbs - Urter

Vi ser på frukttre

Eric og Helga har ein stor backyard (området bak huset) med stort potensiale. Førebels har dei kun planta eit ferskentre. Vi såg på ymste tre; epletre, plommetre, pæretre, fikentre, oliventre, grapefrukttre, sitrontre, mandarintre etc. etc. Vi bestemte oss for å kjøpe eit lite appelsintre.

Her er ferskentreet som vart planta i fjor.

Her er det nye appelsintreet.


Alle la seg tidleg denne kvelden bortsett frå meg som vart sitjande å sjå eit program på MAX om norske hillbillys. Sprø gjeng.


lørdag 15. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 3

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

14. mars

Vakna med gangsperre. Tidleg.

Gjekk gjennom morgonrutinene: 

Frokost
Nokre greier i samband med fastetida.
Treningstur før det blei for varmt ute.

Fastetida

Når ein er katolikk er det nermast umuleg å ikkje få med seg at no er det fastetid. Fastetida som er ei førebuing til påska, ei tid der vi blir oppmuntra til til ein skjerpa fokus på det vi trur på. Kva er det vi gjer? Det blir vi oppmuntra til å halde for oss sjølve :)

Tur til HEB i Tomball

Vi handlar vanlegvis daglegvarer på HEB i Tomball. Omlag 10-15 min å køyre heimafrå. På vegen fylte vi bensin. Vi fylte ni gallon og betalte 30$. Det blir kr. 9,40 pr liter. Dei klagar på at bensinen har blitt dyr dei siste åra.

HEB kan absolutt ikkje samanlignast med Nærbutikken på Rovde, og heller ikkje med dei største butikkane eg har besøkt i Norge. Den er gedigen.

Eit glimt frå eit hjørne i HEB. Alskens frukt i lange baner.
By the way, grønt og frukt er svært billig samanligna med Norge.


Vi avslutta dagen med å besøke Eric sine foreldre som bur fem minutt (med bil) heimafrå. Dei heiter Tommy og Cindy. Cindy inviterte oss på middag tidlegare på dagen. 

Her bur Tommy og Cindy

Inne i huset

Vi fekk servert ørret med diverse tilbehør.
Det smakte fantastisk. Takk Cindy.

Ingrid og Helga gaflar i seg.


Det var den dagen.

Vil avslutte med eit bilde av ein eldre herremann som bur hos Helga og Eric.
Han heiter Louie og er mest oppteken av mat og soving.

Louie held seg nær Ingrid på kjøkenet og håpar på nokre godbitar.


fredag 14. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 2

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

13. mars

Vakna først i tre tida, så i fire tida, så av og på fram til klokka nerma seg seks. Då hadde Ingrid også vakna, og vi stod opp. Heime var klokka tolv. Så vart det kaffikoking og ein lett frokost. Etter kvart stod Eric og Helga opp, gjorde seg istand og reiste på jobb. Begge jobbar i Lakewood Church, som er eit kapittel for seg sjølv (skal skrive meir om det seinare). Så vakna Karl og Filippa som har "spring break" frå skulen denne veka.

Ingrid hadde kjøpt med seg ei kokebok; "Kaptein Sabeltann - Matskatter fra de syv hav", og bestemte seg for å lage "Hjemmelava Vulkanfrokost"

Frå boka

Ingrid sine eksemplar

Jauda, frokosten falt i smak den, og til lunsj seinare på dagen testa eg og Ingrid ut retten med bacon attåt. Nam nam :).

Trening

Eg og Ingrid har satt oss eit mål for turen. Det er gå ein lang trimtur (nesten) kvar dag. Byggefeltet her er omringa av djupe kanalar som er kobla saman med avløp frå gatene og nokre kunstige innsjøar. Skal kome tilbake til dette. Ein fin trimtur er å gå rundt dei kunstige innsjøane. Det blir stort sett flatmark, så vi må ha litt tempo for å få opp pulsen. Det var også litt springing innimellom.

Så for å skryte litt. Eg gjekk to turar Ingrid gjekk ein. Vi veksla på fordi vi passa ungar.

Her er resultatet:

Dag, tur nr. 1, 3,59 km

Dag, tur nr. 2, 4,35 km

Ingrid, 3,85 km.


Eg kunne sjølvsagt teke med informasjon om puls og oksygenopptak underveis, men nei, løype og lengde får halde.

Vel, dagen gjekk sin gang og ut på ettermiddagen tok vi til å kjenne på jetlaggen. Ungane holdt på med ymse aktivitetar og styra seg stort sett sjølve.

Filippa bles opp eit lite badebaseng og tappa i vatten.
Dette er i "back yard"-en  som eg vil skrive meir om seinare.





Her er ein film av Karl med eit artig framkomstmiddel. Dette
er nedom huset på framsida.


Denne dagen hadde Helga eit middagsynskje. Vi hadde nemleg kjøpt med fleire posar med diverse Toro gryterettar. Vi kjøpte dei på tilbud på Nærbutikken på Rovde. Ikkje akkurat kortreist kortreist mat, men det smakte godt med litt fersk avokado og rømme til.

Ingrid lagar Torogryte.


Det vart etter kvart 29 grader ute, og vi trekte oss innandørs.

Eg og Ingrid la oss klokka 10:30 etter at vi hadde sett ferdig finalen av Boksen.

Helga og Filippa stod opp i ett-to-tida og såg på blodmånen.